Nyvald HF-dekan: – Skal sjå på prinsippa for rekruttering til stipendiatstillingar

 – Me skal sjå på prinsippa for rekruttering av folk til stipendiatstillingar. Det ynskjer me å gå inn i ein dialog med institutta om, seier nyvald dekan på Det humanistiske fakultetet, Arne Bugge Amundsen.

TVERRGÅANDE INITIATIV: – Me skal sjå på korleis den tverrfaglege forskingssatsinga «Unpacking the Nordic Model» kan gi moglegheiter ved dei ulike institutta på HF. Dessutan vil me vera opne for andre tverrgåande initiativ, seier nyvald HF-dekan, Arne Bugge Amundsen.

Foto: Ola Sæther

Fredag 7. november blei det klart at Arne Bugge Amundsen hadde vunne dekanvalet på HF med knappast mogleg margin til motkandidaten Jens Braarvig. 50,2 prosent av dei røysteføre hadde stemt på Arne Bugge Amundsen medan 49,8 prosent hadde gitt stemma si til Jens Braarvig. Fleirtalet av dei teknisk-administrative tilsette støtta Arne Bugge Amundsen, medan fleirtalet av dei vitskaplege tilsette og studentane slutta opp om Jens Braarvig.

– Delte oppfatningar

– Det er eit klart signal om at oppfatningane er delte på fakultetet. Det er interessant å observera at nokon må i alle fall ha klart å sjå skilnader mellom motkandidaten min og meg, seier Arne Bugge Amundsen i sigersintervjuet med Uniforum.

Både motkandidaten Jens Braarvig og Arne Bugge Amundsen sjølv kjem frå Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Den nyvalde dekanen trekkjer fram at prodekan for forsking, Ellen Rees og prodekan for undervisning, Eirik Welo kjem frå høvesvis Senter for Ibsen-studiar og Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). – Det viser kor stor breidd me har i dekanatet, og det gir oss også ei stor kontaktflate, meiner han.

– Avgjerdene våre skal bli synlege

Og han lovar at alle skal bli sett. – Planen vår er å besøkja alle institutta på HF i løpet av dei første vekene etter at vårt dekanat har overtatt etter dekan Trine Syversen og hennar mannskap, fortel Bugge Amundsen til Uniforum.

Han er klar på kva han først vil gripa tak i. – Me vil bretta opp ermene og begynna med å sjå korleis fakultetet fungerer og korleis fakultetssekretariatet fungerer. Dessutan vil me

Fakta om dekanvalet på HF:

Arne Bugge Amundsen: 50,2 prosent av røystene

Jens Braarvig: 49,8 prosent av røystene

Til saman blei det avgitt 737 stemmer, 37 av dei var blanke

Dette var fordelinga av røystene på grunnlag av dei tre veljargruppene:

Arne Bugge Amundsen: 153 røyster frå vitskaplege tilsette, 89 frå teknisk-administrative tilsette, 96 frå studentar.

Jens Braarvig: 167 røyster frå vitskapleg tilsette, 38 frå teknisk-administrativt tilsette, 157 frå studentar.

(Kjelde: Det humanistiske fakultetet, UiO)

Dette er det nye dekanatet:

Ny dekan: Arne Bugge Amundsen (59), professor i kulturhistorie, IKOS

Ny prodekan for forsking: Ellen Rees (47), professor i nordisk litteratur, Senter for Ibsen-studiar

Ny prodekan for undervisning, Eirik Welo (38), førstelektor i gammalgresk, IFIKK

 jobba for at avgjerdene me tar skal bli tydelege og synlege. Difor vil eg også starta dei første arbeidsdagane mine med å ha eit møte med konstituert fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø. Då kan me i fellesskap finna ut kva saker me kan sjå på med ein gong, seier han.

– Blir det nokon ny politikk på HF med deg ved roret?

– Me skal sjå på prinsippa for rekruttering av folk til stipendiatstillingar. Det ynskjer me å gå inn i ein dialog med institutta om. Samtidig vil me arbeida for at studia skal få auka

kontakt med arbeidslivet, slik at dei kan få endå meir arbeidsrelevans. Eg har også ambisjon om å ta eit møte med administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet for å drøfta nærare korleis fagmiljøa våre kan vera med på å forma nye forskingsprogram som vil vera relevante for oss, seier han.

I tillegg vil det nye dekanatet satsa sterkt på det tverrfakultære forskingsprogrammet «Unpacking the Nordic Model»: – Me skal sjå på korleis denne tverrfaglege forskingssatsinga kan gi moglegheiter ved dei ulike institutta på HF. Dessutan vil me vera opne for andre tverrgåande initiativ, seier Bugge Amundsen.

– Ei avsporing

På slutten av rektorvalkampen kom det eit innspel frå arkeologiprofessor Christopher Prescott mot dekankandidaturet til Jens Braarvig. Til NRK P2 uttrykte han at han var fortørna over at Jens Braarvig ville stilla opp i dekanvalet trass i at han hadde forska på Schøyen-samlinga, ei samling som etter det Prescott meiner det finst meir enn nok bevis på, også inneheld gjenstandar stolne frå det historiske museet i Afghanistans hovudstad Kabul. Den nyvalde dekanen er ikkje glad for det utspelet.

– Det var ei avsporing i dekanvalkampen, og slett ikkje nokon del av valkampstrategien min, slår Arne Bugge Amundsen fast.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Dekanvalg, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 26. nov. 2014 10:34 - Sist endra 26. nov. 2014 15:02

For ordens skyld: Den nyvalgte prodekanen for forskning heter Ellen Rees, ikke Elin. Og så er hun tilsatt ved ILN, ikke ved ILOS.

Hans-Olav Enger - 26. nov. 2014 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere