Ny odontologi-dekan: – Me skal bli mellom dei ti beste i Europa

– Det odontologiske fakultetet treng både eit nybygg og ein ny studieplan. Får me det på plass, kan me nå målet om å bli mellom dei beste odontologiutdanningane i Europa, seier nyvald dekan Pål Barkvoll.

MEIR MODERNE: Som nyvald dekan vil Pål Barkvoll jobba for å modernisera pasientbehandlinga og studieplanen på Det odontologiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Etter å ha vore leiar ved Institutt for klinisk odontologi sidan 1999, er Pål Barkvoll no klar for nye oppgåver. Eit samrøystes fakultetsstyre valde han nyleg til dekan for 2013–2016.

– For meg er tida no moden for å bli dekan. Eg er absolutt klar å ta fatt på nye utfordringar. To av dei viktigaste tiltaka eg håpar å få gjennomført, er ein ny studieplan og planane om eit nybygg for odontologi, varslar han.

– Avleggs bygning

Den store odontologibygningen tener ikkje formålet i dag.

– Den er faktisk heilt avleggs. Den møter ikkje dei krava som blir pålagde oss av styresmaktene, og lokala er heller ikkje ideelle for pasientbehandling, konstaterer Barkvoll.

For han er dagens studieplan ikkje i samsvar med dei behova som tannlegane vil få når dei kjem ut i felten.

– Nettopp difor må me modernisera studieplanen og oppdatera den, slik at Universitetet i Oslo kan vera i forkant i dette arbeidet, understrekar Barkvoll.

Han ser også mange ting som kan endrast innanfor forskinga.

– Forskingsorganiseringa kan truleg gjerast annleis. Det viste også evalueringa til Noregs forskingsråd for ei tid tilbake. På dette området kan eg overføra ting eg jobba med som instituttleiar til dekanatet, fortel han.

Tennene og kjeven tilhøyrer kroppen

Barkvoll synest mange har ei heilt feil haldning til det som odontologane driv på med.

– Dei stigmatiserer odontologifaget og ser på det som noko som handlar om ting utanfor kroppen. Det er heilt feil. Tennene og kjeven er like viktige som magen og levra, understrekar Barkvoll. Likevel er han heilt imot at odontologi skal integrerast i eit eige helsefakultet, saman med Det medisinske fakultetet.

– Då ville nok odontologi ha forsvunne heilt i selskap med helsefag som medisin og psykologi. Det er nok å visa til korleis det gjekk med odontologifaget  då det gjekk inn i eigne helsefakultet ved Århus Universitet og Københavns Universitet. For oss er det alltid viktig å trekkja fram at me årleg gir tannlegebehandling til rundt 55 000 personar.

Barkvoll meiner at UiO har fått for lite pengar til spesialutdanning av tannlegar.

– Det er ei svært viktig spesialistutdanning, spesielt med tanke på kvalitet i grunnutdanninga og rekruttering til lærarrolla ved fakultetet.

– Trygt og godt arbeidsmiljø

I 2009 blei ein forskar ved Det odontologiske fakultetet skulda av ein tidlegare doktorstudent å ha drive med seksuell trakassering. Skuldinga blei aldri stadfesta, men det førte til at det blei tatt eit ordentleg tak i arbeidsmiljøet på odontologi i Geitmyrsveien.

– Arbeidsmiljøet er viktig, og me håpar det er blitt både trygt og godt på odontologi no, seier Barkvoll. Den nyvalde dekanen synest fakultetet bør ha høge ambisjonar både for forskinga og studia.

– Me har alle gode utsikter til å bli mellom dei ti beste odontologifakulteta i Europa. Det er både realistisk og oppnåeleg. Det faktum at mange utanlandske Erasmus-studentar gjerne vil hit, viser det, slår han fast. Sjølv om Barkvoll vil ta over som dekan etter nyttår, vil han ikkje slutta med pasientbehandling.

– Oralkirurgi  og oralmedisin er faget mitt, og det vil eg ikkje slutta med sjølv om eg blir dekan, lovar han. Heilt til slutt kjem han med eit hjartesukk.

– Det er viktig at tannlegestillingane  på odontologi kjem opp på det same lønnsnivået som dei fylkeskommunalt tilsette tannlegane, synest han. Med seg i dekanatet får han professor Anne Merete Aass som prodekan for studium, og Ståle Petter Lyngstadaas som prodekan for forsking.

Emneord: Odontologi, Dekanvalg Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2012 10:51 - Sist endret 14. des. 2012 11:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere