– Eg er ein engasjert og utolmodig optimist!

Folk kjenner henne som den strenge dama som må fortelja kvifor Universitetet i Oslo lyt seia opp ein vanskeleg professor og som lovar å rydda opp i helsefarlege laboratorium. Uniforum har møtt turgåaren og krimelskaren Gunn-Elin Aa. Bjørneboe .

ELSKAR NATUREN: – Paradiset mitt er plassen der eg bur på Bogstad i Oslo. Det er tre minuttar å gå til ein tursti som fører inn i Marka, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Foto: Ola Sæther

Paradiset for universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe (57) er heimstaden hennar like ved Bogstad i Oslo. Der kan folk sjå henne i lett gange innover mot Marka eller på tur rundt Bogstadvannet. – Det er ein oase for meg. Tre minuttar frå husværet mitt går det ein tursti mot Marka, og like ved går det ein annan sti som fører til Bogstadvannet. Der møter eg ofte langrennsløparane Marit Bjørgen og Therese Johaug, som alltid tar seg til til å helsa på meg. Dei er heilt fantastiske.

Men paradiset i Oslo må vika for ein annan oase i helgar og feriar.

– Eg tar meg ofte litt tidleg fri på fredagane, eg likar nemleg dårleg å kjøra i kø, og så kjører eg til hytta mi i Hafjell etter å ha handla på Gjøvik. Det finst ingenting som er så flott som å sjå Jotunheimen og Rondane frå toppen av Reinsfjellet. Å vakna opp på hytta til fuglesong og frisk luft, er manna frå himmelen for meg. Og så få i seg ein frukost, smurt seg ei matpakke og koma seg ut på tur, ja, det må vera det eg likar aller best, sommar som vinter. Det er ikkje mygg der hytta mi ligg, forstår du. Nokre gonger blir turane lenger enn eg hadde planlagt. I fjor skulle eg og ei venninne ta ein seks timar lang tur, men turen enda til slutt på ni timar kvar veg. Turstien var nemleg ikkje opptrakka, så me måtte krypa gjennom kjerr og gå berrføtte gjennom myrar. Heldigvis hadde me med oss nok mat.

– Du har også hytte ved Hankø. Får den aldri besøk av deg?

– Jau, det blir nokre turar dit også. Med to hytter er det ein fordel at eg er glad i å driva vedlikehaldsarbeid. Eg elskar å måla. Det er likevel hytta på høgfjellet i Hafjell som ligg hjarta mitt nærast no.

Også i arbeidslivet likar ho seg på toppen. Der bles det òg på toppane.

Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er som regel den som frontar dei vanskelege sakene for Universitetet i Oslo. Det kan anten vera ei oppseiingssak mot ein gjenstridig historieprofessor i Oslo tingrett eller statistikk som viser at det blir tilsett fleire byråkratar enn forskarar ved Universitetet i Oslo. Rektor Ole Petter Ottersen kan delta på ein pressekonferanse der det blir kunngjort at vikingskipa skal bli verande på Bygdøy og at dei skal vera hovudattraksjonen i eit framtidig vikingtidssenter.

– Det er kanskje ikkje så rart at du får ord på deg for å vera jernkvinna, medan rektor får tilnamnet solkongen?

Jobben min er som øvste administrative leiar å gjennomføra dei vedtaka som styret gjer. Men eg har også mange hyggelege oppdrag. Eg har deltatt på jubileet til Det norske instituttet i Roma saman med mellom andre dronning Sonja og på opninga av den nyrestaurerte aulaen saman med både kong Harald og statsminister Jens Stoltenberg, så eg har absolutt fått sola meg i glansen, eg også. Berre sjå på desse fotografia, seier ho, og viser fram bevisa.

– Det eg likar aller best, er velkomstseremonien for nye studentar når studieåret tar til i august. Eg elskar å vera blant studentar, og difor tar eg meg dagleg ein tur over Frederikkeplassen for å bli inspirert av alle dei samfunnsengasjerte og flinke studentane som går på universitetet.

 – Var det desse arrangementa som fekk deg til å søkja eit nytt åremål som universitetsdirektør?

– Eg brenn for Universitetet i Oslo og har lyst til å gjennomføra mange viktige tiltak som no er sette i gang, slik at både tilsette og studentar får ein betre kvardag. Eg er meir motivert for jobben enn nokon gong.

– Du er jo både utdanna lege og er blitt doktor ved medisinstudiet på UiO. Og du kom også i gang med ein spirande forskarkarriere før du blei toppleiar. Kva var det som skjedde?   

– Det har mykje å gjera med medisinprofessor og tidlegare rektor Kaare R. Norum. Den første gongen eg blei kjent med han, var på disputasmiddagen min. Då var Norum medisindekan, og me fekk ein god prat. Nokre dagar seinare ringde han meg og spurde om eg var interessert i å ta eit vikariat som førsteamanuensis ved Avdeling for ernæringsforsking. Resultatet blei at eg takka nei til eit tilbod om jobb som bedriftslege, og ja til tilbodet frå ernæringsprofessor Kaare R. Norum. Sidan den gongen har han vore min viktigaste mentor.

– Kan du framleis behandla pasientar?

– Eg arbeidde som allmennlege i fire og eit halvt år og har legelisens. Derfor trur eg nok det vil gå bra.

– Kvifor valde du likevel å forlata forskinga til fordel for leiarstillingar i helse-Noreg?

– Eg har halde fram med forsking heilt til eg vart universitetsdirektør. Likevel vil eg seia at denne stillinga ikkje let seg kombinera med forsking. Eg gjorde eit val.

– Likte du å undervisa då?

– Ja, eg var kjempeglad i å undervisa, og det er det eg saknar mest i jobben som universitetsdirektør. Eg fekk også tid til å skriva læreboka Mat og medisin saman med Christian Drevon. Den er framleis i bruk.

– Kva sa Kaare R. Norum til at du prioriterte å bli leiar framfor å halda fram som forskar?

– Han var leiar for Statens ernæringsråd, og var ein av dei som rekrutterte meg inn i jobben som direktør for Ernæringsrådet. Eg veit han ikkje hadde noko imot det. Saman fekk me også NRK-pensjonisten Ingrid Espelid Hovig inn i Ernæringsrådet. Me drog på matpakketurné til 52 kommunar, og eg måtte vera «bodyguarden» hennar. Alle ungdomane ville nemleg ha autografen hennar på forkle som dei hadde kjøpt i gåve til mora si. Ho er ein superkjendis. Sidan den gongen har me vore gode venninner. Me har vore på turar saman, mellom anna i Australia og på besøk hos sonen min i Alta. Og så går me på konsertar med Oslo filharmoniske orkester. Ho er ein sprek 89-åring, og ein av dei klokaste og mest rause personane eg kjenner.

– Fram til 2007 var du assisterande direktør i Helsedirektoratet. Den 26. desember 2004 tok ein tsunami over ein kvart million liv i Søraust-Asia, mellom andre 84 nordmenn i Thailand. Då fekk du ei spesiell rolle?

– Eg blei pårørandekontakt og var med dei på ei minnemarkering i Thailand på staden der det skjedde eitt år etter. Under minneseremonien på Akershus slott det same året, var det mi oppgåve å lesa namna på alle dei norske som hadde mista livet i den tragedien. Det er eitt av dei mest ærefulle oppdraga eg har hatt.

– Etter å ha arbeidd så mange år som assisterande direktør i Helsedirektoratet, kva var det som fekk deg til å søkja jobben som universitetsdirektør ved UiO?

– Det er den institusjonen som har prega meg mest gjennom livet. Eg tok medisinstudiet her,  eg tok doktorgraden min her og eg har vore forskar i ernæring her. Difor har Universitetet i Oslo alltid lege hjarta mitt nærast, sjølv om eg hadde ei professor II-stilling ved Universitetet i Tromsø før eg begynte som universitetsdirektør.

– Kva personlege eigenskapar har du som gjer at du passar som universitetsdirektør?

– Eg ynskjer å sjå resultata av avgjerdene våre. Dessutan er eg både engasjert, utolmodig og ein ukueleg optimist. Eg likar å leia og vil gjera det eg kan for å oppfylla måla i Strategisk plan 2020, slik at Universitetet i Oslo kan bli ein best mogleg forskings- og utdanningsinstitusjon.

– Vil du seia at arbeidet med Internt handlingsrom har vore naudsynt?

– Ja, absolutt. Me skal prøva å få ned utgiftene til administrative oppgåver og få kanalisert dei pengane me sparer til forsking og utdanning. Det passar absolutt inn i hovudoppgåva vår som er å gjera studievilkåra for studentane så gode som mogleg. Målet er at meir ressursar går til forsking og utdanning.

– Vil de klara det?

– Ja, me er godt i gang med det arbeidet. Så snart Universitetsstyret gir oss klarsignal til det, set me i gang med å gjennomføra dei naudsynte tiltaka.

– Kvifor valde du akkurat Ingar Pettersen til å bli prosjektleiar for Internt handlingsrom ved UiO?

– Grunnen var at han hadde leidd store omstillingsprosessar med gode resultat tidlegare. Difor var eg viss på at han ville kunna vera til god hjelp for meg i dette arbeidet. No føler eg også at heile dette arbeidet er i godt gjenge, og eg har stor tru på at dei varsla endringane kjem til å bli gjennomførte på ein god måte.

– UiO ynskjer å vera mest mogleg moderne og oppfordrar tilsette til å ta i bruk sosiale medium. Men du er ikkje ein gong på Facebook. Kva er grunnen til det?

– Eg har ikkje behov for å vita alt om andre og fortelja alt om meg sjølv. Så det er eit heilt medvite val.

– Og du har heller aldri vore inne og sett på andre sine Facebook-sider?

 – Nei, det har eg ikkje. Systera mi er ein ivrig Facebook-brukar, og heller ikkje då ho fortalde meg at ho hadde sett eit flott bilete av sonen min og sambuaren hans på tur, fekk ho meg til å gå inn på Facebook.

– Du er samtidig flink til å bruka epost, nokon meiner at du føretrekkjer å svara på spørsmål frå journalistar på epost i staden for å svara dei på telefon eller ansikt til ansikt?

– Nei, det er ikkje det eg helst vil. Eg likar best å bli intervjua av journalistar på kontoret mitt, ansikt til ansikt. Det synest eg alltid er ein stor fordel, for då blir eg også betre kjend med journalisten.

Når ho går ut av rolla som universitetsdirektør, er det to personar som ho gjerne vil vera saman med.

– Den eldste sonen min, som er turnuslege i Alta, og den yngste sonen min, som denne månaden avsluttar medisinstudiet på NTNU i Trondheim, gjer eg alt eg kan for å få så mykje tid som mogleg saman med.

Det hender Gunn-Elin Aa. Bjørneboe vil kopla heilt av og skaffa seg endå meir spenning enn jobben som universitetsdirektør gir henne.

– Då les eg Jo Nesbøs kriminalromanar. Eg har nettopp kjøpt «Politi», men har ikkje fått tid til å lesa den. Eg gler meg til å setja meg ned og få tilfredsstilt behovet eg har for å prøva å finna ut kven som er den skuldige, lenge før eg kjem til siste side i boka.

Dei kvinnelege krimforfattarane Camilla Läckberg og Liza Marklund står også på leselista til Bjørneboe. Det er likevel ein norsk poet ho set aller høgast.

– Haldis Moren Vesaas’ dikt «Å vere i livet» er det finaste eg veit om. Det kan eg lesa høgt både for deg og alle andre som vil høyra det. Så skulle eg gjerne ha lese Olav Duuns trilogi, Medmenneske, Ragnhild og Siste leveår om igjen. Det er flott litteratur.

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2013 15:12 - Sist endra 20. juni 2013 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere