UiO er framleis det beste universitetet i Noreg

Universitetet i Oslo er framleis det beste universitetet i Noreg, og er nummer 186 i verda, ifylgje den siste universitetsrangeringa til Times Higher Education.

BEST I NOREG: UiO er på 186.-plass på verdsrangeringa over verdas beste universitet. Det er dermed best i Noreg, i fylgje Times Higher Education.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo plasserer seg altså mellom dei 200 beste universiteta i verda på den siste universitetsrangeringa til Times Higher Education. Rett nok går det ein plass ned frå 185.-plassen i fjor, men det er ei mikroskopisk endring. Av dei andre norske universiteta gjer Universitetet i Bergen det best med ei plassering mellom nummer 201 og 225, medan NTNU i Trondheim hamnar i gruppa mellom  nummer 276 og 300. Det fjerde norske universitetet på denne rangeringa, Noregs arktiske universitet i Tromsø finn me i gruppa mellom nummer 351 og 400. NTNU var i fjor i gruppa av universitet som plasserte seg frå nummer 221 til 256. Årets resultat er dermed litt dårlegare enn i fjor. Dei to andre universiteta tangerer fjorårets plassering.

CALTECH best i verda

Førsteplassen på verdsrangeringa går for fjerde år på rad til California Institute of Technology (CALTECH), fylgd av Harvard University på andreplass og University of Oxford på tredjeplass.  Deretter kjem Stanford-universitetet og University of Cambridge. Swiss Federal Institute of Technology, Zürich er det beste universitetet utanfor den angloamerikanske verda, og kjem på 13. plass. 15 av dei 20 beste universiteta, er amerikanske.

– Imponert over UiO

Times Higher Educations verdsranking og Shanghai-rankinga er både dei mest prestisjetunge og dei eldste rankingane.  Redaktør Phil Baty i Times Higher Education rosar norske universitet, og spesielt Universitetet i Oslo, for å klara å halda på posisjonen sin, trass i den sterke konkurransen frå universitet i Asia. – Det er absolutt svært imponerande at Universitetet i Oslo kjem på 186.plass på denne lista, med tanke på den sterke innsatsen frå universitet i Italia, Tyrkia, Kina og andre universitet i Asia.

– Noreg må framleis investera offentlege pengar i universiteta

– Kva må til for at norske universitet skal gjera det endå betre i framtida?

– Norske universitet har ein stor fordel av at dei får rause løyvingar frå staten. Det siste oversynet frå OECD viser at 1,7 prosent av bruttonasjonalproduktet i Noreg går til forsking og høgare utdanning, medan gjennomsnittet for medlemslanda ligg på 1,6 prosent. Likevel investerer både Danmark og Finland endå meir offentlege pengar til forsking og høgare utdanning. Nøkkelen ligg altså i å investera mest mogleg pengar i universiteta, anten dei er offentlege eller private. Pengar snakkar, seier Phil Baty i ein kommentar til Uniforum.

Forsvarar målemetodane til Times Higher Education

I september publiserte Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og undervisning ein rapport som var svært kritisk til verdsrankingane til både Times Higher Education og Shanghai-universitetet (ARWA).. Etter deira meining la dei for stor vekt på gamle nobelprisvinnarar og på omdømmet til universiteta. Phil Baty forsvarar måten Times Higher Education går fram på for å få fram tala til si verdsrangering.

 – Hos oss tel ikkje talet på nobelprisvinnarar i det heile tatt. Me legg mest vekt på talet på siteringar og forskingsfunn frå dei vitskaplege tilsette ved universiteta. Så den delen av kritikken treffer oss ikkje. Kritikken av at me brukar omdømmeundersøkingar vil eg forsvara, fordi det gir eit godt bilete av eit universitet saman med dei 12 andre indikatorane  me brukar for å analysera universiteta. Me måler både undervisning, forskingsaktivitetar, graden av internasjonalisering og kunnskapsoverføring.  I tillegg vurderer me læringsmiljøet. Siteringsindeksar er mest vanleg innanfor medisin og naturvitskap, og har liten tradisjon innanfor humaniora og samfunnsvitskap.  Difor er det heilt naudsynt å bruka ei omdømmeundersøking som ein av indikatorane. Og regjeringar i mange land fylgjer nøye med på verdsrankinga vår. Det viser at dei tar oss alvorleg, understrekar Phil Baty.

Det er Thomson Reuters som utfører målingane som verdsrangeringa til Times Higher Education byggjer på.

Her kan du finna heile verdsrangeringa 2014-2015 frå Times Higher Education.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2014 22:00 - Sist endret 1. okt. 2014 22:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere