UiO-forskarar stakk av med to av Forskingsrådets prisar

Geologiprofessor Bjørn Jamveit (biletet) fekk prisen for framifrå forsking medan biologiprofessor Nils Chr. Stenseth blei tildelt formidlingsprisen under utdelinga av Forskingsrådets prisar onsdag kveld. Dermed tok UiO-forskarane dei  to gjevaste prisane.

BANEBRYTAREN: Geologiprofessor Bjørn Jamtveit er tildelt Forskingsrådets pris for framifrå forsking for 2012.

Foto: Universitetet i Oslo

Geologiprofessor Bjørn Jamtveit blei altså tildelt prisen for framifrå forsking  under prisutdelinga i går kveld. Han får prisen på 1 million kroner for banebrytande og tverrfagleg forsking innanfor geofysikk og geologi og for å ha bygd opp eit internasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor  det nye forskningsfeltet. I dag leier han SFF-senteret Physics of Geological Processes, som var eitt av dei tre første sentra for framifrå forsking som blei etablert ved Universitetet i Oslo for ti år sidan.

– Ei stor ære

 Bjørn Jamtveit er svært glad for å ha fått Forskingsrådets største pris.

– Å få Forskingsrådets pris for framifrå forsking er ei stor ære både for meg og for forskingsmiljøet som eg er leiar for. Det er forskingsmiljøet som er hovudgrunnen til at eg får denne prisen. Spesielt stolt er eg av dei yngre forskarane på senteret Physics of Geological Processes (PGP) Takka vera dei  og deira djupe og breie kompetanse, har det vore mogleg for meg å kunna setja saman gode forskargrupper både frå geologi og fysikk. Difor er eg kry både av dei, men også av resten av fagmiljøet på senteret vårt, seier Bjørn Jamtveit, som opphavleg kjem frå Heddal i Telemark.  

– Møtt med skepsis

Han vedgår at det har vore tøft å vera den stygge andungen på eit fakultet der det tidlegare ikkje var vanleg å samarbeida på tvers av fag.

– Senteret vårt, PGF blei i byrjinga møtt med stor skepsis fordi me dreiv med tverrfagleg forsking. Det var til tider hardt å forsvara at me tok stor plass og fekk mykje ressursar. Med denne prisen og med dei forskingsfunna me har gjort, har me plassert Universitetet i Oslo og PGP på forskingskartet. 

Bjørn Jamtveit trekkjer også fram forskinga fagmiljøet har gjort.

– Me har gjort noko heilt nytt i den naturfaglege forskinga som ikkje var der frå før, altså den tverrfaglege biten.

– Og kva skal du bruka 1 million kroner til?

– Dei skal eg setja på sparegrisen og bruka dei når dei økonomiske tidene blir dårlegare. Tida som senter for framifrå forsking går ut 1. februar 2013, fortel Bjørn Jamtveit.

Framifrå formidlar

Biologiprofessor Nils Chr.Stenseth ved UiO er tildelt Forskingsrådets formidlingspris. I grunngjevinga heiter det mellom anna at han gjennom heile forskerkarrieren sin har  vore ein svært aktiv formidlar av forskinga si og vore medviten på bruken av mange formidlingskanalar. Juryen understrekar også evnene hans til å forklara komplekse problem på ein forenkla, men lett forståeleg måte. Stenseth er svært glad for å få prisen.

– Det er veldig hyggeleg. Eg har store ambisjonar både som forskar og som formidlar av forskingsresultat til mine kollegaer. Dessutan har eg store ambisjonar når det gjeld å formidla kva som skjer innanfor mitt forskingsfelt til folk flest, seier Stenseth til Uniforum.

Nils Chr. Stenseth er også preses i Det Norske Vitskapsakademiet. Sjølv meiner han at formidlingsverksemda hans kan delast inn i to hovudgrupper:

– Det handlar om formidling av det eg jobbar med, men også om formidling av forskingspolitikk der eg kan peika på kor viktig forskinga er for samfunnet.

– Hyggeleg

– Blei du overraska då du fekk vita at du hadde fått prisen?

– Det var ei svært hyggeleg oppleving å få vita det. Å vera både forskar og formidlar tar mykje tid.  Og jobben som senterleiar ved senteret for framifrå forsking, Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) gir meg høve til å arbeida med store prosjekt, som sjølvsagt tar mykje av tida mi.

Prisen er på 250 000 kroner.

– Kva vil du bruka prispengane til?

– Det veit eg ikkje enno, men eg vil gjerne bruka dei til noko som har å gjera med formidling.



(Oppdatert 20.09.2012 kl. 11.25)

Emneord: Priser, Forskningsformidling, Realfag Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2012 23:18 - Sist endra 20. sep. 2012 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere