I formiddag blei alle dei nye mellomleiarane i Sentraladministrasjonen presenterte for dei dei skal leia, på eit allmøte i Georg Sverdrups hus.
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe bad først den nyutnemnde direktøren for administrativ støtte, Ellen Johanne Caesar koma opp. Så fekk ho i oppgåve å presentera dei nye seksjonssjefane og avdelingsleiarane i den avdelinga.
Deretter blei direktør for fagstøtte, Monica Bakken kalla opp for å gjera det same med sine nye mellomleiarar. Alle fekk applaus av dei mange hundre frammøtte. Nokre lurte på kva namna på dei nye avdelingane og seksjonane ville bli på engelsk, men det fekk dei ikkje svar på i dag. Derimot vil dei få svar på det så snart det er bestemt, opplyste universitetsdirektøren. Ho lova også at alle stillingane som skal nyrekrutterast, vil bli lyste ut, og UiO reknar med at dei som blir tilsette i desse mellomleiarjobbane, kan begynna rett etter nyttår.
Kommunikasjonsdirektør Marina Tofting, organisasjonsutviklingsdirektør Anita Sandberg og leiar for systemeigarskap og IT, Johannes Falk Paulsen er innplasserte i Eininga for leiarstøtte. Bedriftshelsetenesta vil få Kolbjørn Talle som sjef frå 6. januar, medan Elisabeth Mona vil halda fram med å vera HMS-koordinator på UiO. I Internadministrasjonen vil Bjørnar Sarnes fungera som sjef fram til ny underdirektør er på plass rett etter nyttår.
I løpet av dei næraste vekene blir også alle dei andre tilsette i Sentraladministrasjonen plasserte i den fagavdelinga og seksjonen dei skal høyra til.
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe lova også alle dei ny mellomleiarane høve til å utvida kompetansen sin gjennom eit eige leiarutviklingsprogram
Dette er eit oversyn over mellomleiarar i Fagstøtte, Administrativ støtte, Personalstøtte og Internadministrasjon:
Fagstøtte
Administrativ leiar: Seksjonssjef Hanna Ekeli
Sentralbordet:
Seksjonssjef Jon Vollset
Seksjon for opptak og tilrettelegging:
Seksjonssjef Camilla Haugland
Nestleiar Hanne-Gerd Nielsen
Seksjon for forskings-, utdanningsstøtte og internasjonalisering:
Seksjonssjef Ingrid Sogner
Nestleiar blir nyrekruttert
Seksjon for forvalting av forsking og utdanning:
Seksjonssjef Hege Bolstad Pettersen
Nestleiar blir nyrekruttert
Seksjon for kommunikasjon og studentinformasjon:
Seksjonssjef Kristin Fossum Stene
Nestleiar blir nyrekruttert
Seksjon for samfunnskontakt og arrangement:
Seksjonssjef blir nyrekruttert
Seksjonssjef Hanna Ekeli har det mellombelse ansvaret
Seksjon for studieadministrative system:
Seksjonssjef nyrekrutteres
Seksjonssjef Hege Bolstad Pettersen har det mellombelse ansvaret
Administrativ støtte
Rekneskapsseksjonen:
Seksjonssjef (rekneskapssjef) Tone Rogstadkjærnet
Seksjonssjef (assisterande regnskapssjef) Nina Hvistendahl
Avdelingsleiar (gruppeleiar) Erik Vollen
Avdelingsleiar (gruppeleiar) Lars Myhrvold
Lønningsseksjonen:
Seksjonssjef (lønningssjef) Inger Ann Faye
Avdelingsleiar (nestleiar) Wenche Uhlen
Esak:
Noverande avdelingsleiar sluttar, stillinga blir lyst ut
Innkjøpsseksjonen:
Seksjonssjef Jacob Landsvik
Avdelingsleiar (nestleiar) Tori Sandlie
Seksjon for applikasjonsforvalting:
Seksjonssjef (applikasjonssjef) Aase Elisabeth Kolstad
Seksjon for prosjekt/prosessforbetring:
Seksjonssjef blir nyrekruttert
Personalstøtte
Personaldirektør Irene Sandlie
Seksjonssjef (nestleiar) blir nyrekruttert
Internadministrasjon
Underdirektør blir nyrekruttert , Bjørnar Sarnes er mellombels leiar
Avdelingsleiar Helene Stockfleth
I eining for leiarstøtte er desse plasserte:
Marina Tofting, kommunikasjonsdirektør
Anita Sandberg, direktør for organisasjonsutvikling
Johannes Falck Paulsen, leiar for systemeigarskap IT
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere