Tar diskusjon om forvaltninga av universitetsbygningane

Kunnskapsdepartementet er interessert i å delta  i ein diskusjon om modellar for eigedomsforvaltning på universiteta. Det gjer statssekretær Bjørn Haugstad klart overfor Uniforum.

TAR DISKUSJON: : Statssekretær Bjørn Haugstad tar diskusjon om modell for forvaltning av universitetsbygningane.Her sit han saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Ola Sæther

Det var i siste utgåve av Uniforum direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum gjekk ut og foreslo at Statsbygg burde overta alle universitetsbygningane. Grunngjevinga hans er at Universitetet i Oslo har eit etterslep i vedlikehald og bygningsutvikling på 8,5 milliardar kroner, ein sum som aukar med ein halv milliard kroner i året. Spesielt skadelidande har det vore for bygningane til både Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum, som svært ofte har tapt i budsjettkampen mot andre gode formål på universitetet. Etter Arne Bjørlykkes meining vil bygningane bli betre forvalta av Statsbygg eller eventuelt ved å danna eit eige statsselskap som Universitetsbygg A/S.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet understrekar at debatten om kva modell for eigedomsforvaltning ein skal ha,  er viktig. – Diskusjonen om modellar for eigedomsforvalting er ein prinsipiell og viktig diskusjon, som departementet med interesse deltar i. Ein slik diskusjon må også involvera andre departement og dei underliggjande institusjonane, peikar han på.

 – Stort behov

Bjørn Haugstad viser til at Kunnskapsdepartementet er i god dialog med dei institusjonane som forvaltar eigedomane sine sjølve. Det skjer som ei oppfylging av Riksrevisjonens undersøking om eigedomsforvaltninga i universitets- og høgskulesektoren.

 

– Uavhengig av modell for eigedomsforvaltning er det eit stort behov for å lyfta bygningsmassen opp til ein tidsmessig standard. Dette kan gjerast gjennom eigne rehabiliteringsprosjekt over statsbudsjettet, eller gjennom prosjekt som blir planlagd og gjennomførte innanfor institusjonane sine eigne budsjettrammer, seier han til Uniforum.

Haugstad viser til at alle universiteta har trappa opp innsatsen til vedlikehald og oppgradering av eigedomsmassen dei siste åra. – Me er også klare over at styret ved Universitetet i Oslo er i ferd med å sluttføra revisjonen av masterplanen for UiOs eigedomsutvikling og ventar på at den blir sendt over til departementet, som eig grunnlag for vidare diskusjon, seier Bjørn Haugstad.

– Må gjera noko med etterslepet

Direktør Håkon Glørstad i Kulturhistorisk museum er einig det er eit stort vedlikehaldsbehov på mange av universitetsbygningane.

–Det er særleg utbreidd på museumsbygningane. For universiteta er dei ofte vindauga ut mot resten av samfunnet, seier Glørstad til Uniforum.  Han er likevel ikkje så kategorisk som Arne Bjørlykke når det gjeld kva som bør vera løysinga på det problemet.

– Om det skal skje med bygningane innanfor eller utanfor UiO har eg ikkje fått tenkt nøye gjennom. Det som er sikkert, er at det er naudsynt for musea å oppgradera lokala sine, slik at dei kan bli best mogleg til utstillingar og best mogleg for publikum. På den måten vil me visa at me tar formidling på alvor, meiner Håkon Glørstad.

 – Ei tillitserklæring

Museumsdirektør Arne Bjørlykke meiner altså at Statsbygg kan overta ikkje berre bygningane til Universitetet i Oslo, men alle universitetsbygningane i landet.  Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg synest det er fint at Arne Bjørlykke har Statsbygg i tankane. –

 For oss er det eit tillitserklæring. Og han har heilt rett i at Statsbygg har god kompetanse på å forvalta store, viktige og gamle bygningar. Nyleg overtok også Statsbygg ansvaret for fengselsbygningane slik at Kriminalomsorga kunne konsentrera seg om omsorga for fangane. Det har vore ei vellykka overtaking, sjølv om mange av fengsla var i svært dårleg stand, fortel Hege Njaa Aschim.

– Sekundæroppgåve

Ho har lagt merke til at vedlikehaldsetterslepet er svært stort mange stader.

– Mange opplever det nok slik at det å ta vare på eigedomane blir ei sekundæroppgåve, peikar ho på. Statsbygg er den største eigedomsaktøren i sivil sektor. – Også i dag eig Statsbygg mange av bygningane til høgskulane og dei nye universiteta. Om me også skal overta alle dei andre universitetsbygningane, må det sjølvsagt opp til politisk handsaming først, poengterer ho.

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Museene Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2014 16:04 - Sist endra 27. aug. 2014 16:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere