Regjeringa forsvarar fjerninga av Gambia og Sierra Leone som samarbeidsland

– Ingen student skal måtta avbryta eller forkorta studium som dei har begynt på i Noreg under denne ordninga. Det garanterer statssekretær Hans Brattskar i Utanriksdepartementet etter at både Sierra Leone og Gambia er fjerna frå lista over land som kan senda studentar på kvotestipend til Noreg.

BLIR KUTTA UT: Ein sjukepleiar frå Gambia mister høvet til å ta masterstudiet i internasjonal helse ved UiO, etter at Gambia og Sierra Leone er kutta ut som samarbeidsland. Biletet viser ein helsestasjon i Gambia.

Foto: Camilla Smaadal

Då framlegget til statsbudsjett for 2015 blei lagt fram 6. oktober, blei det kjent at Noreg har fjerna mellom andre Sierra Leone og Gambia  frå lista over land som kan senda studentar til Noreg på kvotestipend. Det inneber at studentane får eit stipend frå Noreg for at dei skal kunna gjennomføra eit master- eller doktorstudium før dei vender tilbake til heimlandet.

– Arg og irritert!

Etter at Gambia blei fjerna frå lista over samarbeidsland, måtte medisinprofessor Johanne Sundby fortelja sjukepleiaren Arfang Faye at han likevel ikkje kunne koma til Noreg for å ta masterstudiet i internasjonal helse, slik både ho og han hadde planlagt. – Eg blir arg og irritert, sa Johanne Sundby til Uniforum. Ho viste til at det ville kosta den norske staten 200 000 kroner i året.

Uniforum har vore i kontakt med Utanriksdepartementet, som administrerer ordninga med kvoteprogrammet. I kommunikasjonseininga får Uniforum opplyst at fjerninga av nokre land frå lista over dei landa som tar imot norsk bistand, er ei oppfylging av tidlegare evalueringar av norsk bistand. Den siste evalueringa blei gjort av OECD, og den konkluderte med at norsk bistand er fragmentert og spreidd på svært mange land.

Vil ha meir bistand for kvar krone

Statssekretær Hans Brattskar peikar på at bakgrunnen for at regjeringa vel å konsentrera hjelpearbeidet er at ein ynskjer å få meir og betre bistand for kvar krone, mellom anna ved å redusera talet på dei landa

Noreg samarbeider med.

– Alle land som blir tatt ut av lista over mottakarar av norsk bilateral bistand, vil framleis kunna ta imot norske bistandsmidlar gjennom multilaterale kanalar og gjennom humanitær bistand. Dette utgjer ein stor del av støtta som verdssamfunnet kanaliserer til sårbare land, der styringsapparata er svake, og der den multilaterale bistanden til dømes gjennom FN-systemet er heilt sentral. Noreg er ein stor og viktig gjevar til dømes til Unicef og UNDP (FNs utviklingsprogram, red. merknad), som i sin tur har omfattande program i slike land. Konsentrasjon av bistand legg ingen avgrensingar på kvar me kan stilla opp med humanitær bistand, understrekar Hans Brattskar.

INGEN AVGRENSINGAR: – Konsentrasjon av bistand legg ingen avgrensingar på kvar me kan stilla opp med humanitær bistand, understrekar statssekretær Hans Brattskar i Utanriksdepartementet.(Foto: Utanriksdepartementet/Sjøwall)

Når det gjeld grunnen til at akkurat Sierra Leone og Gambia er tatt ut av denne lista over samarbeidsland for 2015, peikar Utanriksdepartementet på at Noregs utviklingsarbeid med desse to landa er svært avgrensa. Det tyder ikkje at det ikkje treng eller fortener bistand, men det er ei erkjenning av at Noreg ikkje kan ha eit langsiktig bistandssamarbeid med alle utviklingsland og samtidig sikra at samarbeidet blir fylgt opp på ein skikkeleg måte og gir gode resultat, blir det understreka.

Tre studentar frå Gambia på to år

Utanriksdepartementet viser også til at i studieåret 2012-2013 var det éin student frå Gambia i Noreg på kvotestipendprogrammet, og i 2013-2014 var det to. Til saman er det om lag 1100 studentar i Noreg til ei kvar tid på kvotestipendprogrammet. Mange av landa som er strokne frå lista over samarbeidsland, har ikkje hatt ein einaste student i Noreg. Når desse landa blir fjerna frå lista over samarbeidsland i 2015, vil det omfatta til saman ti studieplassar frå dei landa, får Uniforum vita i Utanriksdepartementet.

Skal ikkje gå ut over studentane

Studentane som allereie er i gang med studia, skal ikkje bli skadelidande, bedyrar statssekretær Hans Brattskar.

– Ingen student skal måtta avbryta eller forkorta studium som dei har begynt på i Noreg under denne ordninga. Den vil gjelda for nye studentar frå studieåret 2015–16. Me ventar at nedtrappinga vil ta nokre år, seier han.

 

Emneord: Internasjonalisering, Gambia, Internasjonal samfunnshelse, Medisin, Afrika Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2014 15:26 - Sist endra 5. nov. 2014 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere