– UiO skal bli leiande i globalt nærvær og ansvar

– Universitetet i Oslo skal stå fram som eit av dei leiande universiteta i verda både i globalt nærvær og i globalt ansvar. Det er visjonen til universitetsleiinga, kunngjorde UiO-rektor Ole Petter Ottersen i årsfesttalen sin fredag 31. august.

UT AV AULAEN: Universitetsleiinga er på veg ut av Universitetets aula etter at årsfesten 2012 er avslutta.

Foto: Martin Toft

Dei som brukte fredag ettermiddag til å delta på UiOs årsfest fekk eit fyldig program med både utdeling av Universitetet i Oslo sine prisar og ein god dose med både klassisk musikk og jazz. Det var god stemning i Universitetets aula, sjølv om det  hadde vore god plass til fleire.

Samarbeider i nord og sør

Dei som kom fekk høyra rektor Ole Petter Ottersen tala varmt om internasjonalisering og den rolla han meiner UiO bør spela på verdsarenaen. Han peika på samarbeidstiltak både i nord og i sør. – Vårt nye Peder Sather-senter på Berkeley eit eit av fleire tiltak for å sikra nærvær ved leiande universitet i den vestlege verda. Men det internasjonale engasjementet vårt krev også at me er til stades i det globale sør. I sommar var eg i i Tanzania for å fornya samarbeidsavtalen vår med universitetet i Dar Es Salaam. Og eg var i Myanmar for å førebu grunnen for eit utstrekt samarbeid under NORADs nye program NORHED, fortalde han. Ottersen meinte at dette var ei viktig oppgåve for UiO.

– Kan bidra med institusjonsbygging

– Forskings- og utdanningssamarbeid med utviklingsøkonomiar i Asia og Afrika vil også bidra til den kompetansebygginga desse landa så sårt treng. For 200 år sidan begynte UiO å byggja institusjonar i det unge, norske samfunnet. No kan me gjennom forsking og utdanning bidra til å byggja institusjonar i det samansmelta, internasjonale samfunnet, understreka Ottersen. Universitetsrektoren meinte også at forelesingsserien ”Global citizens” skal kunna skapa engasjement for internasjonale spørsmål både blant dei tilsette og studentane.

Engasjerte i klima og helse

Han hadde også lagt merke til at forskarar frå UiO er engasjert i både klima- og helsespørsmål. – Eg er glad for at UiO er aktivt med på dette nivået. Våre forskarar spelar ei aktiv rolle i FNs klimapanel, og forskarar ved Senter for utvikling og miljø og Institutt for helse og samfunn er sentrale i den internasjonale kommisjonen om global helsestyring – Global governance for health- som skal leggja fram rapporten sin for FN i 2013. I tillegg har me sterke miljø som forskar på effekten av internasjonale konvensjonar. Kanskje ser me eit høve til at ”global governance” kan blie nok eit tverrfagleg forskingsområde for UiO?, spurde Ottersen.

Prisdryss

Etterpå blei UiOs store prisar delte ut: Forskingsprisen til astronomiprofessor Mats Carlsson, formidlingsprisen til fagmiljøet i Midtausten- og Nord-Afrika-studiar, læringsmiljøprisen til universitetslektor Cathrine Wahlstrøm Tellefsen ved Fysisk institutt og innovasjonsprisen til professor Truls Norby ved Kjemisk institutt. Heilt til slutt blei Kongens gullmedalje til dei mest lovande ph.d.studentane delt ut. Det var Pauline Isakson frå Det medisinske fakultetet, Mikael Males frå Det humanistiske fakultetet, Geir Moholdt frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Carl Henrik Knutsen frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Emneord: Priser, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2012 18:33 - Sist endra 2. sep. 2012 18:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere