4000 deltok på UiO-festivalen

Rundt 4000 menneske deltok på UiO-festivalen laurdag 13. oktober. Det viser førebelse tal frå Kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Oslo.

TREKKPLASTER: Drammensgruppa Donkeyboy var eitt av trekkplastera på UiO-festivalen laurdag 13. oktober. Dei trekte fullt hus i sirkusteltet.

Foto: Martin Toft

- Det er kjempeflott at så mange tok turen til UiO-festivalen, seier kommunikasjonsdirektør Marina Tofting etter at ho har fått tal på bordet som viser at nærare 4000 personar brukte laurdag ettermiddag til å gå på festival på Blindern.

Barth Eide trekte fullt auditorium

Det best besøkte enkeltarrangementet var truleg foredraget til utanriksminister Espen Barth Eide om europeisk, kulturell, identitet. Heile auditorium 1 i Georg Sverdrups hus var fullsett, og det vil seia at det var rundt 450 personar innanfor dørene.

450: Utanriksminister Espen Barth-Eide trekte fullt auditorium 1, nærare 450 personar under foredraget sitt om europeisk, kulturell identitet.

Tofting synest også det er bra at så mange av deltakarane har fylt ut evalueringsskjemaet. 

- Då har me eit godt utgangspunkt for å vita kva folk synest om festivalen, og det kan me læra av før neste festival, konstaterer ho.

Deler ut blomar til frivillige og tilsette 

Kommunikasjonsdirektøren gir tre hovudgrupper æra for at det gjekk så bra.

- Eg deler ut blomar både til Teknisk avdeling, til foredragshaldarane og til alle dei frivillige. Det var imponerande at dei ville stilla opp og jobba ein laurdag ettermiddag, seier ho svært nøgd. Og sjølv om ho gjerne trekkjer fram det særs godt besøkte foredraget til utanriksminister Espen Barth Eide, er det eit anna arrangement ho er endå gladare for gjekk bra.

- Barneuniversitetet blei så populært at mange ikkje kom inn i teltet. Det er viktig å notera seg med tanke på seinare rekruttering til universitetsstudium, trur ho.

Blant artistane som stilte opp på UiO-festivalen var både Drammensgruppa Donkeyboy og komikaren, sangaren, legen og tidlegare barneombod, Trond Viggo Torgersen.

Emneord: Kultur, Universitetspolitikk Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 15. okt. 2012 14:10 - Sist endra 15. okt. 2012 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere