UiO er nest best i Norden

Universitetet i Oslo er nest best i Norden og nummer 13 i Europa på den siste universitetsrankinga til Webometrics. På verdsrankinga ligg UiO på 73. plass.

BEST I NOREG: UiO er på andreplass i Norden og på 13.plass i Europa på den siste universitetsrankinga til Webometrics. I Noreg har UiO eit langt forsprang på NTNU og UiB på denne rankinga denne gongen.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo gjer eit kjempebyks oppover på den siste universitetsrankinga til den spanske forskingsgruppa Webometrics samanlikna med januarmålinga. Den gongen hamna UiO på 167. plass, bak både NTNU og Universitetet i Bergen. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.

Helsingfors universitet best i Norden

I julimålinga som blei publisert før helga, er det berre Helsingfors universitet som gjer det betre enn UiO av dei nordiske universiteta. Det kjem på sjetteplass i Europa og på 45. plass over verdas beste universitet. Lunds universitet og Københavns Universitet ligg på plass nummer 15 og 16 i Europa.

Sidan den førre målinga i januar har Webometrics blitt strengare på å måla berre ei av dei offisielle nettsidene til universiteta. Dei universiteta som har fleire offisielle nettsider, får  poeng for berre ei av dei. Det kan vera ein av grunnane til at dei norske universiteta gjer det betre denne gongen enn sist.

Slår NTNU med 60 plassar

UiO er klart best av dei norske universiteta og slår Noregs teknisk-naturvitskapleg universitet i Trondheim med 60 plassar. NTNU hamnar på 133. plass på verdsrangeringa medan Universitetet i Bergen kjem like bak på 142. plass. I januarmålinga var NTNU best av dei norske på 136. plass, medan UiB kom på 154. plass. UiO hamna då lengst bak på 167. plass.

Webometrics

* Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
* I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelde: Universitetsavisa)

No har altså UiO gjort eit sprang oppover lista, medan NTNU og UiB kryp sakte høgare opp på lista. Når det gjeld dei ulike underkategoriane, skårar UiO mest på openheit, der det ligg på 33. plass på verdsstatistikken. På lista over framifrå forsking ligg UiO som nummer 124.

– Eit ope universitet

UiO-rektor Ole Petter Ottersen ser det som positivt at UiO gjer det bra på denne målinga.

 – Eg trur det viser at me på alle indikatorar lever opp til målet om at UiO skal vera eit ope universitet gjennom nettsider og lenkjer. Det oppfyller også det som står i vår strategiske plan om at all kunnskap skal formidlast godt og på ein open måte, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Likevel vil han  understreka at det er mange metodeproblem både med denne målinga og dei andre universitetsrangeringane.  – Det er viktig at me er skeptiske til metodologien desse rangeringsbyråa brukar.  Samtidig gir han honnør til dei UiO-tilsette som har hatt ansvaret for å utvikla nettsidene. – Dei har gjort ein svært god jobb med omlegging av nettsidene våre. Og UiOs plassering på denne rangeringa er truleg eit resultat av arbeidet dei har gjort for å gjera universitetet vårt meir synleg, samstundes som me har arbeidd for å auka kvaliteten.

– Kva trur du er grunnen til at UiO har gjort eit kjempesprang oppover på rangeringa denne gongen i høve til sist?

– Det er ikkje lett å forklara. Me har heller ikkje gått inn og analysert alle data i denne målinga. Eg er langt meir positiv til metodologien til målinga U-Multirank som er i ferd med å bli utvikla. Den gir eit langt betre bilete av korleis universiteta står og korleis dei utviklar seg, peikar han på.

Harvard og MiT på topp

Ikkje heilt uventa er det Harvard-universitetet som toppar verdsrankinga, tett fylgt av Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Stanford University. Det beste universitetet utanfor USA, er University of Toronto frå Canada, på ein 15. plass. Oxford-universitetet og Cambridge-universitetet plasserer seg som høvesvis nummer 17 og 16 på denne lista. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH Zürich (Swiss Federal Institute of Technology i Sveits. Det tar 28. plassen på denne rankinga.

Den siste rangeringa til Webometrics blei altså publisert før helga, og er den andre av dei to årlege rangeringane frå den spanske forskingsgruppa.

Verdas beste universitet

Europas beste universitet

(Oppdatert kl. 16.29)

 

Emneord: Internasjonalisering, Rangering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. aug. 2014 14:20 - Sist endra 4. aug. 2014 16:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere