Skulpturen markerer opninga av 200-årsjubileet til Naturhistorisk museum. Islabyrinten blei offisielt opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Over 3000 personar kom seg ut av varme stover og ut i kulden på Tøyen for å få med seg isverket til kunstnaren Peder Istad mellom klokka 15.00 og 20.00 på laurdag, opplyser museumsdirektør Arne Bjørlykke til Uniforum. - Det viser kor stor sympati Tøyen har blant Oslos innbyggjarar, seier ein strålande nøgd museumsdirektør. Til saman har kunstnaren Peder Istad brukt 70 tonn is.
IS OG KULDE: Barna fann seg godt til rette i is og kulde inne i islabyrinten.
I mange timar etter opninga boltra framleis flest barn, men også ein del vaksne seg i islabyrinten. Truleg vil den bli minst like populær som apefossilet Ida. Det var i alle fall ingen tvil om at barna som hadde tatt turen til Tøyen sette stor pris på å leika i is og kulde.
Islabyrinten er 12 meter i diameter og og har islblokker på over to meter. Heile verket er lyssett med LED-lys. Og så lenge islabyrinten ikkje smeltar bort, vil portane til Botanisk hage vera opne kvar kveld fram til klokka 20.00.
IMPONERTE: Både barn og vaksne blei imponerte av islabyrinten til kunstnaren Peder Istad på Tøyen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere