Mønsterbruk av norsk målmal i Zimbabwe

Arbeidet med å gje folk i Zimbabwe skriftspråk tufta på deira eigne talemål, har hatt god nytte av samarbeidet med Norsk Ordbok. Det har også hausta frukter av røynslene til Ivar Aasens ordboksarbeid for 150 år sidan.

EIT VIKTIG TREKLØVER: Emmanuel Chabata, leiar for African Languages Research Institute (ALRI) ved University of Zimbabwe har samarbeidd tett med hovudredaktør i NO2014, Oddrun Grønvik og førsteamanuensis Christian-Emil Ore på Institutt for lingvistikk og nordiske studium. Saman er dei ansvarlege for dei digitale databasane eit moderne ordboksverk er heilt avhengig av. (Foto: Alv Reidar Dale, Uniforum, UiO)

Det kom fram i innlegg på konferansen “Ivar Aasen ute og heime”, om moderne språkdokumentasjon og arven etter Ivar Aasen, i Trondheim nyleg. Samlinga var skipa til av Norsk Ordbok 2014 ved UiO og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i trønderhovudstaden.

– Målreising må til

Hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok peika i sitt føredrag “Language documentation in a globalized world: Why and how” på at kolonimaktspråka engelsk, fransk og spansk framleis dominerer som offisielle språk og undervisningsspråk i mange av dei gamle koloniane, medan morsmåla er dårleg dokumenterte og manglar ein standard skrivemåte, noko som gjer det uråd å bruka dei i opplæring og administrasjon.

– Mangelen på ein skriftnormal basert på grundig dokumentasjon av morsmåla er ei stor hindring for å fremja utdanning og folkestyre i svært mange utviklingsland. Folk som ikkje får uttrykt seg med ord og argument i den offentlege samtalen, kan seiast å mangla ein synleg identitet og ei stemme. Dei blir usynlege – stundom så lenge at konfliktar og vald vert resultatet, trekte ho fram.

– Behovet for å dokumentera morsmåla i dei tidlegare koloniane, er openbert, men arbeidet er ikkje prioritert. Og språkdokumentasjon har heller ikkje fått den rettkomne plassen i allmenne planar for å fremja utvikling og demokrati. Det trengst med andre ord “language raising”, målreising i desse landa – som moderniseringsreiskap, var oppfordringa Oddrun Grønvik kom med.

Opplæring av morsmålslingvistar

Mot denne dystre bakgrunnen presenterte Oddrun Grønvik ein plan for språkdokumentasjon, basert på det arbeidet som er gjort i NUFU-prosjekta “African Languages Lexical Project” (1991–2008) og i “Cross Border Languages” (2007–2011). Dessutan tufta på dokumentasjonsarbeidet for norsk, særskilt nynorsk i perioden 1840 til 2013.

– Hovudpoenget mitt er å læra opp morsmålslingvistar i moderne dokumentasjonsteknikkar. Og å gje samfunn tilgang til dagens reiskapar for språkdokumentasjon, er både den billegaste, den mest effektive og den einaste farande, akademiske vegen til å skapa skriftstandardar på grunnlag av morsmål som berre finst som talemål. I det prosjektet kjem både prinsippa bak og metodane brukte i arbeidet med Norsk Ordbok til nytte. Og Ivar Aasen sin banebrytande innsats ligg i botnen for det heile, sa Oddrun Grønvik og peika  slik på måten nynorskens far samla inn ord og kategoriserte dei.

Emmanuel Chabata, styrar på African Languages Research Institute (ALRI) ved University of Zimbabwe, har samarbeidt mykje med Oddrun  Grønvik i NO2014. Han har ein Ph.D. frå UiO i 2007, ho er æresdoktor ved Universitetet i Zimbabwe. Chabata har delteke i ALLEX-prosjektet og gjorde i sitt innlegg “Current lexicographic trends: Achievements and challenges for the indigenous languages ofZimbabwe” greie for rådande retningar i leksikografien, aktualisert med nådde mål og nye utfordringar for språka til folk i Zimbabwe.

Treng eittspråksordbøker

– Zimbabwe er eit fleirspråkleg land med ei lang leksikografisk historie frå kolonistsynsvinkel. Det har handla om misjonærarbeid med tospråks ordbøker til og frå engelsk. Men morsmåls-brukarane har lite glede av tospråklege ordbøker. Dei treng eittspråksordbøker, slike som handordbøkene og Norsk Ordbok. Utviklinga har også gått frå papir til data, nett som i Noreg, fortalde Chabata.

Han viste til at det har vore ei stor endring i det leksikografiske landskapet i Zimbabwe frå lanseringa av the African Languages Lexical Project (ALLEX) i 1992, som førte til at African Languages Research Institute (ALRI) vart skipa frå 2000. ALLEX-prosjektet var eit felles forskingstiltak mellom lingvistar og leksikografar frå Universitetet i Zimbabwe og frå universiteta i Oslo og Göteborg.

– Dette samarbeidet gav ein viktig dytt framover til den raske voksteren i praktisk leksikografi for folkemåla i Zimbabwe og resulterte i allmennordbøker i dei to hovudspråka Shona (1996, 2001) og Ndebele (2001), og terminologiordbøker m.a. for medisin (2004) og musikkuttrykk (2007). Nett no arbeider eg med ei svært viktig landbruksordbok på Shona, opplyste lingvisten frå Zimbabwe.

Minoritetar vil ha ordbøker

Den nye grunnlova for Zimbabwe (2013) har ført til nye utfordringar for leksikografane. Dei 14 minoritetsspråka i landet har fått status som offisielt godkjende språk, ei stilling som set dei på linje med engelsk, som er administrasjons- og undervisningsspråk, og Shona og Ndebele, dei nasjonale hovudspråka.

– No vil minoritetane ha rask dokumentasjon og standardisering av sine språk, og dei vil ha ordbøker snarast råd, slik at språka kan takast i bruk som undervisningsspråk. Dette inneber svært mykje arbeid og store kostnader, konstaterte Chabata.

– Det handlar både om å finna fellesnemnarar, skapa skriftstandardar og laga ordbøker for dei som snakkar desse språka. Då kan ein byggja på røynslene frå ordboksarbeid for Shona, som blir bruka av om lag 75 % av folket, og Ndebele, som 16 % nyttar, understreka Emmanuel Chabata.

 

Emneord: Zimbabwe, Språk, Internasjonalisering Av Alv Reidar Dale
Publisert 21. okt. 2013 10:28 - Sist endra 21. okt. 2013 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere