Skulptur på gjestevisitt

Kunstnaren Ståle Sørensen har plassert lydskulpturen "Kursk" på Frederikkeplassen.

FULL AV LYD: Lydskulpuren "Kursk" av kunstaren Ståle Sørensen står på Frederikkeplassen i dag.

Foto: Ola Sæther

I dag har bilethoggar Ståle Sørensen plassert ein lydskulptur på Frederikkeplassen. Blindern er første stopp på turnéen, og skulpturen står berre ein dag, opplyser kunstforvaltar Ulla Uberg til Uniforum. I morgon vil det vera mogleg å sjå og høyra skulpturen på Rådhusplassen i Oslo sentrum.

Seinare skal skulpturen til Oslo konserthus og til hovudkvarteret til Norsk bilethoggarforeining i Hekkveien 5.

Den ambulerande musikkmaskinen (kursk) er eitt av Kunst i Oslos17 temporære kunstprosjekt i 2014/15.

Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2015 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere