Vedtok rehabilitering av Geologisk museum på Tøyen

W.C. Brøggers hus (Geologisk museum) på Naturhistorisk museum på Tøyen skal rehabiliterast for 329 millionar kroner. Det vedtok Universitetsstyret samrøystes i dag.

SKAL REHABITERAST: W.C. Brøggers hus (Geoloisk museum) ved Naturhistorisk museum på Tøyen skal rehabiliterast for 329 millionar kroner. Det vedtok Universitetsstyret i dag.

Foto: Ola Sæther

Universitetsstyret handsama i dag fordelinga av dei samla  løyvingane som UiO reknar med å få tildelt frå Kunnskapsdepartementet etter at statsbudsjettet for 2016 er vedtatt i desember. Så langt er det rekna ut til å bli 5,1 milliardar kroner.

Dei 329 millionar kronene som Universitetsstyret i dag løyvde til rehabilitering av W: Brøggers hus blir fordelte over fire år: med 110 millionar i 2016, 95 millionar i 2017, 102 mill. i 2018 og 22 mill. kroner i 2019.

I sakspapira blir det vist til at det også er behov for investeringar i utstillingar på 90 millionar kroner frå 2017 til og med 2019. Håpet er at sponsorar skal vera med på å finansiera desse utstillingane. Universitetsdirektøren  såg det heller ikkje som realistisk å byggja ut nye magasin på Tøyen. Difor blei det foreslått at Universitetsstyret skulle vedta eit forslag om å investera 70 millionar kroner neste år til ombygging av magasinlokale på Økern. Også dette forslaget blei vedtatt i den samla pakka som heiter fordeling for 2016 og årsplan 2016-2018.

For å få denne investeringspakken til å gå opp, gav Universitetsstyret UiO fullmakt til å førehandsdisponera 154 millionar kroner til rehabiliteringa av W.C. Brøggers hus og til å gjera naudsynte investeringar i magasinlokala på Økern i budsjettåret 2016.Samtidig understreka Universitetsstyret at dei arbeidsromma som var planlagt i eit nytt magasinbygg på Tøyen, skal det finnast andre løysingar for.

 

50 millionar over budsjett

Som Uniforum kunne melda sist torsdag, vil rehabiliteringa av Sophus Bugges hus på Blindern bli 50 millionar kroner dyrare enn dei 106 millionar kronene som dei hadde kalkulert med for 2015. Overskridinga blir dekt med dei 50 millionar kronene som etter planen skulle brukast til rehabilitering av Niels Treschows hus. Men naudsynte utbetringar som har å gjera med helse, miljø og sikring, blir likevel gjennomførte i Niels Treschows hus i 2015/2016, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret. Forslaget til inndekning blei også vedtatt i den samla pakken for budsjettfordelinga for 2016.

Mogleg med 50 millionar til frie forskingsprosjekt

I den samla stipulerte løyvinga på 5,1 milliardar frå Kunnskapsdepartementet for 2016 ligg det også eit uvissemoment i om lønnskostnadene kan bli reduserte med 50 millionar kroner samanlikna med det universitetsleiinga hadde rekna med.  Om desse pengane skulle brukast til meir vedlikehald eller til ei eiga satsing på fri forsking var det ei viss usemje om mellom representantane i Universitetsstyret.   Etter kvart blei dei einige om å koma tilbake til denne saka i på Universitetsstyrets oktobermøte.  Då skal administrasjonen ha lagt fram ein analyse om frigjorde midlar frå 2015 og sjå om dei kan omdisponerast til ei eiga satsing på frie forskingsprosjekt i 2016. Universitetsstyret vedtok også dette forslaget samrøystes.  Det var også teikn til ein kort debatt om det skulle satsast pengar på innføring av digitale eksamenar over heile UiO, men til slutt stemde også heile styret også for det forslaget.

Resten av forslaga i fordelinga av universitetsbudsjettet i 2016 og årsplan for perioden 2016-2018 blei vedtekne utan debatt.

Vedtok masterplan for eigedomane

Med ein del mindre endringar vedtok også Universitetsstyret framlegget til masterplan for UiOs eigedomar. Den går mellom anna ut på at bygningar som er dårleg eigna til formålet, og som ikkje ligg sentralt på eit av dei tre universitetsområda, kan det vurderast eit sal av. Alle eventuelle sal skal gå gjennom Universitetsstyret som enkeltavgjerder. Mellom fleire viktige mål er å kjøpa tomta til Ole-Johan Dahls hus og syta for at tomta til Livsvitskapssenteret kjem i UiOs eige. Forslaget om å avvikla Tøyenfondet og søkja Kunnskapsdepartementet om godkjenning til å bruka pengane til oppgradering av bygningane til UiO, blei også vedtatt.  Eit forslag som kunne tolkast som om at det skulle byggjast ein felles bygning for alle laboratoria ved UiO, blei stroke frå masterplanen.  Samtidig slutta Universitetsstyret seg til at arbeidet med dei fire store prosjekta frå Strategi 2020 skal halda fram. Det er livsvitskapsbygningen, vikingtidsmuseet, klinikkbygg for Det odontologiske fakultetet og utstillingsveksthuset på Tøyen.   På spørsmål frå universitetstyremedlem Anne-Marie Engel om UiO ikkje burde prioritera to i staden for fire av desse prosjekta, svara rektor Ole Petter Ottersen at Kunnskapsdepartementet er godt i gang med arbeidet med planlegginga av alle desse fire prosjekta. Difor er det ikkje naudsynt å prioritera hardare enn det me gjer, meinte han.

 

Utvida styret til  forskingssatsing på tvers

Universitetsstyret vedtok samrøystes også mandatet for den tverrfakultære  forskingssatsinga «Unpacking the Nordic Model!»(UiO Norden). Den einaste endringa som kom inn og blei vedtatt var at det skal vera ein representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i styret. Vedkomande kjem i tillegg til ein studentrepresentant og ein tilsettrepresentant frå fagmiljøa.Elles blir styresamansetjinga slik den opphavleg blei foreslått.

Uniforum kjem tilbake med fleire saker frå Universitetsstyret seinare i dag.

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Universitetspolitikk, Museene Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2015 15:19 - Sist endra 23. juni 2015 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere