Ynskjer meir fleksibel praksisordning for lektorar

– Det er naudsynt å gjera noko med dagens Praktisk-pedagogiske utdanning (PPU). Den må bli både meir fleksibel og meir praksisnær, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Uniforum etter å ha lansert lærarløftet i formiddag.

ELEVEN I SENTRUM: - Regjeringa vil skapa ein skule der eleven lærer meir, lova kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statsminister Erna Solberg , då dei lanserte lærarløftet i formiddag.

Foto: Ola Sæther

No skal også den praktisk-pedagogiske utdanninga på universiteta gjennomgåast. Det lova kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen overfor Uniforum etter pressekonferansen der han og statsminister Erna Solberg presenterte lærarløftet.

– Studentane synest ordninga er for lite praksisnær i dag, og difor vil me blant anna vurdera forslaget frå Lektorlaget om å etablera eigne innstegsstillingar i skulen for dei som vil bli lektorar. Målet er at ordninga skal førebu studentane betre til skulekvardagen, fortalde Røe Isaksen.

Alle lærarar skal ha masterutdanning

Eit av hovudpunkta i lærarløftet er at det skal innførast femårig masterutdanning for lærarstudentar. Dessutan skal alle elevar møta ein lærar med fordjuping i matematikk, engelsk og norsk. På mange måtar blir universiteta si lektorutdanning ein modell for oppbygginga av lærarutdanninga på høgskulane.

 – Ja, lektorutdanningane er nettopp for dei som vil spesialisera seg innanfor eit bestemt fagområde. Dei vil me difor ikkje gjera noko med. Fordjuping innanfor eit fag som norsk, matematikk eller engelsk, er det lektorutdanninga har drive med, og som også allmennlærarutdanninga skal innføra, sa statsminister Erna Solberg til Uniforum. Av dei viktigaste tiltaka i lærarløftet, peika ho på vidareutdanninga av lærarane.

– Alle kommunar og fylkeskommunar må forplikta seg til å byggja opp kompetansen til alle lærarane dei er arbeidsgjevarar for.  Ingen kommune eller fylkeskommune skal sleppa unna det kravet, forsikra ho.

– Ein skule der elevane lærer meir

Erna Solberg uttrykte svært klart kva som er målet med lærarløftet.

– Regjeringa vil skapa ein skule der elevane lærer meir. Kunnskap gir sjansar for alle, uansett kor mange bokhyller det er i heimen deira.  Kunnskap skal skapa dei arbeidsplassane me skal leva av i framtida, og sikra velferda i tiåra som kjem. Nettopp difor er kunnskap eit av regjeringa sine hovudsatsingsområde, slo Erna Solberg fast.

Skal bruka over sju milliardar på ti år

I løpet av dei neste ti åra skal regjeringa bruka mellom sju og åtte milliardar kroner på lærarløftet. Alle som skal inn på lærarutdanningane, må ha karakteren 4 i matematikk for å koma inn, medan kravet har vore 3 til no. Lærarar i barneskulen må ha minst 30 studiepoeng i faget for å kunna undervisa i matematikk, engelsk  og norsk. På ungdomsskulen må dei ha minst 60 studiepoeng, altså eit heilt år med spesialisering. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen byggjer dette på forsking som viser at elevane lærer meir når lærarane er fagleg sterke.

Alle lærarar skal ha eit fordjupingsfag

Statsråden viser også til at tal frå Statistisk sentralbyrå syner at ein av fem matematikklærarar i grunnskulen manglar fordjuping i faget dei underviser i. For norsklærarar er talet ein av sju, og over fire av ti engelsklærarar. Planen til regjeringa er at alle lærarar i norsk skule, også dei som er i skulen i dag, skal oppfylla krava i løpet av ti år.  Det er grunnen til den store satsinga på vidareutdanning av lærarar. – Fagleg sterke lærarar har behov for at det er eit lag på skulen der dei kan dela kunnskap og få inspirasjon. Regjeringa reknar med at skuleeigarane, kommunar og fylke i heile landet, tar eit hovudansvar for å utvikla skulane lokalt. Det vil regjeringa støtta opp om, lova Røe Isaksen.

Lærarløftet inneheld også ei vidareføring av den nasjonale rektorutdanninga gjennom statleg finansiering av studieplassar.  Det kjem til å bli innført nasjonale deleksamenar i utvalde fag i den nye grunnskulelærarutdanninga. Formålet er å kartleggja kvaliteten på dei ulike lærarutdanningane.  Den femårige masterutdanninga for lærarstudentar vil bli innført frå hausten 2017.

 

 

Emneord: Lektorutdanning, Universitetspolitikk, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2014 13:21 - Sist endra 30. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere