UiO må stansa borreliaforsking

Helsetilsynet gir no UiO formelt pålegg om å stansa forskingsprosjektet til dei pensjonerte professorane Ivar Mysterud og Morten Laane på Institutt for biovitskap. Dei har forska på flått som berar av borrelia-bakterien. UiO må også leggja ned forskingsbiobanken forskarane har oppretta.

MÅ STANSAST: Helsetilsynet gir UiO pålegg om å stansa forskingsprosjektet til dei pensjonerte biologiprofessorane Morten Laane (t.v.) og Ivar Mysterud. Dei prøver å finna svar på om flåttbit overfører borreliabakterien.

Foto: Ola Sæther

Pålegget kjem i eit brev Helsetilsynet sende til Universitetet i Oslo før helga, og som Uniforum har fått tilgang til. Der blir borreliaforskinga til biologane Ivar Mysterud og Morten Laane skildra som så uforsvarleg at den må stansast.

Det var i ein artikkel i Nr. 1/2013 av det vitskaplege tidsskriftet Biological and Biomedical Reports, dei to forskarane først presenterte funn som dei meiner provar at det er mogleg å bruka ein heilt ny metode for å oppdaga borreliabakterien. Kort fortalt går det ut på å bruka mikroskop for å sjå på innhaldet i blodprøvar frå pasientar som er blitt bitne av flått. Dei meiner at strukturane dei ser på bileta gjennom mikroskop, er borreliabakteriar. På den måten har dei funne borreliose i blodet til mellom andre TV-kjendisen og eventyraren Lars Monsen.

Etter at forskingsmagasinet Apollon fortalde om funnet i mai 2013, har det medisinske forskingsmiljøet tatt kraftig til motmæle mot funna til dei to biologane.

– Artikkelen framstiller ukritisk ein lite utprøvd og difor uviss metode som ein sikker test på sjukdom, seier nevrologiprofessor Åse Mygland ved Sørlandet sjukehus, Kristiansand. Dette sjukehuset er referanselaboratorium for borreliose, og Mygland har deltatt i arbeidet med å laga europeiske retningslinjer for diagnostikk og behandling av borreliainfeksjonar i nervesystemet, går det fram av ein artikkel i Apollon.

Mangla godkjenning frå forskingsetisk komité

Heller ikkje Helsetilsynet let seg imponera av forskinga til biologane Ivar Mysterud og Morten Laane. Det konstaterer rått og brutalt at dette ikkje er forsking, slik som forsking skal utførast etter føreskriftene. Difor pålegg det UiO å stansa forskingsprosjektet og øydeleggja forskingsbiobanken dei har oppretta.

Helsetilsynet ved direktør Jan Fredrik Andersen skriv at sjølv om forskarane Ivar Mysterud og Morten Laane hevdar at forskingsprosjektet deira blei godkjent av Regional komité for  medisinsk og helsefagleg forskingsetikk Sør-Øst A på eit prosjekt som hadde tittelen «Påvisning av bakterie-DNA ved pyrosekvensering av blodprøver fra pasienter med ME-sykdom», viser undersøkingane deira noko anna. Prosjektleiar var professor Trond Schumacher, men verken Ivar Mysterud eller Morten Laane var gitt opp som medarbeidarar i det forskingsprosjektet. REK gav også løyve til at det blei oppretta ein forskingsbiobank til det prosjektet, men det var ikkje søkt om å oppretta ein ny forskingsbiobank for tilleggsprøvar samla inn av Ivar Mysterud og Morten Laane. Då instituttleiinga blei klar over at aktiviteten til dei to forskarane ikkje var dekt av den aktuelle godkjenninga frå den regionale komiteen for medisinsk- og helsefagleg forskingsetikk, gav dei ordre om at forskingsarbeidet skulle stansast.

Brot på fem paragrafar i helseforskingslova

Etter dei opplysningane som ligg føre i denne saka, reknar Helsetilsynet forskingsprosjektet til Ivar Mysterud og Morten Laane som medisinsk forsking. Grunngjevinga er at det handlar om menneske og omfattar biologisk materiale frå menneske i form av blod. Direktør Jan Fredrik Andersen understrekar i brevet at metoden klassisk mikroskopering er brukt og forskarane «har søkt å oppnå ny kunnskap om Borrelia-spiroketer i menneskelig blod.» Forskinga må difor omfattast av dei krava som blir stilte til den type forsking i helseforskingslova.

I konklusjonen slår Helsetilsynet fast at forskingsprosjektet til Ivar Mysterud og Morten Laane har brote fem av paragrafane i helseforskingslova:

  • Manglande førehandsgodkjenning (§ 9)
  • Prosjektet er ikkje organisert i samsvar med krava til organisering av medisinsk og helsefagleg forsking (§6).
  • Det er ikkje dokumentert at eventuelt avgitt samtykke frå deltakarane var eit informert samtykke (§13)
  • Det ligg ikkje føre dokumentasjon på at deltakarane har samtykt til oppheving av teieplikta i samband med publisering av forskingsresultata (§ 7).
  • Dersom prosjektleiar ynskjer å gjera vesentlege endringar i forskingsprosjektet sitt formål, metode, tidsløp eller organisering, skal søknad sendast til den regionale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk som har gitt førehandsgodkjenning. Det blei ikkje gjort i dette tilfellet. Difor er det brot på § 11 i helseforskingslova.

«Uforsvarlig»

I oppsummeringa si slår Helsetilsynet fast at det ligg føre omfattande brot på helseforskingslova i samband med det aktuelle forskingsprosjektet. Tilsynet ser særleg alvorleg på at prosjektet ikkje er godkjent av den regionale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). «Driften av forskningsprosjektet anses uforsvarlig», er konklusjonen. Helsetilsynet finn det difor naudsynt å påleggja Universitetet i Oslo som forskingsansvarleg å stansa forskingsprosjektet. I vedtaket blir det også understreka at den tilhøyrande forskingsbiobanken må leggjast ned, og innhaldet må øydeleggjast. I løpet av fire veker vil Helsetilsynet ha ei stadfesting frå UiO på at pålegget er gjennomført. Om UiO vil klaga på vedtaket, må dei gjera det før det er gått tre veker.

Førebels ingen kommentar frå UiO

UiO-rektor Ole Petter Ottersen vil førebels ikkje kommentera denne saka.

- Me har mottatt Helsetilsynets pålegg om stansing av forskingsprosjektet. Universitetet har i denne saka ein klageadgang der fristen er tre veker. Me  ynskjer ikkje å kommentera saka i media før me har vurdert om saka skal klagast på,  opplyser Ole Petter Ottersen i ein e-post til Uniforum.

(Oppdatert 11.03.2014, kl. 09:44)

 

Emneord: Medisin, Biologi, Etikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2014 17:32 - Sist endra 11. mars 2014 10:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere