Kristin Halvorsen: – Skulen er ingen kafeteria

– Me har gått altfor langt i å lata elevar te seg som om dei er i ein kafeteria der dei forsyner seg av eit kunnskapsbrett, vedgjekk kunnskapsminister Kristin Halvorsen på den nasjonale lektorkonferansen i Oslo før helga.

FINSK MODELL:  – Lektorutdanninga er det nærmaste me kjem den finske lærarutdanningsmodellen. Det er på tide at me får eit slikt ambisjonsnivå, meiner kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Foto: Ola Sæther

Det var i diskusjonen om den nye rammeplanen for den integrerte lektorutdanninga kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok eit kraftig oppgjer med elevar som berre tenkte på seg sjølve.

– Foreldre står bak

– Dei som blir lektorar i den vidaregåande skulen frå 2014 må vera førebudd på å treffa elevar som er einsidig opptatte av kva dei har rett til. Dei vil berre forsyna seg av delar av eit kunnskapsbrett utan at dei forstår at dei er ein del av eit kunnskapsmiljø. Både dei andre elevane og lærarane er der for å dela av kunnskapen sin med dei kravstore elevane også. Det må ikkje bli sånn at nettopp fordi du kan vera borte 20 prosent av skuletida og likevel få ein standpunktkarakter, så har du rett til å vera borte ein dag i veka. Du skal ikkje vera borte, så lenge du ikkje er sjuk, understreka Kristin Halvorsen. Ho gav likevel ikkje elevane alt ansvaret for denne utviklinga.

– Det er foreldra til ressurssterke elevar som står bak og stiller krav, la ho til.

Inspirert av Finland

Kunnskapsministeren var svært nøgd med at regjeringa har fått vedtatt ei føreskrift om fem års lektorutdanning.

– Utdanningsinstitusjonane har god fridom til å fylgja opp dette sentralt, sjølv om dette også er første gongen me styrer lektorutdanninga ved universiteta slik me no gjer. Dette er det nærmaste me kjem den finske lærarutdanningsmodellen. Det er på tide at me får eit slikt ambisjonsnivå, slo Kristin Halvorsen fast.  

Dei som tar lektorutdanninga på universiteta i dag, skal ut igjen i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen for å undervisa frå 8. til 13. klasse. Samtidig vil allmennlærarutdanninga på høgskulane utdanna lærarar som skal undervisa frå 1. til og med 7. klasse.  

Kan spara milliardar om fleire fullfører

Kunnskapsministeren ser dette som ein veg mot ein ungdomsskule der det også blir rom for meir praksis for elevar som er mindre teoriflinke og som heller satsar på ei tradisjonell fagutdanning.  Ho viste til at rundt 70 prosent av elevane som begynner i vidaregåande, vil ha fullført i løpet av fem år.

– Om me klarer å få dei siste 30 prosent til å fullføra også, vil me spara mellom to og tre milliardar kroner i året, slo ho fast. For henne er det difor viktig å få gjennomslag i regjeringa for ei føreskrift som vil setja eit maksimumstak på 20 for kor mange elevar det kan vera i ein klasse.

– Læraren er den viktigaste suksessfaktoren

Ei god integrert lektorutdanning er etter hennar meining heilt sentral i arbeidet med å få heva kvaliteten på den norske skulen.

– Den gode skulen er sett saman av god fagleg kvalitet og gode lærarar. Og den aller viktigaste suksessfaktoren er læraren, presiserte ho.  

I salen heva det seg ei røyst for å slå ring om adjunktutdanninga.

– Om alle må ta ei fem år lang lektorutdanning for å kunna undervisa frå 8. til 13 klassetrinn, vil det føra til at det blir engasjert endå fleire ufaglærte lærarar i den norske skulen, spådde ein av dei frammøtte.

– Slike moglege konsekvensar, er det viktig at de tar med i høyringsfråsegnene dykkar, svara kunnskapsministeren.

– Prestisjeprosjekt

Prorektor Inga Bostad ved Universitetet i Oslo talte varmt for lektorutdanninga.

– Den er eit prestisjeprosjekt for oss. Mange av dei tilsette på UiO legg ned ein enorm innsats for dei ressursane me har til dette, sa Bostad.

Noko ville ho likevel skulle vera som før når det gjeld lærarutdanninga på universiteta.

– Me vil ha Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i framtida også. Mange veit ikkje at dei vil bli lærarar når dei begynner på universitetet, men finn det ut etter kvart. Lektorutdanninga er for dei som har som mål å bli lærar frå dei startar på universitetet. Difor ynskjer me å ha begge desse utdanningsløpa, sa Inga Bostad.  

Prorektoren meinte også at Universitetet i Oslo hadde vist evner til å tenkja nytt.

– Me ynskjer å vera i forkant og difor har me også etablert universitetsskular i Oslo og Akershus. Det styrkjer lektorprogrammet gjennom den praksisen dei får i desse skulane, peika ho på.

Høyringsfristen for den nye rammeplanen for den 5 år lange integrerte lektorutdanninga og den 4 år lange adjunktutdanninga er 30. november 2012.

Emneord: Studentforhold, Universitetspolitikk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2012 22:34 - Sist endret 2. okt. 2012 12:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere