Ole Petter Ottersen: - Ein stor dag for norsk vitskap

– Dette er ein stor dag for norsk vitskap og ein stor dag for Noreg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til at  hjerneforskarane May-Britt og Edvard Moser frå NTNU har fått nobelprisen i medisin.

EIN VARSLA PRIS: – Forskings-Noreg har venta på at dette skulle skje, og er svært glad for at dagen no er komen for at nobelprisen går til May-Britt og Edvard Moser, seier UiO-rektor og hjerneforskar Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er strålande nøgd med at NTNU-forskarane May-Britt og Edvard Moser i dag har fått tildelt nobelprisen i medisin saman med den amerikanske forskaren John O’Keefe frå University College London.

Ein varsla pris

– Forskings-Noreg har venta på at dette skulle skje, og er svært glad for at dagen no er komen for at nobelprisen går til May-Britt og Edvard Moser. Deira oppdagingar kastar eit heilt nytt lys på korleis hjernen fungerer og korleis den set oss i stand til å navigera i rommet.  Dei har kartlagt dei nettverka i hjernebarken som gjer at me kan finna fram og koma oss fra ein stad til ein annan, og dei har funne ut korleis slik informasjon blir lagra. Me kan seia at May-Britt og Edvard har funne hjernen sitt eige GPS-system, forklarar Ole Petter Ottersen.

Nobelprisvinnar er også Kavliprisvinnar

Han peikar også på det viktige arbeidet forskaren som dei deler prisen med, John O’Keefe har gjort.

– Mosers arbeid byggjer på det arbeidet som blei gjort av John O'Keefe, som var ein av dei tre som delte Kavli-prisen i år. O'Keefes banebrytande innsats på dette området på 1970-tallet viste at hippocampus - ein struktur i hjernen sin tinninglapp - har hjerneceller som blir aktive når dyra er i spesielle posisjonar i rommet. O'Keefe konkluderte  med at det var "place cells" i hippcampus som danna eit kart av rommet, fortel Ottersen. Han viser til at dei tre nobelprisvinnarane saman har kasta lys over ei problemstilling som har opptatt forskarar og filosofar i mange hundreår:

– Korleis lagar hjernen eit kart over våre omgivnader og korleis kan me finna  ein veg gjennom eit komplekst landskap. Prisane til May-Britt og Edvard understrekar at det nyttar å satsa på forsking og at Noreg har sjansar til å vinna fram på toppnivå i internasjonal samanheng, seier UiO-rektor og hjerneforskar Ole Petter Ottersen.

 

 – Fantastiske og strålande personar

Førsteamanuensis Marianne Fyhn på Institutt for biovitskap ved UiO har hatt eit nært forskingssamarbeidd med ekteparet May-Britt og Edvard Moser. Ho er full av lovord om dei både som personar og forskarar.

– May-Britt og Edvard er fantastiske forskarar og strålande førebilete. Dei har alltid stilt gode spørsmål og held ein svært høg standard på forskingsarbeida sine. Samtidig er dei utruleg hyggelege og omgjengelege menneske som tar vare på medarbeidarane sine.

 – Kan betra behandlinga av sjukdomar

– Og korleis vil du karakteriseradei forskingsfunna dei har gjort?

– Oppdaginga av korleis stadsansen i hjernen fungerer har mange implikasjonar for korleis me kan forstå minneprosessar og korleis hjernen bearbeider informasjon. Hjernecellene som er sentrale i stadsansen finst i eit område av hjernen som først blir råka under Alzheimers sjukdom og denne kunnskapen vil derfor kunne bidra til at me forstår kva som går gale i hjernen under sjukdom, slik at me kanskje kan forbetra  behandling av slike sjukdomar, seier Marianne Fyhn til Uniforum.

Både May-Britt og Edvard Moser tok doktorgraden i medisin ved Universitetet i Oslo i 1995. Rettleiaren deira var medisinprofessor Per Andersen, den leiande hjerneforskaren ved UiO.

 

Emneord: Internasjonalisering, Priser, Medisin Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2014 14:45 - Sist endra 6. okt. 2014 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere