Universitetet i Oslo best i Noreg

Universitetet i Oslo er på 185. plass på lista over verdas beste universitet, viser årets rangering frå Times Higher Education. Det gir UiO førsteplass i Noreg. Best i Norden er Karolinska Institutet i Stockholm. Verdas beste er California Institute of Technology.

BEST i NORDEN: Karolinska Institutet er det beste universitetet i Norden, ifylgje Times Higher Education. Det er på 36. plass på verdsrangeringa. Dette er den nyaste bygningen til Karolinska Insitutet, Aula Medica.

Foto: Martin Toft

Det suverent beste universitetet i Norden er Karolinska Institutet. Dette medisinske universitetet kjem heilt oppe på 36. plass mellom verdas 200 beste universitet, ifylgje universitetsrangeringa til Times Higher Education. Det mest overraskande er at Helsingfors universitet hamnar på plass nummer 100 og blir nest beste universitet i Norden, tett fylgd av Stockholms universitet (103) og Uppsala på 4. plass (111).

Københavns Universitet fell 20 plassar

Det beste danske universitetet denne gongen er Danmarks Tekniske Universitet som kjem på delt femteplass i Norden, og deler plass nummer 117 i verda med Kungliga tekniska høgskolan. Både Lunds universitet (123) og Aarhus Universitet (138) plasserer seg betre enn Universitetet i Oslo. Københavns Universitet er truleg ikkje nøgd med at det kaprar ein 150. plass og berre er det niande beste universitetet i Norden. I fjor var det nummer 130.  UiO fylgjer på tiandeplass i Norden med sin 185. plass på verdsrangeringa. UiO har likevel gått opp mellom 15 og 20 plassar samanlikna med fjoråret. I Europa ligg UiO på rundt 80. plass. Ingen av dei andre norske universiteta er på 200-på-topplista.

Oxford best i Europa

Europas desidert beste universitet er University of Oxford som deler andreplassen på verdsstatistikken med Harvard University. University of Cambridge tar 7. plassen totalt. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er nok ein gong Swiss Federal Institute of Technology, Zürich på 14. plass.  I Asia gjer Tokyo University i Japan det best med ein sterk  23.plass i verda.  Sør-Afrikas Cape Town University på 126. plass er Afrikas einaste representant på lista over verdas 200 beste universitet. Ingen universitet frå Brasil, Russland og India er med i den eksklusive klubben. Derimot finst det universitet frå Singapore, Kina og Sør-Korea mellom dei 60 beste universiteta.

Finanskrisa råkar universiteta

Redaktør Phil Baty i Times Higher Education synest at lista avspeglar den økonomiske krisa Europa har vore gjennom dei siste åra.

– Mange europeiske universitetet ramlar nedover på lista. Det ser me både i Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia. Kutta i dei offentlege budsjetta må truleg ta skulda for det, for dei har også råka universiteta, konstaterer han.

Framgang for nordiske universitet

Phil Baty ser likevel eit stort unntak frå denne utviklinga i dei nordiske landa.

–Dei nordiske universiteta har halde på posisjonen sin og nokre har også klatra vidare opp på lista. Overføringane av pengar frå staten til universiteta har framleis vore rause i desse landa, og det tener dei på.

 – Du synest altså at lærdomen må vera at universiteta må sikrast offentlege pengar?

– Eg tar ikkje stilling til om pengane skal koma frå offentlege eller private kjelder. Det som er viktig er at universiteta får god finansiering.

– Kva synest du om at det medisinske universitetet Karolinska Institutet er på 36. plass på verdsrangeringa?

– På våre lister får nisjeuniversitet ofte ekstra poeng på grunn av den høge graden av forsking som skjer ved desse høgt spesialiserte universiteta. Det er også tilfellet med California Institute of Technology som for andre året på rad toppar verdsrangeringa, understrekar Phil Baty overfor Uniforum.

Heile verdsrangeringa kan du lesa på nettsida til Times Higher Education.

Emneord: Rangering, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2013 17:10 - Sist endra 2. okt. 2013 17:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere