– Fleire forskarar må søkja pengar frå EU

Noreg gir til saman 18 milliardar kroner til EUs nye forskingssatsing Horisont 2020.  Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen etterlyser fleire søknader frå norske forskarar.

ETTERLYSER: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen etterlyser fleire norske søknader til Horisont 2020.

Foto: Ola Sæther

EUs nye forskingssatsing Horisont 2020 vil få eit bidrag frå Noreg på 18 milliardar kroner. Til saman vil heile forskingssatsinga ha eit budsjett på 525 milliardar kroner over sju år, og er dermed verdas aller største forskingsprogram. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen synest norske forskarar så langt har vist for lita interesse for desse pengane.

– Inga gåve til EU

– Regjeringa ynskjer ikkje å gi 18 milliardar kroner i gåve til EU. Me håpar at norske forskarar vil bringa tilbake til Noreg godkjende søknader for minst den same summen, sa Røe Isaksen då han presenterte Forskingsbarometeret 2014 på Universitetet i Oslo i går. – Dette er ein gyllen sjanse som norske forskarar må nytta seg av, meinte han. Røe Isaksen viste til at dei største norske universiteta fekk langt mindre pengar inn frå EU-program enn dei største universiteta i Sverige, Danmark og Finland.

"Feit og nøgd katt"

– Derfor må norske forskarar bli flinkare enn dei er til å søkja om pengar frå EUs forskingsprogram. Noreg må visa at me gjer til skamme påstanden til den amerikanske forskaren Robert John Smith som kalla Noreg for ein feit og nøgd katt. Kanskje finansieringa av norske institusjonar er for generøs, og at det difor kjem inn for få søknader om EU-pengar? Om dei hadde fått mindre pengar, ville kanskje fleire søkt om pengar frå EU? lurte han på.

Samtidig så synest han at det var mykje bra innanfor norsk forsking også.

– Sidan 2001 har talet på forskarar auka med 12 000 personar. Aldri har så mange arbeidd med å forandra verda og finna nye løysingar. Mellom dei vil me også finna dei som Steve Jobs kalla for «The Crazy Ones». Det er dei som har store ambisjonar og er sprøe nok til å driva med noko som kan endra verda. Det ser me også teikn til her i Noreg. Berre sjå på forskargruppa ved UNI i Bergen som fann ein sjøplante som kan brukast både til fiskefor og til drivstoff i bilar, peika han på.

 

Sverige og Danmark gjer det best

Røe Isaksen fann likevel stort rom for betringar innanfor norsk forsking.

– Norsk forsking blir sitert meir enn verdsgjennomsnittet, men mindre enn svensk og dansk forsking. Norske artiklar har derimot hatt sterkast auke i siteringar, viste han til.

Tala frå Forskingsbarometeret syner at Sverige og Danmark gjer det best i dei fleste fagområda, medan Noreg skil seg positivt uti geovitskap, og landbruk, skogbruk og fiskeri. Også når det gjeld talet på tildelte ERC-stipend, har universiteta i Sverige, Danmark og Finland lykkast betre enn dei norske.

84 prosent av tildelingane frå EUs rammeprogram i 2013 gjekk til NTNU i Trondheim, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Desse tre institusjonane tar også imot 73 prosent av løyvingane frå Forskingsrådet, viser tal frå Forskingsbarometeret. Programmet Fri prosjektstøtte (FRIPRO) var det programmet i Forskingsrådet institusjonane i universitetets- og høgskulesektoren henta mest pengar frå i 2013.24 prosent av dei samla midlane frå Forskingsrådet til den sektoren, kom frå det programmet.

For statlege høgskular er programma Strategiske høgskuleprosjekt (SHP), Utdanning 2020, PRAKUT og VRI spesielt viktige. Halvparten av tildelingane frå Forskingsrådet til høgskulane kom i 2013 frå desse programma.

Dette er Horisont 2020:

EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon som går frå 2018-2025:

525 milliardar kroner skal fordelast til forskarar innanfor EU- og EØS-området.

Programme er delt inn i tre hovudsatsingar:

-ein grunnforskingsdel som finansierer nyfikendriven nyskapande forsking og storskala forskingsinfrastruktursamarbeid.

-ein del som finansierer industrielt leiarskap og konkurranseevne, og som har tunge næringsretta verkemiddel

-den siste delen finansierer forsking og innovasjon for å løysa felles samfunnsutfordringar.

Forskingsbarometeret viser at talet på kvinnelege professorar no er kome opp i 25 prosent. Mellom førsteamanuensane er det 40 prosent kvinner.

1,5 millionar besøkjande

Og når me går til museumssektoren, er det mest gledelege besøkstalet på 1,5 millionar i 2013. Dei har hatt høve til å sjå 17,5 millionar gjenstandar i museumssamlingane. Besøkstalet har vore stabilt dei siste åra. Dei vitskaplege tilsette ved universitetsmusea forskar meir enn tidlegare. Kunnskapsdepartementet gir æra for det til den strategiske satsinga på forsking og utvikling ved musea. Denne potten var på fem millionar kroner i perioden 2009-2014, og har ført til auka samarbeid mellom musea. Til saman var det 224 årsverk i forskings- og undervisningsstillingar ved universitetsmusea i 2013. Dette er ein nedgang på 4,5 prosent frå året før.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2014 11:30 - Sist endra 8. mai 2014 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere