FutureLearn skal formidla UiO-kurs til verda. Boikottlover øydela for amerikanske selskap

Britiske FutureLearn blir plattforma som skal tilby gratis UiO-kurs til nettstudentar over heile verda. Dei amerikanske plattformene Coursera og EdX tapte i konkurransen fordi dei må fylgja USAs boikottlover.

UIO FØRST UTE: – UiO blir  først ute i Noreg med å ha klar ei plattform for nettkurs som vil bli tilbydd heile verda på engelsk, fortel Linda Therese Johnsen i USIT. Det britiske selskapet FutureLearn skal levera MOOC-plattforma til UiO.

Foto: Ola Sæther

Det første globale og engelskspråklege nettkurset frå UiO, vil truleg bli klart i løpet av hausten. Då er det det britiske selskapet Futurelearn som leverer plattforma som skal få det kurset og alle dei andre kursa ut i den globale nettverda på ein såkalla MOOC, altså Massive Open Online Courses.

UiO og Futurelearn skreiv nyleg under på den endelege avtalen. Det opplyser Linda Therese Johnsen i USIT til Uniforum. Ho  er gruppeleiar for digitale media i læring og har koordinert arbeidet med å finna ei MOOC-plattform som kunne oppfylla alle dei krava UiO stilte for å få eit best mogleg verktøy for dei nettkursa universitetet vil tilby internasjonalt.

UiO første ut i Noreg med globale nettkurs

– UiO blir dermed først ute i Noreg med å ha klar ei plattform for nettkurs som vil bli tilbydd heile verda på engelsk, fortel Linda Therese Johnsen. Dei aller største tilbydarane av MOOC-plattformer er dei amerikanske selskapa Coursera og EdX. Coursera har 6,4 millionar brukarar og spring ut av Stanford University i California, medan EdX er ei plattform som er blitt danna i eit samarbeid mellom Massachussets Institute of Technology og Harvard University. Den har over to millionar brukarar.

Boikottlover hindra avtale med Coursera eller EdX

Likevel er det den britiske MOOC-plattforma FutureLearn som har gått sigrande ut av konkurransen om å få ein kontrakt med UiO. Ein viktig grunn til dette er at dei amerikanske selskapa også har ein kommersiell del for kursa som dei krev betaling for. Det fører til at dei ligg under dei amerikanske handelslovene, og dermed må dei også fylgja USAs politikk med å boikotta land som Cuba, Nord-Korea og Sudan. Boikotten av Iran blei nyleg oppheva.

FutureLearn er britisk og har ingen slike avgrensingar. – Dermed er kursa opne for absolutt alle i heile verda, og det var eit viktig prinsipp når UiO valde å inngå ein kontrakt med det selskapet om levering av MOOC-plattform, fortel Johnsen.

Universiteta må vera mellom verdas 200 beste

Men det var sjølvsagt også andre viktige grunnar. – Ja, eit vilkår for å bli med i FutureLearn er at universiteta må vera mellom dei 200 beste i verda på rankinga til Timer Higher Education. For UiOs omdømme er det svært viktig, synest Johnsen.

I vurderinga av dei ulike tilbydarane går det fram at  FutureLearn er eit selskap som blir eigd av Open University i Storbritannia. Det blei starta i oktober 2013 og har allereie 200 000 brukarar. I vår har UiO gjennomført ein pilot for ein nettbasert versjon av exphil. «Flexphil» vil frå hausten blir eit ope kurs for alle interesserte som kan norsk og har internett. Då brukte universitetet plattforma Canvas. USIT konstaterer i vurderinga si at den plattforma er god, men den har ikkje noko globalt nedslagsfelt. Det er nemleg svært viktig når UiO no skal tilby gratis nettkurs til alle i heile verda. Det er heller ikkje aktuelt for USIT å utvikla ei eiga og ny plattform.

– Det blir altfor arbeidskrevjande. Kriteria UiO sette, var at me måtte velja ei plattform som har global gjennomslagskraft, som er ope og tilgjengeleg for alle. Det må også vera slik

Kva er MOOC?

Massive Open Online Courses (MOOC) er kurs tilbydde over internett. Blir tilbydde gratis til svært mange personar. Brukaren loggar seg inn på ei nettside og melder seg på.

MOOC skil seg frå tradisjonelle universitetsstudium gjennom at kursa er opne for absolutt alle.. I utgangspunktet krev deltaking berre at den som vil delta har tilgang til nettet.  Kursa kan enkelt tilpassast i samsvar med talet på deltakarar.

Den pedagogiske tilrettelegginga av MOOC er under kontinuerleg  utvikling. Kursa nyttar  seg gjerne av korte video-undervisningssekvensar, quiz-testar, variantar av fagfellevurderingar og maskinretta multiple choice-eksamenar.

Kursa kan også leggja opp til brukarstyrt  læring og at kursdeltakarane  dannar nettverk seg imellom, gjerne ved bruk av ulike digitale tenester for deling og samhandling. .

Kjelde: MOOC-utvalets første delrapport, desember 2013

 utforma at den fungerer bra pedagogisk og er tilpassa dette formålet, understrekar Johnsen.

Gratis avtale

Det som skil ei MOOC-plattform frå ei plattform som til dømes Fronter, er at det ikkje er eit fast opplegg for eigne studentar, og at MOOC-plattforma har ein del andre funksjonar. Absolutt alle i heile verda kan delta på eit MOOC-kurs. I praksis blir kursa ei blanding av forelesingar, videovisningar og innlevering av og fagfellevurdering på oppgåver. Det er likevel også mogleg å ha eigne kurs for eigne studentar, gjennom såkalla SPOC.  Dette avspeglar eit  MOOC-kurs, men er tilpassa universiteta sine eigne studentar. – Nokre av universiteta tilbyd også eigne diplom til dei som har tatt eit MOOC-kurs.  Alle kursa skal vera gratis, og dermed kan studentar som elles ikkje hadde hatt høve til å ta universitetskurs no fylgja undervisning frå prestisjeuniversitet verda over, fortel Linda Therese Johnsen.

– Og kor mykje kostar avtalen med FutureLearn for UiO?

– Det er sjølvsagt heilt gratis. Førebels er det ikkje mogleg å ha eigne kurs lokalt berre for universitetet sine eigne studentar på denne plattforma, men ein slik «SPOC» Small Private Online Course» vil snart vera på plass. Det vil også tilbodet om å samla fleire kurs til eit studieløp. Om du har laga eit MOOC-kurs, vil det vera uproblematisk å laga ein lokal variant av det, i ein såkalla SPOCS., opplyser Johnsen.

Den 12. juni vil Gruppa for digitale media i læring ved USIT skipa til eit fagseminar om MOOC på Universitetet i Oslo. På denne EdTech-dagen blir alle som er interesserte i å etablera sine eigne kurs inviterte, og dei vil få informasjon om korleis dei skal gå fram og korleis dei kan få assistanse frå USIT. – Me håpar mange melder seg på, seier Linda Johnsen.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Studenforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2014 16:41 - Sist endra 7. juni 2014 00:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere