UiO endrar kjønnsdiskriminerande praksis ved foreldrepermisjon

Universitetet i Oslo gir doktorstipendiatar som tar ut full foreldrepermisjon fem veker lenger tilsetjing slik at dei kan ta ut ferie utan å tapa arbeidstid. Avgjerda er tatt etter at 13 kvinnelege stipendiatar på jus har klaga UO inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet,  skriv Kilden.

DISKRIMINERANDE PRAKSIS: 13 stipendiatar ved Det juridiske fakultetet har klaga inn UiO for kjønnsdiskriminerande praksis overfor kvinnelege doktorstipendiatar.

Foto: Ola Sæther

Dei 13 kvinnelege stipendiatane viser i klagen sin til at UiO ikkje kompenserer stipendiatar for ferien dei får rett til medan dei er i permisjon. Det fører til at stipendiatar som tar lange foreldrepermisjonar får kortare tid enn andre til å skriva doktoravhandlinga si.

– Rammar kvinner

– UiOs praksis rammar kvinner hardare enn menn fordi kvinner vanlegvis tar ut lenger permisjon, seier Marte Eidsand Kjørven, stipendiat ved Det juridiske fakultetet ved UiO til Kilden. Ho er ei av dei 13 som har sendt inn ein klage på praksisen til Likestillings- og diskrimineringsombodet.

I klagen, som Uniforum har lese, går det fram at ei av klagarane hadde tre lange foreldrepermisjonar i den fire år lange stipendiatperioden. Ho har til saman tapt 15 arbeidsveker til arbeidet med doktoravhandlinga si, fordi ho har tatt ut den ferien ho har rett til å ta ut,  ifylgje Ferielova. Dei 13 stipendiatane avsluttar brevet med å spørja om dette er offensiv likestillingspolitikk med sikte på å sikra kvinnelege forskarar for framtida? Svaret må definitivt vera nei, slår dei fast i klagebrevet.

Legg om praksisen

Klagen har no fått Universitetet i Oslo til å leggja om praksisen, som er blitt karakterisert som kjønnsdiskriminerande. I eit brev til Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 18. februar lovar personalsjef Irene Sandlie at UiO vil leggja om praksis. Grunnen er at ordninga som er praktisert overfor stipendiatar ved UiO sett i samanheng med lovgjeving om ferie og folketrygd kan få uheldige konsekvensar ved tidsavgrensa kontraktar. UiO står likevel fast på at praktiseringa av forskrifta sin paragraf 2-3 1. ledd ikkje er diskrimerande.

UiO konkluderer derfor med at det vil gi kompensasjon med inntil fem veker for ferie gjennom å forlengja stipendiatperioden for tilsette som etter føreskrift paragraf 2-3 har krav på forlenging på grunn av foreldrepermisjon. Endringa skal no bli sett i verk over heile universitetet slik at alle vil ta omsyn til regelendringa, skriv personalsjef Irene Sandlie ved UiO  i brevet til Likestillings- og diskrimeringsombodet.

Marte Eidsand Kjørven seier til Kilden at ho er glad for at UiO endrar sin praksis på dette området, men peikar på at Universitetet i Bergen framleis har mykje betre ordningar for forlenging, spesielt ved Det juridiske fakultetet.

Emneord: Likestilling, Forskningspolitikk, Personalpolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2013 16:27 - Sist endra 1. mars 2013 16:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere