Ruth Vatvedt Fjeld trekkjer seg som prorektor

Ruth Vatvedt Fjeld trekkjer seg frå vervet som prorektor ved Universitetet i Oslo. Viserektor Ragnhild Hennum er foreslått som ny prorektor. Det blei kjent i Universitetsstyret i dag.

TREKKJER SEG: Ruth Vatvedt Fjeld (t.h.) trekkjer seg frå vervet som prorektor ved Universitetet i Oslo. Viserektor Ragnhild Hennum overtar vervet som prorektor.

Foto: Ola Sæther

Ruth Vatvedt Fjeld har i dag heilt overraskande trekt seg frå vervet som prorektor ved Universitetet i Oslo. Valstyret ved professor Knut Heidar foreslår at viserektor Ragnhild Hennum overtar vervet som prorektor. Universitetsstyret vil gjera endeleg vedtak i saka. Det er ikkje universitetspolitiske grunnar som gjer at ho går av.

No litt før klokka 13.30 vedtok fleirtalet i Universitetsstyret forslaget om å lata viserektor Ragnhild Hennum overta vervet som prorektor. Studentrepresentantane stemte for at det burde vera nyval på rektor.

Uniforum oppdaterer saka.

(Oppdatert kl. 13.32)

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2014 13:10 - Sist endra 8. mai 2014 11:29

Valgreglementets kapittel 2, § 21 pt. 2 sier: «Fratrer rektor eller prorektor mer enn seks måneder før funksjonstiden er ute, foretas nyvalg for den tid som er igjen.» Her er det vel helt åpenbart at styret ikke har fattet et lovlig vedtak, og at studentrepresentantenes krav må tas til følge?

Tobias Langhoff - 6. mai 2014 13:55

Etter å ha lest sakspapirene ser jeg at valgstyrets forslag faktisk var å helt spesifikt fravike valgreglementet. Spesielt.

Tobias Langhoff - 6. mai 2014 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere