50 år med samfunnsnyttig kunnskap

Kva har statsminister Jens Stoltenberg, tidlegare statsminister Kåre Willoch og NRK-kjendisane Thomas Seltzer og Harald Eia til felles? Dei har studert på SV-fakultetet ved UiO. Dekan Fanny Duckert inviterer no alle til feiring av 50-årsjubileet.

FEST OG DEBATTAR: – Jubileumsfeiringa skal bli ei god blanding av fest og seriøse debattar, lovar SV-dekan Fanny Duckert .

Foto: Ola Sæther

– I 50 år har Det samfunnsvitskaplege fakultetet levert dyktige folk til stat, næringsliv og forsking. Og når staten vil sjå på maktstrukturane i samfunnet ber den forskarar frå fakultetet vårt om å greia det ut, slik som professor Øyvind Østerud gjorde då han leverte den siste Maktutgreiinga i 2003,fortel ein kry dekan Fanny Duckert.

To Nobelprisvinnarar

Sjølvsagt kan ho ikkje dy seg for å trekkja fram at fakultetet har to Nobelprisvinnarar.

– Både Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo har fått Nobels minnepris i økonomi. Dei som sa at sosialøkonomane gjekk ut av Det juridiske fakultetet for å kasta glans over dei andre faga på Det samfunnsvitskaplege fakultetet, fekk altså rett, smiler Fanny Duckert.

Faktisk kom også statsvitskap frå Det juridiske fakultetet, medan psykologi hadde ført sitt eige liv i nesten 50 år då det blei ein del av SV-fakultetet. Pedagogikk klarte å koma seg ut av famntaket til SV-fakultetet, og blei eit eige fakultet i 1995.

– Psykologisk institutt prøvde også å bli eit eige fakultet, men det fekk i alle fall sin eigen bygning i Forskningsveien 3 i 2002. Det ser dei ut til å vera nøgde med, seier Duckert, som tidlegare også har ein karriere som instituttleiar, og den som leidde flyttesjauen for psykologane.

– SV-forskarar viktige for å forklara 22. juli 2011

Ho er stolt over at alle faga på fakultetet er svært samfunnsrelevante.

– I kjølvatnet etter terroraksjonane 22. juli 2011 såg me klart kor mykje forskarar ved SV-fakultetet blei brukte av media til å forklara det som hadde skjedd og setja det inn i ein større samanheng. Dei har også deltatt i tverrfagleg samarbeid om kva 22. juli har gjort med Noreg som nasjon og folk i ettertid, understrekar ho.

For henne er det viktig å peika på at fakultetet på ingen måte har hengt seg opp i fortida, men er ein viktig del av notida, samtidig som forskarane ser framover.

– Eit godt døme på det er forskingssatsinga Energi-initiativet som statsvitskapsprofessor Arild Underdal er leiar for. Det er eit nytt og spennande prosjekt, synest ho.

Inviterer til kunnskapsdebatt før Stortingsvalet

Markeringa av 50-årsjubileet startar den 2. september, samtidig med UiOs årsfest. – Då inviterer me alle til å ta ein runde i festivaltelta som me set opp rundt Eilert Sundts hus og Harriet Holters hus. Der skal forskarane både på økonomi, statsvitskap, sosiologi, samfunnsgeografi, sosialantropologi og psykologi driva seriøs fagkritikk av det dei held på med, fortel ho.

Sidan Det samfunnsvitskaplege fakultetet er dei som forskar og underviser om politikk, er ho stolt over at dei har fått i stand ein kunnskapsdebatt 6. september kl. 10.30, to dagar før Stortingsvalet startar.

– Ja, då håpar eg så mange som mogleg dukkar opp og får med seg Kristin Halvorsen (SV), Marianne Aasen (Ap), Kristin Vinje (H), Tord Lien (FrP) Trine Skei Grande (V) og Anne Tingelstad Wøien (Sp). I alle fall kjem kunnskapspolitikken på agendaen til desse politikarane, konkluderer ho med.

– Jubileumsfeiringa skal bli ei god blanding av fest og seriøse debattar. Og me inviterer heile universitetet og alle andre interesserte til å delta, er sluttappellen frå SV-dekan Fanny Duckert. Dei som vil vita meir om fakultetshistoria, kan skaffa seg jubileumsboka «Våg å vite».

Det samfunnsvitskaplege fakultetet:

Danna i 1963.

Er sett saman av fylgjande institutt:

Institutt for statsvitskap, Økonomisk institutt, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Sosialantropologisk institutt og Psykologisk institutt

Dekan: Fanny Duckert

Aktuelt: Markerer 50-årsjubileet i september 2013

 

Les jubileumsprogrammet.

 

 

 

Emneord: SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2013 13:25 - Sist endra 23. aug. 2013 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere