Studieplassar for UiO-studentar i utlandet står tomme
Over heile verda står utvekslingsplassar for UiO-studentar tomme. Det viser eit oversyn Uniforum har fått.

HELST OSLO: For få UiO-studentar nyttar høvet til å ta eit studieopphald i utlandet. Mange studieplassar for UiO-studentar står tomme. (Arkivfoto)
Det er ikkje berre Sophia-universitetet i Tokyo i Japan som ikkje får fylt opp studieplassane til studentar frå Universitetet i Oslo. Ei liste som Uniforum har fått frå
Universitet med ein eller fleire ledige gratisplassar og betalplassar for UiO-studentar:
Latin-Amerika:
Univ. de Costa Rica, Costa Rica
Univ.Veracruzana, Mexico
Univ. De Sâo Paulo, Brasil
Univ de Chile, Chile
PUC Rio, Brasil
USA:
USAC (byrå som formidlar studieplassar)
UC Davis
Stony Brook Univ.
Univ. Of Minnesota
Univ. of Washington
Sør-Afrika:
Univ. of Cape Town
Stellenbosch University
Canada:
Queens University
Simon Fraser Univ.
Univ. of Toronto
McGill Univ
University of Calgary
India:
Nordic Centre in India
University of Hyderabad, India
Sør-Korea:
Yonsei Univ.
Kyung Hee Univ.
Kina:
City University of Hong Kong
Univ, of Hong Kong
Singapore:
National Univ. of Singapore
Australia:
University of Queensland
Univ. of New South Wales
Macquarie Univ.
Griffith Univ.
Univ. of Sydney
Univ. of Melbourne
Univ. of Western Australia
Storbritannia:
Univ. of Westminster
Newcastle upon Tyne
School of African and Oriental Studies, University of London
Russland:
Higher School of Economics, Moskva
studieadministrasjonen ved UiO, viser at det finst ledige gratisplassar og betalingsplassar både på amerikanske og kanadiske prestisjeuniversitet og på universitet i Chile og Brasil. Heller ikkje i Australia, Sør-Korea og Storbritannia klarer studentar frå Universitetet i Oslo å fylla opp studieplassane som er øyremerkte for dei etter at vertsuniversiteta har inngått utvekslingsavtale med UiO. Sør-Afrika, India, Russland og Singapore er andre land der studieplassar står tomme. Organisasjonen University Studies Abroad Consortium (USAC) formidlar studieplassar frå universitet over heile verda og har 15 ubrukte plassar for UiO-studentar.
– Vil setja i gang tiltak
Ifylgje avdelingsleiar Guri Vestad i Seksjon for forskings-, utdanningsstøtte og internasjonalisering skal Universitetet i Oslo arbeida for å få fleire studentar til å dra ut.
– Me er i gang med å sjå på fleire tiltak for å få opp talet på utreisande studentar, då dette har stått stille i nokre år. Ved sida av alle plassane utanfor Europa gjeld denne underbruken av utvekslingsplassar også i Europa, gjennom Erasmus+ har me mange utvekslingsplassar ved gode, europeiske universitet, der ein ved sida av Lånekassefinansiering til og med får eige Erasmus-stipend.. Erasmus+-avtalane er alle eigde av fagmiljøa, det er også ein del av dei bilaterale avtalane, men der er nok dei fleste forankra sentralt, seier Guri Vestad.
– Opprådde for marknadsføringsidear
Ho har inga tru på at det er dårleg marknadsføring frå UiO si side som er grunnen til at så mange studieplassar står tomme:
– Me har gjennom fleire år og i samarbeid med fagmiljø og fakultet marknadsført utveksling gjennom websider: http://www.uio.no/studier/utveksling/ og informasjonsdagar, annonsar i Universitas, samarbeid med Studentparlamentet og fagutval, fotokonkurransar, bloggar og sosiale media. Inntil for berre eit par år sidan hadde me ein eigen skranke med rettleiing om studium i utlandet i Knutepunktet. Me er etter kvart blitt litt opprådde for fleire marknadsføringsidear, vedgår ho. UiO har likevel ikkje gitt opp.
– Men me er ganske overtydde om at betre integrering av utanlandsopphald i studieprogramma og klare tilrådingar frå dei som underviser og student-til-student-påverknad, er verkemiddel som ikkje er godt nok utnytta, og som me vil jobba endå meir med i tida framover, seier Guri Vestad.
En forklaring på tomme studieplasser er at slike avtaler med bestemte universiteter ikke er egnet? De klare rådene jeg - og sikkert mange andre lærere - gir til studenter er: Reis til et fagmiljø som passer studentenes forskningsinteresser. Det kan selvsagt være University of Washington, men noen ganger Mannheim, Frankfurt, Helsinki, Birmingham, eller UCL. Hvorfor skal de isteden reise til et universitet UiO har avtale med?
I 2010 dro jeg på utveksling til Queen's University i Canada, og fikk veldig mye ut av det studieoppholdet. Det var en av gratisplassene som UiO tilbyr.
Det som gjorde det mulig for min del å dra på utveksling var at det var lagt inn et semester med 30 frie studiepoeng i studieplanen. Grunnen jeg ville reise var fordi jeg fikk tatt fag innenfor fagfeltet mitt (molekylærbiologi) som jeg ikke hadde fått mulighet til å ta hvis jeg hadde blitt igjen på Universitetet i Oslo.
Det burde være standard for alle studieprogrammer at det er lagt inn et semester med 30 frie studiepoeng for å kunne dra på utveksling, og skrive spesifikt i studieplanen at man oppfordres til å dra på utveksling.
Til Andreas Føllesdal: det er hovedsaklig snakk om utvekslingsplasser til studenter på bachelor- og masternivå i denne artikkelen. Det du påpeker, egner seg antagelig best for doktorgradsstudenter.
Til Chloe Steen: frie studiepoeng er bra for utveksling, men det er fullt mulig å integrere et studieopphold i utlandet i grader uten frie emner også. Mange fagmiljøer klarer det, nevner nå bare profesjonsstudiet i medisin som har gjort det i 15 år med stor suksess som ett eksempel.
Nå er medisin et fag som finnes så og si overalt i verden. Men drar medisinstudenter til spesifikke universiteter hvor de har egne avtaler? Eller kan de også benytte seg av UiO-avtalene og samtidig ta fagene som tilsvarer det semesteret i Norge? Fordi det jeg tenker er positivt med utveksling også er friheten til å kunne velge sted og fag.
Enig i at det er fint å få muligheten til å ta fag du ikke får hjemme, og kunne velge mellom steder. Samtidig er det viktig å kvalitetssikre avtaler både faglig og gjennomførbarheten praktisk og administrativt (at noen svarer på henvendelser, sender opptaksbrev, sørger for hjelp til bolig osv).
Du har rett i at medisinstudentene reiser ut på fakultetets egne avtaler, og de er relevante og kvalitetssikret spesielt for dem. Målet er at flest mulig avtaler skal være forankret i fagmiljøet for å sikre faglig relevans og kvalitet. Samtidig skal man ha endel avtaler sentralt for å ha den typen tilbud til mange.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere