Medisinstudentane er mest nøgde

Nesten 83 prosent av medisinstudentane i Noreg er nøgde med studiet. Det viser tal frå Studiebarometeret 2014 som blei publiserte av NOKUT i dag.

NØGDE MEDISINSTUDENTAR: UiO-rektor og medisinprofessor Ole Petter Ottersen underviste medisinstudentar også etter at han blei vald til rektor. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Situasjonen for medisinstudentane er likevel ikkje like rosenraud når ein ser på kor tilfredse dei er med tilbakemeldinga.

Då er 58 prosent misnøgde, medan så mange som 73 prosent av studentane er kritiske til oppfylginga på studiet dei går på. Nokre av medisinutdanningane får også aller lågaste karakter på tilbakemelding, altså 1, på ein skala frå 1 til 5. Samtidig er det medisinstudentane som vurderer studiet sitt som mest fagleg utfordrande og yrkesrelevant.

Ikkje overraskande er det også medisinstudentane som er mellom dei som brukar mest tid på studiet, med 43 timar i veka. Dei blir likevel slått av odontologistudentane, som brukar 44,7 timar i veka på studiet.

På universiteta er det sosiologistudentar som bruk minst tid på studiet, med i underkant av 27 timar i veka. Språk- og pedagogikkstudentar brukar også under tretti timar i veka å studiet. Heiltidsstudenten brukar 34,7 timar på studiet i løpet av ei veke.

Lærar- og ingeniørstudentar minst tilfredse

Studentbarometeret viser at ingeniørstudentane og grunnskulelærarstudentane er dei minst nøgde studentane.

I underkant av 62 prosent av grunnskulelærarstudentane er i hovudsak nøgde med studiet sitt, medan rundt 71 prosent av ingeniørstudentane er det.

44 prosent av ingeniørstudentane og lærarstudentane er misnøgde med tilbakemeldinga dei får på studiet. Men 45 prosent av lærarstudentane svarar at dei er tilfredse med den

Fakta om Studiebarometeret: Studiebarometeret er ei årleg, landsomfattande undersøking av opplevingane studentane har av studiekvalitet i norsk, høgare utdanning.

- Undersøkinga er gjort mellom alle studentar i andre studieår på bachelor- og masterprogram, i tillegg til femteårsstudentar på integrerte masterprogram.

- Nesten 25 000 studentar på 60 universitet og høgskular svarte på undersøkinga hausten 2014.

- Svarprosenten ligg dermed på 42 prosent, ti prosent over svarprosenten då den blei gjennomført for første gong i 2013. (Kjelde: NOKUT)

 oppfylginga dei får, melder Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).

Ber lærestadene skjerpa seg

Leiar for Norsk studentorganisasjon, Anders Kvernmo Langset har notert seg at svært mange studentar er misnøgde med oppfylginga dei får på studiet sitt.

– Dette stadfestar at det blir satsa for lite på oppfylging og rettleiing av studentane ved norske utdanningsinstitusjonar. Her gjer ikkje universiteta og høgskulane jobben sin, seier Langset. Han er glad for at Studiebarometeret kan få fram tal om korleis situasjonen er på lærestadene.

– Studiebarometeret bidrar med verdifull informasjon om tilstanden i norsk, høgare utdanning. Me ser fram til å hjelpa til med å finna gode tiltak til korleis me kan få ned det høge fråfallet, betra oppfylginga av studentane og få fleire studentar til å lykkast med studia. Der har me og regjeringa ein felles ambisjon, meiner Langset.

– Godt verktøy

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest Studiebarometeret er i ei god utvikling.

– Det er i ferd med å bli eit godt verktøy for universiteta og høgskulane i arbeidet med å utvikla god studiekvalitet, slår han fast.

Ottersen trekkjer også fram at det no viser seg at studentane i gjennomsnitt brukar over 5,7 timar meir i veka på studiet sitt enn det den førre undersøkinga frå i fjor viste.

– Det er gledeleg at situasjonen er langt betre enn den viste i fjor. Grunnen til fjorårets tal var at spørsmålsstillinga ikkje var god nok.

– No er det retta opp, og då får me meir presise tal. Difor er det også viktig at NOKUT er i god dialog med sektoren når det gjeld å få så presise spørsmål som mogleg og eit best mogleg studiebarometer, synest Ole Petter Ottersen.

(Oppdatert kl. 15:46)

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2015 11:43 - Sist endra 3. feb. 2015 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere