Valkyrien Allstars trefte hjarterota til publikum på UiO

Foajeen i Georg Sverdrups hus såg ut som eit fuglefjell, med folk  ståande i trappene, på terrassane og ved hovudinngangen, då Valkyrien Allstars stilte opp med sin kreative og nyskapande folkemusikk på Lunsj med kultur i dag. Berre eit fåtal av dei frammøtte klarte å få seg ein sitjeplass.

FULLT HUS: Det var fullt hus i foajeen i Georg Sverdrups hus, då Valkyrien Allstars spelte på Lunsj med kultur i dag.

Foto: Ola Sæther

- Det har ikkje vore fleire folk her sidan Black Debbath og Leiv Ove Andsnes deltok på Lunsj med kultur, sa rektor Ole Petter Ottersen i ein kort tale der han annonserte Valkyrien Allstars, samtidig som han opna ein ny sesong for Lunsj med kultur. - UiO er framleis den einaste offentlege institusjonen i landet som tilbyr studentar og tilsette Lunsj med kultur. Og i dag ser det sanneleg ut som om studentane også har dukka opp, sa ein godt nøgd rektor, før han introduserte Valkyrien Allstars, som var dei første som kunne ta i bruk det nye lydanlegget i foajeen i Georg Sverdrups hus.

Valkyrien Allstars fekk trampeklapp og måtte gi eit ekstranummer etter at gruppa var ferdig med miksen av folkemusikk og moderne rytmer, og melodiar til dikt av Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge. Vokalist og fiolinist Tuva Livsdatter Syvertsen og musikarane Ola Hilmen, Erik Sollid og Magnus Larsen fekk alle varm applaus frå dei frammøtte.

Emneord: Kultur, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2013 16:09 - Sist endra 1. feb. 2013 16:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere