Får 16 millionar kroner til forsking på tarmkreft

Medisinprofessor Ragnhild Lothe ved Oslo universitetssykehus og UiO er tildelt 16 millionar kroner frå Stiftelsen K.G. Jebsen. Betre diagnostisering og behandling av tarmkreft kan bli resultatet.

FÅR MILLIONGÅVE: Medisinprofessor Ragnhild Lothe får 16 millionar kroner frå Stiftelsen K.G.Jebsen for å oppretta eit senter for forsking på tarmkreft. Lothe  er også assisterande leiar for Senter for kreftbiomedisin som medisinprofessor Harald Stenmark leier. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Med desse pengane kan kreftforskar Ragnhild Lothes senter ved Oslo universitetssykehus bidra til å finna fram til betre diagnostisering og behandling av tjukk- og endetarmskreft. I tillegg kan det hjelpa til med å få større effektivitet og pasientgevinst på sjukehuset. Lothe trur at opprettinga av eit eige senter kan få fleire yngre legar og forskarar til å interessera seg for denne alvorlege kreftforma. Den er den nest vanlegaste i Europa  og i dag overlever berre halvparten av pasientane, står det i ei pressemelding frå Stiftelsen K.G. Jebsen. I dag er Ragnhild Lothe også assisterande senterleiar ved Senter for kreftbiomedisin ved OUS og UiO.

 

Hjernekreft og blodpropp

Av dei til saman 14 K.G. Jebsen-sentra som vil vera etablerte i 2014, arbeider fem med kreftrelatert forsking. I denne omgangen gjekk det også 16 millionar kroner til eit prosjekt som arbeider med hjernekreft. Det har hovudbasen i Luxembourg, men blir leidd av medisinprofessor Rolf Bjerkvik ved Universitetet i Bergen. Målet er å overføra forskingsresultat frå laboratoria til pasientbehandling.

For første gong fekk UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø også pengar til eit medisinsk senter frå stiftinga. 16 millionar gjekk til medisinprofessor John-Bjarne Hansen. Pengane skal brukast til såkalla venøs tromboembolisme (VTE), som er ei fellesnemning for blodpropp i samleårene i hjarte-karsystemet (djup venetrombose og lungeemboli). 10 000 nordmenn får årleg den lidinga. Målet er å betra risikovurderinga og driva målretta førebygging og behandling av desse alvorlege tilstandane.

Les meir i Oslo universitetssykehus sin omtale av milliontildelinga.

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2013 11:10 - Sist endra 13. des. 2013 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere