Skreiv doktoravhandling som pensjonist

– Då eg blei pensjonist, hadde eg valet mellom å sitja på kafeen og glana på folk eller å freista å skriva ei doktoravhandling om norsk krigshistorie. Det blei det siste, fortel den ferske historiedoktoren Trond Spurkeland på 67 år.

INGA HJELP: – Eg har dokumentert at Storbritannia korkje kunne eller ville hjelpa Noreg og Sverige militært, når dei blei råka av tysk militær vreide,etter allierte Skandinavia-operasjonar, seier 67-åringen Trond Spurkeland , som er fersk doktor i historie frå Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Trond Spurkeland har altså ikkje vore nokon vanleg doktorstipendiat. Han har ikkje tilhøyrt noko forskingsprogram, og han har ikkje hatt rettleiar. Arbeidsplassen hans har vore heimekontoret i heimbyen Skien og det britiske riksarkivet i London. Resultatet blei doktoravhandlinga med tittelen «Skandinavia som krigsteater? Noreg og Sverige i den britiske krigsstrategien frå 3. september 1939 til 8. april 1940».

– Ideen om å skriva ei doktoravhandling om dette temaet, har lege latent i bakhovudet hos meg heilt sidan eg las ein artikkel av Bergens Tidende-journalisten Gunnar H. Carlsen i 1966. Han skreiv at Storbritannia hadde ein plan for å få Noreg og Sverige med i den europeiske krigen. Det var svært oppsiktsvekkjande, for den rådande oppfatninga både den gongen og i dag var at det britiske krigskabinettet aldri medvete gjekk inn for å trekkja Noreg og Sverige inn i denne krigen. Storbritannia ville forsvara Noreg først etter at Tyskland hadde invadert Noreg. Samtidig hadde eg ymta frampå til faren min at eg gjerne ville studera historie på Universitetet i Bergen. «Då må du studera det som skjedde under Den andre verdskrigen», sa han alltid til meg.

Fekk jobb på ringnotsnurpar

Trond Spurkeland frå Seim i Lindås la studieplanane til sides, og begynte i staden å fiska etter brisling, sild og makrell på ein ringnotsnurpar i fjordane på Vestlandet, i Nordsjøen og på Vest-Afrikakysten. – Eg hugsar at me gjekk frå hus til hus på Osterøy og i andre kommunar og selde krydra brisling, fortel han. Etter nokre år som fiskar, fann han ut at det var på tide å studera. – Det var inga framtid i fiskaryrket, sjølv om eg elska livet på båten.

Som 32-åring blei han ferdig med ei hovudoppgåve i historie om forholdet mellom industriborgarskapen i Tyskland og nazistpartiet til Adolf Hitler. – Det viste seg at dei godtok partiprogrammet så lenge dei klarte å kvitta seg med dei som også ville ha ein sosial revolusjon i Tyskland. Det var bakgrunnen for «Dei lange knivane si natt» i 1934, då alle frå den fraksjonen i partiet blei myrda av fraksjonen til den harde kjernen i partiet.

Etter eit langt og omskifteleg yrkesliv som lærar, trafikkpedagog og sekretær for Utdanningsforbundet i Telemark, blei han pensjonist som 63-åring. – Eg ville altså gjera nytte for meg som pensjonist og tenkte at no hadde eg endeleg sjansen til å skriva ei doktoravhandling om temaet eg hadde hatt i tankane heilt sidan 1960-talet, fortel han.

Fire år seinare, etter seks turar til riksarkivet i London, og mange år framfor PC-en på heimekontoret, kunne han melda frå til Universitetet i Oslo om at han hadde klar ei doktoravhandling. Då blei det oppretta ein vurderingskomité, og nokre månader seinare fekk han beskjed om at avhandlinga var godkjend og han kunne forsvara den for doktorgraden.

Noreg og Sverige skulle bli ein del av krigsteatret

Dermed kunne Trond Spurkeland offentleggjera funna sine under disputasen i Georg Morgenstiernes hus på Universitetet i Oslo den 22. august. – Avhandlinga mi dokumenterer at Storbritannia frå 22. desember 1939 til 8. april 1940 bestemmer seg for å gjera Noreg og Sverige til det avgjerande allierte krigsteatret gjennom å provosera Tyskland til å engasjera seg militært på nordflanken sin. Det som skil mi forsking frå tidlegare forsking, er at eg har funne ut at denne strategien faktisk stod ved lag heilt fram til den britiske minelegginga i norskeleia 8. april 1940, fortel Trond Spurkeland.

Han peikar på at Storbritannia hadde to klare mål med Skandinavia-strategien sin.

– Krigskabinettet og generalstaben rekna med at Adolf Hitler ikkje ville vera i stand til å gå til åtak på vestfronten eller på Balkan dersom dei allierte tvinga han til å splitta opp dei samla styrkane sine. Då ynskte britane å engasjera Adolf Hitler militært i Noreg og Sverige, og når Tyskland marsjerte nordover, rekna britane med at dei skulle greia å koma tyskarane i forkjøpet der. Det andre målet var tett knytt til den svenske jernmalmen. Britane meinte at den var så viktig for Tyskland at krigen ville vera over på kort tid, dersom dei greidde å hindra at Tyskland fekk jernmalm frå Sverige, har han funne ut.

Finland skulle vera eit påskot

Storbritannia trekte også inn Finland i krigsteatret sitt.

– Vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen gjorde teneste som eit greitt påskot for dei britiske åtaksplanane fordi dei allierte gav uttrykk for at dei tok mål av seg til å intervenera militært i denne krigen på finsk side. I avhandlinga kjem eg med ei framstilling og ein analyse av den britiske operasjonsplanlegginga retta mot Noreg og Sverige frå tidleg i januar til 8. april 1940.

Og då snakkar du om den store planen. Kva gjekk den ut på?

– I midten av mars stod dei allierte klare til å setja i verk Skandinavia-ekspedisjonen, sjølv om dei ikkje hadde fått norsk samtykke til ein landgang i Narvik, Trondheim, Bergen og Stavanger, og heller ikkje svensk samtykke til troppeinnmarsj i Nord-Sverige og Sør-Sverige. Alle desse norske hamnebyane skulle etter den store planen okkuperast av dei allierte. Men den forventa finske appellen om alliert militær intervensjon i Vinterkrigen kom aldri. Difor avlyste statsminister Neville Chamberlain den store planen den 14. mars 1940. Likevel la Storbritannia nye planar for Skandinavia frå 20. mars 1940, som inneheld alle elementa frå den store planen, men i tillegg inkluderte dei minelegging av norskeleia. Dessutan hadde dei også konkrete sabotasje- og åtaksplanar mot svenske jernmalmhamner og jerngruver, fann han ut gjennom grundig lesing av dokument frå National Archive (riksarkivet) i Storbritannia.

– Trudde dei kunne forkorta krigen

Trond Spurkeland er også heilt klar på kva som var hovudmålet med den britiske Skandinavia-strategien. – Det viktigaste var ein sterk vilje til å forkorta den europeiske krigen ved å stansa all tysk jernmalmimport frå Sverige ved å opna opp eit alliert krigsteater i Noreg og Sverige. Seinare tok det til å ana dei at om tyskarane sette i gang med motoperasjonar, ville ikkje dei britiske styrkane klara å hamla opp med dei. Om Skandinavia-planane blei realiserte, ville dei truleg enda med ein militær katastrofe. Likevel gjorde ikkje dei ansvarlege noko for å bøta på dette.

For Trond Spurkeland er det også eit anna funn som er både overraskande og skuffande. – Det rådde ei sjølvbedragersk visse om at det ikkje var grunn til å rekna med at Tyskland ville svara på allierte operasjonar i Noreg og Sverige med motoperasjonar. Etter mi meining var dette eit resultat av ein strategisk fordom og sterke tendensar til imperial arroganse. Eg har dessutan dokumentert at Storbritannia korkje kunne eller ville hjelpa Noreg og Sverige militært, når dei blei råka av tysk militær vreide etter allierte Skandinavia-operasjonar. Samtidig kom den britiske regjeringa heile tida med forsikringar og garantiar om at Noreg og Sverige var trygge for Tyskland i ly av det britiske vernet.

– Kvifor er ikkje dette kome fram før?

– Ein viktig grunn er at norske historikarar som Magne Skodvin har gjort det for enkelt for seg. Dessutan manglar både han og andre norske historikarar jamt over kjeldetilvisingar i det dei har skrive. Difor er det ikkje så lett å sjå dei etter i korta. Avhandlinga mi er prega av mange kjeldetilvisingar, først og fremst til dei britiske arkiva. Så funna i avhandlinga kan dokumenterast. Opponentane under disputasen meinte også at eg hadde tilført ny kunnskap om den skandinaviske krigshistoria.

– No har du både vore fiskar, lærar, trafikkpedagog og forskar. Kva har du likt best?

– Det eg har likt aller best, er å vera fiskar. Ingenting slår det yrket, jamvel om det er svært lange arbeidsdagar.

 

Emneord: Forskning, Historie Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2014 13:27 - Sist endra 24. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere