NTL nektar å godta UiO sitt tilbod i lønnsforhandlingane

Professorane har fått ein altfor stor del av den lokale lønnspotten på Universitetet i Oslo. Det gir NTL-leiar Ellen Dalen og dei to styremedlemane Tom Thorsen og Natalia Zubillaga klart uttrykk for. Difor vil ikkje NTL akseptera tilbodet frå UiO.

BROT: – Ei altfor lita gruppe av dei tilsette på UiO får ein altfor stor del av den samla potten som går til dei lokale lønnsforhandlingane, seier Natalia Zubillaga, Ellen Dalen og Tom Thorsen i NTL-UiO. Difor aksepterer ikkje NTL tilbodet frå UiO.

Foto: Ola Sæther

Då dei sentrale lønnsforhandlingane mellom staten og fagforeiningane blei avslutta i mai, var det klart at Universitetet i Oslo ville få ein pott på 55 millionar kroner til dei lokale lønnsforhandlingane. Desse millionane har UiO som arbeidsgjevar og dei fire fagforeiningane på universitetet forhandla om heilt sidan slutten av august.

No ligg det endelege tilbodet frå arbeidsgjevaren UiO på bordet. Det aksepterer ikkje NTL. NTL-leiar Ellen Dalen meiner det gir ein heilt feil profil på oppgjeret når det blir samanlikna med den felles avtalen om lønnsutvikling og stillingsutvikling som UiO har med fagforeiningane på universitetet. Difor har også NTL kome med ein protokolltilførsel. Der går det fram at NTL er svært misnøgd med det siste tilbodet som UiO som arbeidsgjevar har kome med.

– Professorane får aller mest

– Ei altfor lita gruppe av dei tilsette på UiO får ein altfor stor del av den samla potten som går til dei lokale lønnsforhandlingane. Professorane får aller mest, og sidan dei i hovudsak er høgtlønna menn, går det også ut over arbeidet med å få fleire kvinner inn i vitskaplege stillingar og etter kvart inn i professorstillingar. Desse vitskaplege mellomstillingane får nemleg langt mindre frå den lokale lønnspotten, seier Ellen Dalen. Både ho, nestleiar Natalia Zubillaga og styremedlem Tom Thorsen synest kriteria frå arbeidsgjevaren UiO favoriserer  dei som har vore flinke til å skaffa eksterne inntekter til instituttet eller senteret sitt.

– Feil praksis

– Me meiner at dette blir ein heilt feil praksis, som bryt med UiOs lønnspolitikk. Dersom dei det gjeld skaffar eksterne inntekter til eininga si, så er det til fellesskapen og ikkje for at dei skal få personleg gevinst, meiner Ellen Dalen, Natalia Zubillaga og Tom Thorsen. Dei viser til at ikkje alle professorar har høve til å skaffa eksterne inntekter til eininga si. Etter deira meining vil lønnsauken i hovudsak gå til vitskaplege tilsette i toppstillingar ved dei medisinske og naturfaglege forskingsmiljøa.

– Dei vitskaplege tilsette som jamt og trutt oppfyller arbeidsoppgåvene sine gjennom å forska, undervisa, formidla og administrera, men utan å skaffa eksterne inntekter, vil få lite ut av dei lokale lønnsforhandlingane denne gongen, meiner dei tre.

Dei teknisk-administrative tilsette som gjer ein jamt god jobb, men som ikkje sit i posisjon til å skaffa eksterne inntekter til eininga der dei jobbar, vil dermed ikkje ha den same sjansen til lønnsutvikling under dette lønnsoppgjeret, konstaterer dei tre, som alle sit i forhandlingsutvalet til Norsk tenestemannslag på UiO.

Skal tenkja seg om i tre veker

NTL var så ueinig i denne profilen at tenestemannslaget som einaste fagforeining nekta å skriva under på tilbodet i dei lokale lønnsforhandlingane. No skal NTL tenkja seg om i tre veker før foreininga bestemmer seg for om saka skal opp i Statens lønnsutval. Dermed vil ingen av dei som har søkt om å få opp lønna,  få vita resultatet før rundt 21. november. Om saka kjem opp i Statens lønnsutval, vil det ta endå lenger tid. – Men når lønnsauken frå dei lokale lønnsforhandlingane kjem, vil dei heldige som får auka lønna, få den etterbetalt frå 1. september, legg Ellen Dalen til.

Akademikarane aksepterer tilbodet

Både Akademikarane, Forskarforbundet og Parat har alle vald å skriva under på protokollen med resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane. Hovudstillitsvald Christer W. Aram i Akademikarane synest at resultatet av forhandlingane oppfyller intensjonane for lønnsfastsetjing som partane er blitt einige om gjennom UiOs lønnspolitikk.

– Forhandlingar handlar om å gi og ta, og det er mange brikker som skal på plass før me kjem fram til et felles resultat som alle partane kan leva med. Det har vore krevjande forhandlingar, og etter vår oppfatning speglar tilbodet som no ligg på bordet,  både forhandlingane og prosessen. Tilbodet er for Akademikarane-UiO sin del akseptabelt innanfor dei rammene som er gitt. Me har derfor skrive under på det tilbodet som er forhandla fram, seier Aram til Uniforum.

Ville hatt større lokal pott

Også Akademikarane har kome med ein protokolltilførsel. Der går det fram at dei synest dokumentet som handlar om UiOs lønnspolitikk burde vera meir kjent på UiO som arbeidsplass. – Me er ei hovudsamanslutning med ei brei medlemsgruppe som me forhandlar for, der fellesnemnaren er høgare utdanning. Ein stor del av desse er naturleg nok vitskaplege tilsette. Me synest det er naturleg at UiO, som Noregs leiande utdanningsinstitusjon, vurderer professorar og andre vitskaplege tilsette i eit lokalt oppgjer saman med andre grupper av tilsette, seier Aram, som gjerne skulle sett ein større lokal pott. – Slik blei det dessverre ikkje i årets sentrale oppgjer, konstaterer han.

Parat meiner professorane får for mykje

Fagforeininga Parat er langt på veg på linje med NTL i deira kritikk og vurderingar av tilbodet frå arbeidsgjevar i dei lokale lønnsforhandlingane. Det legg ikkje hovudstillitsvald Asle Fredriksen skjul på.

– Professorane har fått ein altfor stor del av den lokale lønnspotten. I vurderinga si har arbeidsgjevar lagt altfor stor vekt på eitt av vurderingskriteria i lokal lønnspolitikk, og i stor grad sett bort frå andre kriterium for lønnsutvikling, seier Edvardsen. Parat har kome med ein eigen protokolltilførsel.

– Der peikar me på mangelen på likeverd i desse forhandlingane. Foreiningane har argumentert hardt for mange krav, i samsvar med lokal lønnspolitikk og hovudtariffavtalen, men når arbeidsgjevar har bestemt seg på førehand, så er det umogleg å få gjennomslag. Motsett veg har det vore umogleg for foreiningane å fjerna tilbod me meiner blir feil, same kor dårleg argumentasjonen til arbeidsgjevar har vore. Heile vegen har arbeidsgjevar hatt det siste ordet, fortel han oppgitt.

– Liten sjanse for å vinna fram ved å gå til brot

Parat valde likevel å akseptera tilbodet. – Parat UiO har vurdert det slik at me har liten sjanse for gevinst ved å gå til brot, og har derfor akseptert tilbodet slik det ligg føre, med atterhald om at resultatet ikkje er bunde til NTLs eventuelle tvistebehandling. For Parat UiO er det viktig at NTL får utøva retten sin til å få saka si vurdert, understrekar Asle Fredriksen.

Forskarforbundet aksepterer tilbodet

Også Forskarforbundet fann ut at det kunne skriva under på tilbodet frå arbeidsgjevar i dei lokale lønnsforhandlingane, opplyser hovudstillitsvald Kristian Mollestad til Uniforum.

– Me har gjennom vår protokolltilførsel sagt noko om resultatet, om bruken av Hovudtariffavtalens reglar og forholdet mellom partane. Når det er sagt, meiner me at tilbodet for vår del kunne aksepterast, seier Kristian Mollestad.

– Ikkje einig i at professorar får for mykje

Forskarforbundet er absolutt ikkje samd med NTL i at professorane får for mykje av den lokale lønnspotten.

– Det er ikkje Unio/Forskarforbundet einig i. Me meiner det er svært mange grunnar til at dei hentar ut den delen dei gjer, utan å kunna gå noko meir inn på detaljane i tilbodet her. Vidare meiner me det er helt feil at det berre er professorar som kan dokumentera at dei har skaffa eksterne inntekter, som har fått tilbod. Det er faktisk feil, slår han fast. Kristian Mollestad og Forskarforbundet synest likevel at det finst andre problem med tilbodet i dei lokale lønnsforhandlingane.

– Me har i alle år kommentert gjennom protokolltilførslene våre at det er ei utfordring at den relative lønnsmasseandelen for hovudkategorien «Undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar» er i ferd med å gå nedover ved UiO. Det er viktig for Unio/Forskarforbundet at profilen på det siste tilbodet speglar medlemsmassen vår ved UiO. I tillegg er det viktig at UiOs lønnspolitikk blir lagt til grunn når ein gjer individuelle vurderingar under forhandlingane, seier Kristian Mollestad.

 

 

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2014 15:21 - Sist endra 4. nov. 2014 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere