Regjeringa kuttar ut bistandsland: Må seia nei til helsestudent frå Gambia

Helsestudentar frå Gambia får ikkje lenger pengar til å studera i Noreg. – Eg blir arg og irritert, seier medisinprofessor Johanne Sundby, som fryktar at eit 22 år langt samarbeid om helseforsking kan ta slutt.

I FELTEN: Medisinprofessor Johanne Sundby samtalar med helsepersonell i Gambia.

Foto: Camilla Smaadal

Sjukepleiaren Arfang Faye hadde lenge gledd seg til å masterstudiet i internasjonal helse ved Avdeling for samfunnsmedisin på Universitetet i Oslo.  Den gleda sette regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett for 2015 ein stoppar for.

Kuttar ut Gambia og Sierra Leone

I budsjettframlegget til utviklingshjelp var dei vestafrikanske landa Gambia og Sierra Leone mellom landa som ikkje lenger skal nyta godt av kvoteprogrammet og annan bistand. Kvoteprogrammet har gitt mange studentar frå desse to landa høve til å ta masterstudiet i Internasjonal helse og doktorgrad i medisin ved Universitetet i Oslo. Sierra Leone er eit av dei landa som er hardast råka av ebola-epidemien, medan Gambia har klart å unngå den fordi styresmaktene har satsa på å byggja opp eit godt helsevesen. Kvar student ville ha kosta den norske staten 200 000 kroner i året.

– Har bygt opp helsetenestene

– For Arfang Faye hadde dette vore eit glimrande høve til å vidareutdanna seg etter at han har vore med på å byggja opp helsetenestene i heimlandet sitt. Han er svært oppfinnsam og har gjort mange nyttige oppfinningar på sjukehuset der han jobbar. I Noreg kunne han tatt patent på desse enkle nyskapingane, som er mykje meir robuste enn det moderne utstyret som kjem frå dei rike landa, fortel Johanne Sundby.

Sidan samarbeidet med helsestyresmaktene i Gambia starta i 1992, har både talet på kvinner som døyr i barsel og barn som døyr i oppveksten gått nedover.  – Me kan ikkje ta æra for det, men det viser at Gambia har tatt satsinga på helsevesenet alvorleg og får gode resultat av det, slår ho fast.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ARG OG IRRITERT: Medisinprofessor Johanne Sundby er arg og irritert over at studentar frå Gambia ikkje lenger får kvotestipend frå Noreg.

I løpet av dei 22 åra Johanne Sundby har samarbeidt med helsearbeidarar i Gambia, har ho rettleia 10 masterstudentar og to doktorkandidatar frå landet. I tillegg har rundt seks studentar deltatt på Den internasjonale sommarskulen. – I dag arbeider alle i helsevesenet i Gambia. Ein av dei er også direktør ved eit sjukehus på landsbygda. Samarbeidet har heile tida fungert veldig bra. Me har brukt lite pengar, men likevel fått svært mykje tilbake. Og det er fint for oss å sjå klare teikn på at helsesituasjonen har betra seg i Gambia i løpet av dei åra, seier Johanne Sundby.

– Heilt uforståeleg

Ho ristar på hovudet av at regjeringa med eit pennestrøk foreslår å fjerna Gambia som eit av landa som kan nyta godt av kvoteordninga for studentar. – For oss er det heilt uforståeleg. Prosjektet vårt har ikkje ein gong gitt noko arbeidsbør til byråkratiet i Utanriksdepartementet, sukkar ho.

Johanne Sundby er glad for den støtta ho og Avdeling for samfunnshelse heile tida har fått frå internasjonalt kontor ved UiO. – Dei har hjelpt oss med å finna kvotestipend til dei gode kandidatane me arbeider med, seier ho.

Det medisinske fakultetet får derimot ikkje så god karakter frå medisinprofessoren. – Verken fakultetet, stat og regjering eller bistandsbyråkratiet har vore imponerande partnarar i det arbeidet me har fått til i dei små landa. Fakultetet synest fokusering og innsnevring er viktigare enn langsiktige, erfaringsbaserte, fruktbare eksisterande samarbeid. Dei overser også dei resultata me har fått, skriv ho i eit lesarinnlegg i Uniforum.

11 vitskaplege artiklar

Ho utdjupar det gjerne vidare. – Samarbeidet med kvotestudentane frå Gambia har resultert i 11 vitskaplege artiklar i prestisjetunge forskingstidsskrift. Eg er overtydd om at personleg engasjement frå eldsjeler er minst like effektivt som formelle samarbeid mellom institusjonar. Utbrotet av ebola-epidemien er eit klart døme på kor viktig det er å byggja opp eit godt helsevesen for å halda epidemien i sjakk og under kontroll. Dei fleste landa i Vest-Afrika hadde ikkje det. Difor har ebola-epidemien råka dei så hardt. Gambia er unntaket frå regelen, konstaterer ho.

Johanne Sundby håpar at utanriksminister Børge Brende kan få Gambia og Sierra Leone inn igjen mellom landa som skal ta imot bistand frå Noreg, og dermed også bli omfatta av kvoteprogrammet.

Ei fylgje av konsentrasjonen av norsk bistand

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet viser til at dette er eit resultat av regjeringas politikk for å avgrensa talet på land som får bistand frå Noreg.

– Kvoteordninga har både bistandsformål og utdanningspolitiske formål. Utanriksdepartementet har i statsbudsjettet for 2015 foreslått å konsentrera norsk bistand om færre mottakarland, og slik å målretta dei bistandspolitiske verkemidla mot færre land. Reduksjonen i talet på land som blir omfatta av kvoteordninga frå 2015–16, fylgjer av UDs arbeid med konsentrasjon av norsk bistand, svarar Bjørn Haugstad i ein epost til Uniforum.

Sjå også debattinnlegget "Internasjonale samarbeidsavtaler og politikk"

 

 

Emneord: Helse, Afrika, Gambia, Medisin, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2014 11:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere