UiO-rektor: – Fire av ti SFF-ar er ei bra utteljing

– Fire av ti er ei bra utteljing. Me fekk fem av åtte førre gong, så no er det totalt ni senter for framifrå forsking på UiO, seier rektor Ole Petter Ottersen. Totalt skal det opprettast 13 nye SFF-ar i Noreg frå årsskiftet.

GLEDELEG– Det er gledeleg at det er så stor spreiing med omsyn til fag og fakultet, seier ein nøgd UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til at UiO er tildelt fire senter for framifrå forsking.

I går blei det klart at Universitetet i Oslo får fire nye senter for framifrå forsking. Eit handlar om det fleirspråklege samfunnet, eit anna om dei internasjonale domstolane si rolle, eit tredje om schizofreni, medan det fjerde senteret skal sjå på korleis mantelen i jordas indre påverkar rørslene til jordplatene.

– Gjer UiO synleg

Etter at dei tre første sentra, som blei etablerte for ti år sidan, no blir fasa ut, vil UiO sitja igjen med ni slike toppforskingssenter. Rektor Ole Petter Ottersen synest det er viktig med slike etableringar.

– SFF-løyvingane støttar opp om den frie grunnforskinga, som er sjølve livsnerven på universitetet vårt. Samtidig gjer SFF-ane institusjonen synleg, både nasjonalt og internasjonalt. SFF-ane har gode føresetnader for å styrkja internasjonaliseringa ved UiO. Dette er det viktig å peika på i internasjonaliseringsåret vårt.

– Korleis er du nøgd med utteljinga når du tar med at UiO hadde ti med i finalen, og til slutt får tildelt fire?

– Fire av ti er ei bra utteljing. Me fekk fem av åtte førre gong, så no er det totalt ni senter for framifrå forsking på universitetet vårt. I tillegg har me eit senter for framifrå utdanning saman med Universitetet i Tromsø.

– Gledeleg med stor spreiing

– Kva synest du om fordelinga av sentra i høve til fagområda?

– Det er gledeleg at det er så stor spreiing med omsyn til fag og fakultet. Dette vil styrkja UiO som breiddeuniversitet og leggja forholda til rette for ei endå sterkare tverrfagleg og tverrfakultær forsking og utdanning.

– Korleis skal UiO klara å finansiera dei ekstra utgiftene som senteretableringane vil føra med seg?

– Det er tatt høgd for nye senter. Me har allereie sett av midlar på budsjettet. Konkret fordeling til dei aktuelle fakulteta blir gjort før jul.

– Vil dei sentra som var i finalen, men ikkje nådde heilt fram, få tildelt ei ekstraløyving frå Universitetsstyret slik at dei likevel kan bli mindre forskingssenter finansierte lokalt av UiO?

– Dei fakulteta som har hatt finalistar, får ein million i tre år for å vidareutvikla fagmiljøa, seier UiO-rektoren.

Dette er dei fire forskingsmiljøa ved UiO som får status som senter for framifrå forsking (SFF):

Centre for Multilingualism in Society across the Lifespan

Auka migrasjon fører til eit meir fleirspråkleg samfunn. Senteret skal bidra til kunnskap om korleis samfunnet kan takla utfordringane og utnytta dei moglegheitene som fylgjer med auka bruk av fleire språk i eit samfunn. Årleg sum: ca 14,5 millionar kroner. Prosjektleiar: professor Elizabeth Lanza.

The Legitimate Roles of the Judiciary in the Global Order

Sidan Den andre verdskrigen er det etablert stadig fleire internasjonale domstolar og tribunal. Senteret skal analysera og vurdera domstolane sin legitimitet i det internasjonale og nasjonale rettssystemet. Kva faktorar kan sikra dei internasjonale domstolane sin autoritet? Årleg sum: ca 17,5 millionar kroner. Prosjektleiar: professor Andreas Føllesdal.

Centre for Earth Evolution and Dynamics

Målet for senteret er å utvikla ein modell som forklarar korleis mantelen i jordas indre påverkar jordplatene sine rørsler, som fører til massive vulkanutbrot. Gjennom heile Jordas historie har dette ført til endringar i klima og miljø. Årleg sum: ca 15,5 millionar kroner. Prosjektleiar: professor Trond Helge Torsvik.

Norwegian Centre for Mental Disorders Research

Sidan antikken har menneska kjent til symptom på schizofreni og bipolare lidingar og visst at dei ofte går i arv. Likevel finst det ingen pålitelege,  biologiske markørar for desse lidingane. Grunnforskarar og kliniske forskarar vil bruka moderne genteknologi, nyare funn frå hjerneforskinga og registerdata for å få fram ny kunnskap. Årleg sum: ca 17,5 millionar kroner. Prosjektleiar: professor Ole A. Andreassen.

 

Emneord: Forskningspolitikk, SFF, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2012 11:22 - Sist endra 13. nov. 2012 12:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere