Studentar gir gamle teaterkulissar nytt liv

20 studentar frå fire land deltar i arbeidet med å restaurera og konservera dei eldste teaterkulissane og det første bakteppet til Fredrikshalds Teater i Halden. Dei går på sommarskulen til konserveringsstudiet ved UiO.

SVÆR DEKORASJON: Juul Bierings arbeider med å gjera dei gamle scenedekorasjonane i Fredrikshalds Teater så flotte igjen at dei kan stillast ut for publikum om nokre år.

Foto: Ola Sæther

I det gamle misjonshuset i Halden sentrum sit 20 studentar på golvet med svære måleri imellom seg. Alle måleria er ein del av kulissane til «Skogen», dei aller første scenedekorasjonane i Fredrikshalds Teater. Det er Noregs einaste barokkteater, og opna dørene for første gong i 1838. Saman med studentane er det fem rettleiarar, som alle er universitetslærarar i konservering. Alle deltar på det to veker lange, praktiske konserveringskurset University of Oslo Summer School, Conservation of Theatre Sceneries. Det er eit samarbeid mellom konserveringsstudia ved universiteta i Oslo, Køln, Amsterdam og Göteborg. Og dei samarbeider med Halden historiske Samlinger.

Eit tilfeldig møte

Universitetslektor Douwtje L. van der Meulen ved UiO fortel at det var eit tilfeldig møte som gjorde at dette kurset blei etablert. – Det begynte med ei synfaring på Fredrikstad museum, og så kom me etter kvart i kontakt med direktøren for Halden historiske Samlinger. Han fortalde meg at dei trong praktisk hjelp til å få restaurert og konservert dei gamle teaterkulissane til Fredrikshalds Teater.  Me bestemte oss for å trekkja inn partnarar utanfor Noreg, fordi me tenkte at det var viktig i Internasjonaliseringsåret 2012. Resultatet blei at me fekk internasjonaliseringsmidlar frå Det humanistiske fakultetet og Institutt for arkeologi, konservering og historie. Slik kom me i gang med den første kurset sommaren 2012, fortel van der Meulen til Uniforum. Med på laget fekk ho kollegaen Tine Frøysaker, som leier ei av gruppene på sommarskulen.

 

 

KONSENTRASJON: Studentane er i full konsentrasjon om kva metode som er best for å ta vare på denne scenedekorasjonen.

 

Måtte avlysa kurset i 2013

Sommaren 2012 deltok 14 studentar frå dei fire samarbeidsuniversiteta på kurset. Dei registrerte og dokumenterte alle teaterkulissane og bakteppet som skulle konserverast. Meininga var at arbeidet deira skulle fylgjast opp med eit nytt kurs sommaren 2013, men dei planane gjekk i vasken. – Grunnen var at me ikkje klarte å analysera giftstoffa i måleria tidsnok. Undersøkingar viste nemleg at det var både bly, kopar og arsen (arsenikk) i teaterkulissesettet «Skogen». Me kunne ikkje risikera at studentane skulle bli utsette for helsefarlege giftstoff. Hausten 2013 var resultatet av testane klare. Dei viste at det var ingen fare for eksponering, så lenge studentane brukar hanskar og vaskar hendene godt etter å jobba med kulissane, poengterer van der Meulen. Dermed blei det mogleg å organisera eit nytt kurs for 20 nye studentar i konservering denne sommaren. – I år får me økonomisk støtte på 30 000 euro frå Erasmus Intensive Programmes, legg ho til.

Stor rift om studietilbodet

Tilbodet er populært blant studentane i konservering. På Universitetet i Oslo var det 15 studentar som søkte på seks plassar. Også på dei andre universiteta var det stor rift om plassane. Studentane bur på Fredriksten festning og på Aas gaard utanfor Halden dei to vekene kurset varer. – For oss er dette ein heilt ideell plass for eit slikt kurs. Det er kort veg til Rygge flyplass, og det er lett å koma seg hit med bil. Og så kan me bu i nærleiken av der me arbeider med konserveringa i magasinbygningen til Halden historiske Samlinger, konstaterer ho. Når kurset startar blir studentane delte inn i tre grupper med kvar sin rettleiar. Dei masterstudentane som har mest praktisk erfaring, lærer opp dei som tidlegare berre har studert teori. Og dei som har studert konservering av måleri, deler det dei har lært med dei som har spesialisert seg på konservering av tekstilar eller skulpturar.

 

– Alle får utveksla kunnskapar

Universitetslektor Douwtje L. van der Meulen synest at kurset gir nyttig kunnskap både for studentane og for lærarane.

University of Oslo Summer School, Conservation of Theatre Sceneries:

– eit internasjonalt sommarkurs for studentar i konservering frå UiO, Göteborgs universitet, Universitetet i Køln og Universitetet i Amsterdam.

– kurset blei starta opp i 2012 med 14 deltakar, og held fram i 2014 med 20 deltakarar.

- oppgåva er å konservera og restaurera dei eldste kulissemåleria og bakteppet til Fredrikshalds Teater i Halden.

– Studentane får praksis i konservering i eit internasjonalt miljø og i eit museum. Lærarane får utveksla kunnskapar om ulike konserveringsteknikkar og undervisningsmetodar. Det endelege resultatet blir at Halden historiske Samlinger får teaterkulissar som dei trygt kan visa fram til publikum. For dei kan det vera eit viktig argument i arbeidet med å få eit nasjonalt teatermuseum til Halden, trur ho.

Studentane set pris på praksis i konservering

Inne i magasinbygningen er konserveringsstudent Mellissa Köhler frå Universitetet i Køln i gang med å analysera ein del av kulissane. – Dei studentane som deltok på kurset i 2012, oppfordra oss til å søkja på årets kurs, og det gjorde eg og ikkje angra på. Eg synest det er svært interessant, og så er det fint at me lærer nye teknikkar og nye metodar å konservera gjenstandar på. For meg er det også kjekt å bli kjent med konserveringsstudentar frå andre land, synest ho.

KJEMI: Arbeidet med restaurering av teaterkulissar handlar også om kjemi. Her diskuterer Hannah Flock (t.v,),  Naja Anissa Staats, Melissa Köhler,professor Tine Frøysaker og Ingrid Gudmestad kor mykje kjemiske midlar dei treng for å reinsa ein av scenedekorasjonane.

Litt lenger borte sit den einaste mannen mellom dei 20 studentane på kurset. Tor Erik Skaaland frå UiO sit djupt konsentrert i gruppa si for å finna løysinga på eit problem, heilt til me forstyrrar han. – Akkurat no held me på å finna ut kva kjemisk metode me skal bruka for å fjerna flekkar frå dette kulissemåleriet. Det diskuterer me oss fram til etter å ha analysert og registrert kva typar skader kulissane har. Konklusjonen vår er at me kan få best resultat ved å bruka preparatet Klucel G (metylcullulose) i dette tilfellet. Det aller beste er at me er så forsiktige at det ikkje blir synlege spor etter konserveringa, understrekar han.

Josefin Jansson frå Göteborgs universitet er glad for at ho både kan studera og arbeida på denne sommarskulen. – Praksis i konservering er svært viktig, og dette kurset har vore svært lærerikt, synest ho.

Like ved ein av dei største kulissane står Michelle Vergeer frå Universitetet i Amsterdam. Deltakarane har endeleg kome fram til kva metode dei skal nytta for å gi kulissemåleriet tilbake litt av det same uttrykket det hadde då Fredrikshalds Teater blei opna i 1838. – Eigentleg er den vanskelegaste jobben å bli einige om kva metode me skal bruka. Til slutt vinn eitt av forslaga fram, men det hender me får bruk for eitt av dei andre framlegga når me skal arbeida med andre delar av teaterkulissane, fortel ho.

FJERNA FLEKKER:  Tor Erik Skaaland  og dei andre studentane på konserveringskurset prøver å finna ut kva kjemisk metode dei skal bruka for å fjerna flekkar frå dette kulissemåleriet.

– Eit teater for folket

Eit steinkast frå magasinbygningen til Halden historiske samlinger, ligg Fredrikshald teater.

Fredrikshalds Teater:

- Noregs einaste barokkteater, innvigd i 1838-

- teikna av ingeniøroffiser på Fredriksten festning B.N. Garben

- teatret er ein klassisk empirebygning med symmetriske fasadar

- har ei stor kulissesamling som no blir restaurert i samarbeid med UiO

- samlinga skal stillast ut i det gamle misjonshuset som er blitt kulissemagasin

(Kjelde: Halden historiske Samlinger)

Det er Noregs einaste barokkteater og blei opna i 1838. – Faktisk blei det bygt som eit teater for heile folket i Halden, ikkje berre for eliten. Teatret var difor eit felles møtepunkt både for forretningsfolk, overklassen, dei militære og vanlege folk, fortel Douwtje L. van der Meulen. Teatret har ein svær scene og ti rader med harde trebenkar. No er scenen dominert av «Gaten», ein av dei andre gamle kulissane.

– Eg gler meg til den dagen når dei kan stilla ut dei ferdig restaurerte teaterkulissane «Skogen». Det blir ein stor dag for alle oss på konserveringsstudiet.

 

 

 

BAROKKTEATER: Fredrikshalds Teater i Halden opna i 1838 og er Noregs einaste barokkteater. Universitetslektor Douwtje L. van der Meulen synest det er flott at studentane på sommarskulen i konservering kan hjelpa til med å få restaurert dei gamle scenedekorasjonane til dette teateret.

Heilt til slutt kjem både ho og fagfellen, professor Tine Frøysaker med eit lite hjartesukk og eit godt råd til alle som arbeider med å organisera internasjonale studentkurs.

– Ta tidleg kontakt med dei IT-ansvarlege på Universitetet i Oslo. De bør gjera det minst eit halvt år i førevegen for å få dei utanlandske studentane registrerte ved UiO og sikra at de kan bruka både Fronter og e-post på kurset, seier dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft og Ola Sæther (alle foto)
Publisert 25. aug. 2014 16:09 - Sist endra 25. aug. 2014 16:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere