Åtvarar mot svekka kvalitetskrav til vitskaplege artiklar

Det har vore ein inflasjon i opne, tilgjengelege vitskaplege tidsskrift innanfor medisin og naturvitskap dei siste åra. Medisinprofessor Johanne Sundby kjem med eit varsku mot auka kommersialisering og svekka kvalitetskrav til artiklane.

ÅTVARAR: – Eg kunne ha brukt heile stillinga mi på å driva fagfellevurdering, om eg hadde hatt lyst til det, seier medisinprofessor Johanne Sundby ved UiO . No åtvarar ho mot auka kommersialisering og svekka kvalitetskontroll på vitskaplege artiklar.

Foto: Ola Sæther

– No seier eg som regel nei til slike førespurnader, for eg har ikkje tid til å bruka heile arbeidsdagen på dette arbeidet, seier professor Johanne Sundby på Avdeling for samfunnsmedisin ved UiO. Medisinprofessor Joel Glover seier som regel også nei til slikt arbeid, fortel han til Uniforum. Medisinprofessor James Lorens ved Universitetet i Bergen prioriterer det høgt, men gjer det berre for dei tidsskrifta som har best ord på seg.

– Må avvisa eller godkjenna

For Johanne Sundby handlar det både om å prioritera arbeidsdagen rett og om at arbeidet med fagfellevurderingar tar for mykje tid, samtidig som mange artiklar ikkje har høg nok kvalitet.

– Eg kunne ha brukt heile stillinga mi på å driva fagfellevurdering, om eg hadde hatt lyst til det. No seier eg ja til å driva fagfellevurdering av ein artikkel i månaden. Tidsskrifta legg også press på oss om at me må bli ferdige i løpet av tre veker, og samtidig ber dei oss ofte om berre å avvisa eller godkjenna ein artikkel. Når eg kjem med forslag til endringar og andre ting som bør vera med i artikkelen for at den skal kunna publiserast, er dei ikkje interesserte i å fylgja opp desse forslaga. Då vil eg seia at vitsen med fagfellevurdering er borte, sukkar Johanne Sundby oppgitt. Dei siste åra har ho sett at den negative utviklinga har skote fart parallelt med at det er blitt etablert fleire nye, opne, tilgjengelege tidsskrift på nett.

– Dårlege artiklar blir publiserte

– Nokre av dei har ein høg kvalitet, men fleire og fleire går på akkord med kvaliteten og er meir opptatt av å publisera mest mogleg. Artiklar som eg har rådd til ikkje bør publiserast, har eg likevel funne igjen i nokre av desse tidsskrifta, fortel Sundby. Medisinprofessoren har sjølv vore gjesteredaktør for eit spesialnummer som blei utgitt av eit vitskapleg tidsskrift.

– Ved sida av det arbeidet dreiv eg med forskinga mi og rettleiinga av doktorkandidatar. Då opplevde eg at det var vanskelegare enn før å finna forskarar som sa ja til å driva med fagfellevurderingar av artiklane, og som ville seia ja til å vera opponentar under vurdering av doktoravhandlingar, konstaterer Sundby. Dette er også arbeid som ikkje gir forskarane poeng i teljekantsystemet og dei får heller ikkje ekstra honorar for å gjera dette arbeidet. – Derimot tar dei vitskaplege tidsskrifta seg godt betalte frå doktorkandidaten eller andre forskarar som vil publisera ein artikkel i det aktuelle tidsskriftet, slår ho fast.

Dei siste åra har talet på doktorkandidatar auka kraftig, og alle vil ha artiklar på trykk i vitskaplege tidsskrift for å få dei godkjende som ein del av doktoravhandlinga. – Alle skal fagfellevurderast av professorar som er ekspertar på fagområdet. Når fleire og fleire professorar går av for aldersgrensa og ikkje blir erstatta, medan talet på doktorkandidatar aukar overalt, kan ikkje denne kabalen gå opp. Det vil ikkje vera mange nok professorar og seniorar til å driva fagfellevurdering av alle desse vitskaplege artiklane. Og så lenge det kjem i tillegg til forsking og undervisning, vil dei aller fleste av dei seia nei, trur Johanne Sundby.

– Bør få honorar

Sjølv veit ho ikkje korleis dette problemet skal løysast.

– I alle fall bør forskarane få ekstrapoeng i teljekantsystemet for å gjera dette arbeidet. Dei bør også få honorar, anten frå det vitskaplege tidsskriftet eller den forskingsinstitusjonen dei arbeider på, for dette arbeidet, synest ho. Ho kjem også med eit lite hjartesukk:

– Forskingsinstitusjonane bør også gjera ei kontinuerleg, internasjonal vurdering av dei vitskaplege tidsskrifta, slik at forskarar og doktorkandidatar veit kva tidsskrift som held mål og kva tidsskrift som ikkje gjer det. Då vil me få bort dei tidsskrifta som er minst opptatt av at artiklane skal halda ein høg vitskapleg kvalitet, meiner Sundby.

Einig i kritikken

Medisinprofessor Joel Glover ved Institutt for medisinske basalfag, UiO er heilt samd med varskuet frå fagfellen Johanne Sundby.

– Eg er einig i at publikasjonspresset er for stort i dag, og at dette går ut over den faglege kvaliteten. Vurdering av forsking og forskarar er i det heile tatt prega av hastverk og er lite til å stola på. Eit parallelt teikn på dette er presset for å produsera så mange PhD-ar som mogleg. Desse er av ein heilt klart lågare kvalitet enn tidlegare, synest Joel Glover. Han viser til korleis oppfatninga av dei vitskaplege artiklane var då han var student:

– Då eg var student på 1970-talet, blei eg fortald at 50 prosent av det som blei publisert var upåliteleg, og at problemet var å vita kva 50 prosent det galdt. No fryktar eg at prosentdelen er langt høgare, seier han til Uniforum.

– Seier du ofte nei?

– Eg seier oftare nei enn ja til fagfellevurdering – av den enkle grunnen at eg ikkje får tid til alle førespurnader, meiner Glover. Han seier likevel ja av og til. – Eg seier ja når eg føler at ekspertisen min er spesielt passande eller når interessa mi for artikkelen er spesielt stor.

James Lorens er professor på Institutt for biomedisin ved Universitetet i Bergen. Han er opptatt av alltid å ha tid nok til å kunna driva med fagfellevurdering.  – Eg seier ja til å gå gjennom vitskaplege artiklar som seriøse tidsskrift ber meg om ei vurdering av. Då plukkar eg ut dei tidsskrifta som både er seriøse og som kjem ut med opne tilgjengelege artiklar på nettet. Det garanterer nemleg at artiklane blir lesne, understrekar Lorens overfor Uniforum. Også han plukkar ut nøye dei tidsskrifta han seier ja til.

– Det må vera tidsskrift som er meritterande og som står på lista til nettsidene Medline eller PUBMED. For forskarar er det viktig å driva vurdering av artiklane til fagfeller. Det er nemleg ikkje oppgåva til redaktørane for tidsskrifta, poengterer han.

Uniforum har ikkje lykkast i å få kommentarar frå dei ansvarlege for dei vitskaplege tidsskrifta.

 

 

Emneord: Forskning, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2013 15:27 - Sist endra 20. aug. 2013 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere