Ytringsfridom samla fullt hus

Den første ytringsfridomsdebatten "Etter Paris... " samla så mykje folk at dei som kom sist møtte stengde dører i Litteraturhuset.

STOR INTERESSE: Det var stor interesse for å høyra ulike synspunkt om ytringsfridomen sine grenser under debatten i Litteraturhuset i går.

Foto: Martin Toft

UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som blei introdusert som hjernen bak møteserien "Etter Paris ..." innleidde debatten, og han uttrykte stor glede over at temaet hadde trekt så mange folk til Litteraturhuset. Deretter blei debatten sett i gang med UiO-forskarane Raino Malnes og Anders Ravik Jupskås. Etikkforskaren Henrik Syse og generalsekretær for Norsk Presseforbund Kjersti Løken Stavrum heldt også kvar sine innleiingar.

Neste veke er det ny debatt som har antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen som ordstyrar. Den har temaet: "Etter Paris: Hvordan bryte den onde sirkelen?"

Les meir om kva Raino Malnes og Anders Ravik Jupskås meiner om ytringsfridomen sine grenser her.

 

KJØRTE DEBATT: Kjersti Løken Stavrum i Norsk Presseforbund, Henrik Syse i Fredsforskingsinstituttet og UiO-forskar Raino Malnes lyttar på innleiinga til UiO-forskar Anders Ravik Jupskås under debatten om ytringsfridomen sine grenser i Litteraturhuset i går.(Foto: Ola Sæther)

 

 

Emneord: Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2015 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere