Frå ordbokdirektør til språkdirektør

– Det var heilt herleg. Slik skildrar Åse Wetås reaksjonen sin etter at ho var blitt tilsett som ny direktør for Språkrådet. Før ho begynner, skal prosjektdirektøren fullføra det siste bandet av Norsk Ordbok.

DRAUMEJOBBEN: Åse Wetås blir ny direktør for Språkrådet. – Det er draumejobben, vedgår prosjektdirektøren for Norsk Ordbok.

Foto: Ola Sæther

Det var 3. juli det blei kjent at Åse Wetås var tilsett som ny direktør for Språkrådet:

– Det var heilt herleg å få vita at eg fekk den jobben, seier ho då Uniforum ber henne om å skildra kva ho følte.  – Det er rett og slett draumejobben for meg. Eg får kombinera dei to tinga som eg likar best å jobba med, både språk og leiing. Med doktorgrad i nordisk og leiarerfaring som prosjektdirektør for Norsk Ordbok var denne stillinga midt i blinken for meg, synest ho.

Melde seg som ugild

Åse Wetås vedgår at ho hadde visst om jobben heilt frå han blei ledig. – Samtidig var eg med i styret for Språkrådet, og difor melde eg meg som ugild då styret hadde oppe den ledige stillinga som språkdirektør.  Sjølv om eg søkte andre ledige jobbar, var det denne stillinga eg hadde mest lyst på, røper ho. Trass i at ho var styremedlem i Språkrådet, trur ho ikkje at det var ein fordel for henne i konkurransen med dei andre søkjarane. – Nei, styreleiar Ottar Grepstad skreiv i pressemeldinga like etter tilsetjinga at eg hadde blitt vurdert minst like strengt som alle dei andre.

Skal følgja opp den norske språkpolitikken

– Kva blir den viktigaste skilnaden mellom deg og forgjengarane dine, Sylfest Lomheim og Arnfinn Muruvik Vonen, bortsett frå at dei er menn og du er kvinne?

– Uansett så vil eg vera den eg er, og derfor forskjellig frå forgjengarane mine. Eg får seia det med røvarane Kasper, Jesper og Jonatan i Folk og røvere i Kardemommeby: Det hadde vore fint å ha eit kvinnemenneske her, når dei omtalar tante Sofie og forstår at ho kan få skikk på ting.  Alvorleg sagt, så meiner eg at eg blei rekruttert på grunnlag av kvalifikasjonane mine, og ikkje fordi eg var kvinne. Det er politikarane som likevel heile tida set rammene for korleis dei språkpolitiske måla skal nåast, så mitt ansvar blir å få Språkrådet til å følgja opp den norske språkpolitikken best mogleg og til glede for flest mogleg.

 

Tvilar på gjennomslag for «jordbærmus»

– Men reknar du med at du vil få fleire spørsmål om kva du meiner om eit ord som «jordbærmus», lansert av Aune Sand, berre fordi du er kvinne?

– Det var ein journalist i VG som redigerer Helt normalt-spalta som skreiv ein tøyseartikkel om Språkrådet og mi haldning til Sands blømande metarforar. Mitt svar til alle som spør, er at eg tvilar på  at «jordbærmus» kjem inn i ordbøkene, for då må dette ordet ha stabilitet over lang tid, smiler ho.

Håpar på god løysing for språksamlingane

Åse Wetås er framleis engasjert i kva som skal bli den framtidige lagnaden for språksamlingane på Universitetet i Oslo.

– Språkrådet har heile tida vore ein ivrig forkjempar for å ta vare på dei. I dag er dei to alternativa å lata dei bli ein del av Nasjonalbiblioteket eller å flytta samlingane til Universitetet i Bergen. Eg håpar det blir ei god og langsiktig løysing for språksamlingane.

– Alle språkdirektørar blir spurde om kva som er deira favorittord. Kva er ditt?

– Dugnad. Det er eit ord som seier at alle er med og gjer litt kvar og trekkjer saman. Slik får me gjort ting som me ikkje ville ha greidd kvar for oss. Dugnad kan også vera overskrifta for arbeidet me har gjort i Norsk Ordbok. Mange frivillige har sendt inn ord og stått på heilt sidan 1931 for at det store verket skulle realiserast.

– Har du fått gratulasjonar frå UiO-leiinga etter at du fekk jobben som språkdirektør?

– Nei, men eg har fått hyggeleg gratulasjon frå min næraste leiar. Uansett så er det gildt å få ein jobb som eg så lystbetont og som handlar om ting som eg verkeleg bryr meg om.

 

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2015 13:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere