Knut Fægri blir viserektor for Ole Petter Ottersen

Kjemiprofessor Knut Fægri blir viserektor for rektor Ole Petter Ottersen. – Fægri vil vera ein stor ressurs når det mellom anna gjeld planane om å byggja eit senter for livsvitskap, seier Ottersen til Uniforum.

BLIR VISEREKTOR: Kjemiprofessor og nyleg avgått dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Knut Fægri, er utnemnt til viserektor for rektor Ole Petter Ottersen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Kjemiprofessor Knut Fægri har både vore dekan og prorektor ved Universitetet i Oslo. Han var prorektor i den siste rektorperioden til Lucy Smith frå 1996-98, og dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet frå 2003 til 2012. No blir han viserektor for rektor Ole Petter Ottersen saman med Ragnhild Hennum. Frå før er det klart at språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld overtar stafettpinnen som prorektor frå Inga Bostad.

– Gratulerer med å bli utnemnt til viserektor, Knut Fægri!

– Tusen takk for det!

– Korleis blir det å koma tilbake til rektoratet 15 år etter at du gjekk av som prorektor?

– Det blir spennande.

– Kva blir hovudoppgåva di?

– Me skal diskutera det i rektoratet, men eg trur eg får ansvaret for mellom anna å halda kontakt med dei eg har arbeidd med i samband med både livsvitskaps-initiativet, energi-initiativet og det som har å gjera med forskingsinfrastruktur.

– Trur du at det blir rart å venda tilbake til rektoratet etter så mange år?

– Den gongen var det eit heilt anna universitet. Du går inn aldri inn i den same elva to gonger, og eg er heller ikkje den same personen som den gongen.

– Og du føler ikkje at du vil trappa litt ned før du blir pensjonist?

– Eg må nok tilstå at eg har kika litt på pensjonsvilkåra. Det er eit faktum at eg blir 67 år til sommaren, og eg vil dermed halda på til eg er 70 år.

– Har du jobba med rektor Ole Petter Ottersen tidlegare?

– Eg har hatt kontakt med han som dekan, men aldri så tett som det blir no.

Både han og prorektor Ruth Vatvedt Fjeld tar til i jobben 1. august i år.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget 2013 Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2013 15:49 - Sist endra 6. mai 2013 09:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere