UiO markerer 70-årsjubileet for frigjeringa i Aulaen

For 70 år sidan var den tyske okkupasjonen av Noreg over og landet var fritt. I kveld blir det minnekonsert for nazismen sine offer i Universitetets aula.

FLAGGAR: UiO har heist flagget over Aulaen i dag, der 70-årsdagen for frigjeringa skal markerast i kveld. I forgrunnen skulpturen av krigshelten Gunnar Sønsteby med sykkel.

Foto: Martin Toft

Musikkverket for nazismen sine offer er skrive av Marcus Paus, og det blir urframført av Det Norske Jentekor i Aulaen klokka 19.00 i kveld.  Stykket "The Beauty that Still Remains" er eit verk som er bestilt frå Marcus Paus til å bli framført akkurat denne dagen.

På programmet står det også at forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide skal vera hovudtalar, medan UiO-rektor Ole Petter Otttersen opnar konserten. Direktør Guri Hjeltnes ved Holocaustsenteret skal også halda ein tale. Publikum får også høyra kormusikk av Knut Nystedt.

Konserten er eit samarbeid mellom Kultur- og velferdsutvalet ved UiO, Det Norske Jentekor, Holocaustsenteret og Forsvarsdepartementet.

Les meir om konserten.

I morgon kl 14.00 blir det også høve til å gå til Aulaen for å  høyra direktør Guri Hjeltnes ved Holocaustsenteret fortelja om  kvardagslivet under okkupasjonen.

Les også desse artiklane om Den andre verdskrigen i Uniforum:

Viktigare enn kampen om tungtvatnet!

Det var eit under at me overlevde!

UiO markerte minnet for Tysklandsstudentane

UiO feiret sine helter fra krigen

 

Emneord: Historie, Universitetshistorie, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2015 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere