Julie Paus-Knudsen blir ny leiar for Studentparlamentet

Julie Paus-Knudsen frå Reallistlista er vald til ny leiar for Studentparlament.

NY STUDENTLEIAR: Julie Paus-Knudsen frå Realistlista er vald til ny leiar for Studentparlamentet ved UiO.

Foto: UiO

Studentparlamentet valde 30. april Julie Paus-Knudsen frå Realistlista til ny leiar.  Ho overtar vervet frå dagens leiar Marianne Andenæs den 1. juli, får Uniforum opplyst hos Studentparlamentet. Julie Paus-Knudsen er masterstudent i biologi og har tidlegare vore leiar for Biologisk fagutval. Kampsaka for Realistslista det siste året har vore kravet om  å få eit gangfelt i krysset mellom Blindernveien og Moltke Moes vei.  Det blir vist til alle nesten-ulykkene som studentane har opplevd der.

Samtidig med valet på ny leiar for Studentparlamentet, blei det også vald inn to nye studentrepresentantar i Universitetsstyret. Dei to er Hans Kristian Paulsen frå. Liberal liste og Heidi Bang frå Sosialdemokratane.  Avgåande leiar for Studentparlamentet, Marianne Andenæs, skal leia Læringsmiljøutvalet ved UiO neste år.  - Det gler eg meg til, for då tar eg ikkje heilt avskil med studentpolitikken, seier ho til Uniforum.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2015 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere