Franskseksjonen klagar på behandlinga av språksenter

Ni av dei vitskaplege tilsette ved franskseksjonen på UiO har klaga inn Det humanistiske fakultetets behandling av samarbeidet med språksenteret i Caen i Frankrike til universitetsleiinga. I morgon melder UiO ifrå til dei andre samarbeidsuniversiteta at dei trekkjer seg ut.

KLAGAR: Franskprofessor Hans Petter Helland er mellom dei ti som har skrive under på ein klage til rektoratet om sakshandsaminga rundt avgjerda om at UiO trekkjer seg frå samarbeidet om det fransk-norske studiesenteret i Caen.

Foto: Ola Sæther

I morgon skal HF-dekan Trine Syvertsen formelt orientera Nasjonalt fakultetsmøte om at Universitetet i Oslo vil trekkja seg ut av samarbeidet om Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen (OFNEC). Avgjerda vil dermed kunna setjast i verk frå 1. januar 2017.

Fakultetsleiinga har brukt store kostnader og manglande studentinteresse som argument for å få støtte til å gå ut av samarbeidet. Uniforum har tidlegare meldt at fleirtalet av dei vitskaplege tilsette på franskseksjonen har protestert mot avgjerda og hevda at vedtaket er gjort på heilt feil grunnlag.

Etter at saka kom opp som orienteringssak på det siste møtet i fakultetsstyret, fekk dekan Trine Syvertsen grønt lys til å melda frå til Nasjonalt fakultetsmøte at UiO ville koma til å gå ut av samarbeidet. Seinare har direktør for Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU), Alf Rasmussen tatt til orde for at UiO bør halda fram med å delta i samarbeidet om senteret.

Vil tvinga HF til å snu

Fleirtalet av dei vitskaplege tilsette på franskseksjonen har no skrive under på ein klage på sakshandsaminga og sendt den til rektoratet, fakultetsleiinga og leiinga ved Institutt for litteraturvitskap, områdestudiar og europeiske språk (ILOS). No håpar dei at det skal føra til at Det humanistiske fakultetet ved UiO blir tvinga til å snu i denne saka. Mellom andre har professorane Hans Petter Helland, Marianne Hobæk Haff og Antin Fougner Rydning skrive under klagen. Sistnemnde er leiar for franskseksjonen.

Meiner HF gir feil informasjon

I klagen peikar dei på at fakultetsleiinga har brukt ukorrekte opplysningar i argumentasjonen sin for å trekkja UiO ut av samarbeidet. Dei viser til at det står at Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) har ein eigen avtale med det franske universitetet som husar studiesenteret, og at HF ikkje har innverknad på den avtalen. Dei som står bak klagen, seier at dette ikkje er rett. Overføringa av pengane frå Kunnskapsdepartementet frå SiU til  Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid er avhengig av at det finst eit samarbeid på norsk side om studiesenteret. Det blir vist til at SiUs avtale med Caen byggjer på samarbeidet mellom dei norske universiteta.

Dei meiner også at det ikkje er rett at Institutt for litteraturvitskap, områdestudiar og europeiske språk (ILOS) sin avtale om å driva årskurset i fransk, ikkje vil bli skadelidande av at UiO melder seg ut av senteret. Dette er tidlegare blitt tilbakevist både av franskseksjonen og leiinga for SiU, står det i klagen.

Etter deira meining er difor premissane for utmeldinga til UiO frå Caen-samarbeidet feil framstilt for dei nasjonale samarbeidspartnarane, og ikkje kommunisert i det heile tatt til den franske samarbeidspartnaren. Heller ikkje dei som saman med UiO står bak årskurset, Senter for internasjonalisering av utdanning og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har fått god nok informasjon om dette, går det fram av klagen frå dei protesterande tilsette på franskseksjonen.

Fransk universitetsrektor protesterer

Rektor ved Universitetet i Caen Basse-Normandie, Pierre Sineux har også sendt eit brev til UiO-rektor Ole Petter Ottersen der han seier seg lei for at UiO vil trekkja seg ut av Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen. I ei norsk omsetjing av brevet går det fram at han er svært forbausa over at dette skjer utan at universitetet hans er informert om evalueringsrapporten som konkluderte med at UiO burde gå ut av studiesenteret. Han peikar på at det blei først kjent for Universitetet i Caen gjennom oppslag i Uniforum og Universitas frå 2. og 3. april i år.

Til slutt i brevet ber han om at saka blir handsama på ein ordentleg måte i dei politiske organa til Universitetet i Oslo. Samtidig oppfordrar han UiO til å trekkja saka frå sakskartet til Nasjonalt fakultetsmøte onsdag 7. mai.

Ber rektoratet om å overprøva vedtak

Dei som står bak klagen frå franskseksjonen, meiner at saka må handsamast på nytt fordi strategiske avgjerder er tatt på feil grunnlag. Avgjerdene er heller ikkje tatt med støtte i styreorgan frå Institutt for litteraturvitskap, områdestudiar og europeiske språk. Dei oppfordrar difor rektoratet til å overprøva vedtaka som er gjorde av HF-leiinga på vegner av UiO.

Ingen kommentar frå HF-leiinga

Uniforum har også vore i kontakt med fungerande fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø på HF i denne saka. Dei har ingen andre kommentarar enn dei dei tidlegare har kome med.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2014 16:20 - Sist endra 6. mai 2014 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere