For få kvinner blir historieprofessor

Kvinner får sjeldan professorat i historie på UiO. – Det har mest å gjera med fagkulturen, seier forskar Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet.

MÅ ENDRA KJØNNSUBALANSEN: – Det er viktig å gjera noko med kjønnsubalansen i dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga, men kvifor er det ikkje like viktig å gjera noko med kvinnemangelen i toppen av stillingshierarkiet i fag som historie, filosofi og statsvitskap? spør forskar Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet.

Foto: Ola Sæther

Historiefaget ved UiO ville ikkje lenger bli stempla som ein mannsbastion. I dag er 21 prosent av professorane kvinner, medan gjennomsnittet på UiO er rundt 29 prosent. For å finna ut kvifor det likevel er blitt eit mannsdominert fag, fekk forskar Cathrine Egeland på Arbeidsforskingsinstituttet og forskarkollegaene hennar, Cathrine Tømte og Hebe Gunnes frå NIFU oppdraget med å finna ut kvifor det er blitt slik.

Gir fagkulturen skulda for kjønnsubalanse

– Konklusjonen vår er at det er ingen grunn til å seia at historie i seg sjølv er eit gutefag. Me kan likevel seia at fagkulturen passar best for gutane sin veremåte. Det er eit fag med ein fagleg definert kjerne, der kvinner ofte hamnar litt ute i periferien. Det empiriske tyngdepunktet i dette faget er kjeldegransking. Fagmiljøet har samtidig mangla interesse for teoriutvikling, fortel forskar Cathrine Egeland. Ho konstaterer at det også finst godt vitskapleg grunnlag for å seia det.

– I 2008 konkluderte Forskingsrådet i ei evaluering av historiefaget med at det mellom anna var svært nasjonalt orientert og dreiv med lite teoriutvikling. Faget har hatt ein viktig posisjon også utanfor akademia, takke vera eit knippe markante historieprofessorar. Fagmiljøet har vore svært opptatt av bestemte preferansar og forskingsideal knytte til empiriske felt og periodar. Det er dei personane som har hatt den same interessa som veteranprofessorane som er blitt tilsette i dei ledige stillingane på historie, konstaterer Cathrine Egeland.

Det er mellom professorane kjønnsubalansen er størst. Berre 21 prosent av dei er kvinner. Mellom førsteamanuensane finst det 42 prosent kvinner. Dess lenger ned i stillingshierarkiet ein går, dess betre er fordelinga mellom kvinner og menn.

Håpar andre fagmijø også undersøkjer kjønnsubalanse

Cathrine Egeland gir honnør til Seksjon for historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) som på eige initiativ gav henne og fagfellane hennar på NIFU i oppdrag å finna ut kvifor det var ubalanse mellom kjønna på historiefaget.

– Eg håpar verkeleg dei andre historiemiljøa i Noreg vil gjera det same, for dette fenomenet er typisk for historiefaget, filosofi og statsvitskap både ved andre institusjonar i Noreg og i Norden, slår ho fast.

Cathrine Egeland ville først prøva å kartleggja tilsetjingshistoria til historiefaget ved UiO frå og med 1990-talet og fram til i dag. – Dessverre fann me fort ut at med dei økonomiske ressursane me hadde til rådvelde, var ikkje det mogleg. Me enda difor opp med å sjå på statistikken for stillingsfordelinga i historiefaget sidan 1990-talet og samtidig gjera intervju med både stipendiatar, fast vitskaplege tilsette og den faglege leiinga på historiefaget og fakultetsleiinga, forklarar ho. Trass i det har dei funne ein del hovudtrekk i tilsetjingspolitikken til historiefaget.

– Det har fram til ganske nyleg ikkje vore særleg syn for å tilsetja folk med interesse for tverrfagleg, internasjonal teoriutvikling. I dag har publisering i internasjonale fagtidsskrift mykje å seia. For 20 år sidan var det ikkje viktig i det heile tatt. No er det innført meir formelle krav til internasjonal publisering og eksterne fagfellevurderingar av vitskaplege artiklar, har ho funne ut.

Vil ha meir teoriutvikling

– Er den manglande interessa for teoriutvikling grunnen til at berre 21 prosent av historieprofessorane er kvinner?

– Om teoriutvikling hadde fått større plass og leiting etter kjeldemateriale i arkiva hadde fått mindre plass, ville faget ha passa betre for historikarar med forskingsinteressert ut over det å på kjeldejakt i arkiva, kan ho konkludera med. Egeland understrekar også at historiefaget er eit humanistisk tolkingsfag som har mykje å tilby til dømes samfunnsforskinga.

– Stipendiatane me intervjua såg derimot ikkje føre seg ei framtid som forskarar i historiefaget. Dei ville heller skaffa seg jobb på NUPI, ARENA eller andre forskingsinstitutt. Det må vera det mest urovekkjande for den faglege leiinga i historie, synest Cathrine Egeland.

– Eg er svært imponert av dei kvinnene som mot alle odds er blitt professorar i historie. Dei må ha brote ein del kulturelle og faglege barrierar for å få fast tilsetjing, konkluderer Egeland, som også kjem med eit lite spark til Forskingsrådet og Kunnskapsdepartementet.

– Må gjera noko med kjønnsubalansen i real- og ingeniørfag

–Det er viktig å gjera noko med kjønnsubalansen i dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga, men kvifor er det ikkje like viktig å gjera noko med kvinnemangelen i toppen av stillingshierarkiet i fag som historie, filosofi og statsvitskap? Det er framleis ein sterk mannsdominans i desse faga, slår ho fast.

 – Kva vil de tilrå at historiefaget på UiO gjer for å retta opp kjønnsubalansen?

 – Me synest dei bør diskutera kjønnsubalansen i samanheng med fagkulturen og organisasjonen. Dei bør også vera opne for faglege satsingar der teori- og metodeutvikling får ein viktig plass.

Lovar å redusera kjønnsubalansen i historie

Instituttleiar Tor Egil Førland ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er einig i at noko må gjerast for å retta opp kjønnsubalansen på professornivå på historie.

– Mannsdominansen er mindre ved IAKH enn i andre historikarmiljø i Noreg. Likevel ser instituttleiinga at ubalansen på professornivået er uheldig, og me vil prøva å redusera den. Derfor tinga me rapporten frå AFI, for å få eit utanforblikk på faget, seier Førland. Førebels er det ikkje klart korleis dei vil gå fram.

– Me er i gang med å drøfta kva slags tiltak me trur vil ha mest føre seg. I denne prosessen er rapporten sine innspel viktige, sjølv om det kan vera delte meiningar om metodane og konklusjonane i den, presiserer Tor Egil Førland.

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2013 13:38 - Sist endra 24. apr. 2013 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere