Ny TF-dekan: - Vil sveisa saman nytilsette og veteranar

– Eit mål er å sveisa saman dei nytilsette, yngre forskarane med dei som har vore her i fleire tiår. Berre på den måten kan forskinga og undervisninga bli god, meiner Aud V. Tønnessen, som frå nyttår blir dekan ved Det teologiske fakultetet.

HESTEJENTER: – Både svenske og norske undersøkingar viser at hestejenter får gode leiareigenskapar. Eg trur det må ha å gjera med at når ei jente skal styra over ein hest på eit halvt tonn må ho vera både følsam og bestemt, seier hestejente og nyutnemnd dekan Aud V. Tønnessen på Det teologiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Aud V. Tønnessen overtar dekanvervet på Det teologiske fakultetet etter Trygve Wyller. Han har sete i to periodar og må tilbake til jobben som professor.

Etterfylgjaren Aud V. Tønnessen har spesialisert seg på norsk kyrkjehistorie. I motsetning til nyvald dekan Arne Bugge Amundsen på Det humanistiske fakultetet, trong ho ikkje gå gjennom ein slitsam og tøff valkamp før ho blei vald til dekan.

– Mandat frå heile fakultetet

– Valkomiteen gjekk rundt og spurde fleire om dei kunne tenkja seg å ta på seg dekanvervet. Eg måtte ta ein runde med meg sjølv, og fann ut at no var tida komen til å seia ja. Difor føler eg at eg har eit mandat frå heile fakultetet når eg blir dekan, seier Aud V. Tønnessen til Uniforum. Men forsking trur ho ikkje det blir tid til i det nye vervet. – Nei, eg har erfaring som prodekan, og difor veit eg at det blir svært vanskeleg å driva med forsking ved sida at eit så krevjande verv, konstaterer ho. Dermed blir truleg biografien hennar om Noregs første kvinnelege prest, Ingrid Bjerkås,  noko av det siste forskingsarbeidet ho gjer på ei stund.

For ti år sidan tok Aud V. Tønnessen opp igjen ein gammal hobby som ho hadde halde på med frå ho var barn og til ho var kome opp i tjueåra. – Då begynte eg med dressurriding igjen. Tre gonger i veka drar eg til Alna der eg har ein fôrhest som eg brukar til grunnleggjande dressur.  Det er svært avkoplande, fortel ho.

– Hestejenter blir gode leiarar

– Og korleis vil du skildra forholdet mellom riding og leiing?

– Eg veit ikkje sikkert, men det skal visst vera ein interessant samanheng. Både svenske og norske undersøkingar viser at hestejenter får gode leiareigenskapar. Eg trur det må ha å gjera med at når ei jente skal styra over ein hest på eit halvt tonn må ho vera både følsam og bestemt. Om det stemmer, er det jo bra, for slike eigenskapar kan koma godt med i ein leiarposisjon, reflekterer Aud V. Tønnessen.

Glad for ikkje å vera første kvinnelege TF-dekan

Ho er glad for at ho ikkje er først i løypa når det gjeld kvinneleg leiarskap på Det teologiske fakultetet. – Turid Karlsen Seim var den første kvinnelege dekanen på dette fakultetet, og ho var ein svært tydeleg og bestemt leiar. Det er fint at ho har trakka opp spora for oss kvinner som kjem etter henne. Sjølv har eg aldri følt at det har vore naudsynt å slåst for å få leiarverv på UiO. Når det er sagt, vil eg gjerne leggja til at akademia har vore altfor konservativt når det gjeld å sleppa kvinner inn i leiarstillingar, meiner Aud V. Tønnessen.

– Fakultet på opptur

Det teologiske fakultetet har vore gjennom både oppturar og nedturar dei siste tiåra. – No er det inne i ein opptur. For første gong sidan 1920-talet er det like mange som begynner på teologistudiet på Det teologiske fakultetet som på konkurrenten vår på Majorstua, Menighetsfakultetet. Eg trur mange fleire studentar ser verdien av å vera ein del av eit stort universitetsmiljø. Derfor kjem dei til oss, trur ho.

Dette semesteret føreles ho i eit innføringskurs i kristendomshistorie for studentar frå fleire studieprogram, inkludert lektorutdanninga. – Det er spennande og givande. Lektorstudentane skal ut i skulen seinare og får med seg verdifull ballast til religionsfaget KRLE hos oss.

Kurs for religiøse leiarar

Den nye dekanen synest også Det teologiske fakultetet har vist seg liv laga og har sett saman fleire studieprogram som både er aktuelle og populære.

– Bachelorstudiet religion og samfunn er svært populært. Dessutan har me også kurs for religiøse leiarar. Då kjem imamar, buddhistiske leiarar, katolske nonner hit for å læra om forholdet mellom religion og norske styresmakter og om lovgjevinga på dette området, trekkjer ho fram.

Nyleg har fakultetet også lyst ut ei ledig stilling i islamsk teologi. – Me håpar at me med utgangspunkt i den stillinga kan utvikla emne og studium som kan vera relevante også for

Fakta om det nye dekanatet på Det teologiske fakultetet:

Dekan: Aud Valborg Tønnessen (50), professor i kyrkjehistorie

Prodekan for forsking: Terje Stordalen (56), professor i Det gamle testamentet

Prodekan for undervisning: Hallgeir Elstad (49), professor i kyrkjehistorie

 religiøse leiarar innanfor islam.

Akkurat no er ho mest opptatt av det store generasjonsskiftet som er i ferd med å skje på fakultetet ho skal leia. – Mange av dei nytilsette er frå utlandet, og mange har heller ikkje erfaring frå UiO tidlegare. Det er ein stor rikdom for oss.  TF styrkjer seg internasjonalt, men me må samstundes sørgja for at nye kollegaer og bidrar med undervisning på fleire nivå.  Det er difor eit mål at alle skal undervisa på norsk i løpet av ei rimeleg tid. Studentar skal ha dei beste forskarane som førelesarar, og forskinga får så stor nytte av å vekselvirka med undervising,  seier Aud V. Tønnessen til Uniforum.

Ved ein inkurie hadde ein del av rettingane og sitata til nyvald dekan Aud V. Tønnessen ikkje kome med i papirutgåva av Uniforum. Nettversjonen er derimot heilt korrekt.

 

Emneord: Dekanvalg, Teologi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2014 14:40 - Sist endra 21. nov. 2014 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere