Spent på evalueringa av Forskingsrådet

Forskingsrådet får førstkomande måndag dommen over arbeidet det gjer. Då legg konsulentselskapet Technopolis fram resultata frå evalueringa av rådet. Adm.dir. Arvid Hallén er svært spent.

FRYKTAR IKKJE DOM: – Nei, eg føler me har vore inne i ei god utvikling sidan den førre evalueringa og gjort mange forbetringar, seier adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet tre dagar før den nye evalueringa blir presentert.

Foto: Ola Sæther

Måndag 10. september klokka 12.00 presenterer det internasjonale selskapet Technopolis dei endelege resultata av evalueringa av Noregs forskingsråd. Det er første gongen sidan 2002 at Forskingsrådet blir evaluert, og også den gongen var det Technopolis som gjennomførte evalueringa. – Det er eit privilegium å bli kika i korta av folk som kan dette gamet, og som har utført liknande oppgåver i mange land, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet til Uniforum. Han har vore toppsjef sidan 2004, og sidan den førre evalueringa har Forskingsrådet sjølv stått bak rundt 90 evalueringar av dei fleste fagområde i Noreg.

– I ei god utvikling

Hallén fryktar ikkje resultata av evalueringa.

– Nei, eg føler me har vore inne i ei god utvikling sidan den førre evalueringa og gjort mange forbetringar. Men eg er sjølvsagt svært spent på analysen dei har gjort av arbeidet me har utført, seier Forskingsrådsdirektøren. Etter den førre evalueringa i 2002 blei Forskingsrådet omorganisert mellom anna for å kunna ta seg endå betre av oppgåvene for grunnforskinga og den innovasjonsretta forskinga.

– Eg meiner den organiseringa har fungert godt og for to år sidan utvikla me den vidare, då me gjekk frå tre til fire fagdivisjonar.

– Kan bli betre

– Kva kan Forskingsrådet bli betre på?

– Me må bli endå betre på internasjonalisering, og me arbeider for å styrkja kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken, slik at satsingane våre kan bli endå meir treffsikre.

– Og kva meiner de at de er gode på?

– Tidlegare evalueringar har allereie slått fast at ordninga med etableringa av senter for framifrå forsking (SFF) var eit godt grep. Me har arbeidd for å få til godt samspel og dermed gevinstar av at me har eit breitt ansvar for Forskings-Noreg, og me har gjort mykje for å styrkja kunnskapsgrunnlaget i dei strategiske analysane før me set i gang nye forskingsprogram og forskingstiltak, seier Hallén.

– Kvalitetskontroll

 Fakta om Forskingsrådet:

Budsjett 2012: 7,433 milliardar kroner. Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er dei største finansieringskjeldene og står samla bakom nærmare halvparten av Forskingsrådets finansielle midlar.

Administrerande direktør: Arvid Hallén

Fem divisjonar: Vitskap; Samfunn og helse; Energi, ressursar og miljø; Innovasjon, og Administrasjon.

Tilsette: 400

Aktuelt: Den første evalueringa av Forskingsrådet sidan 2002 blir lagt fram av Kunnskapsdepartementet måndag 10. september.

(Kjelde: Forskingsrådet sine nettsider)

 

 

Evalueringa av Noregs forskingsråd blir samtidig også eit bilete på korleis det står til med norsk forsking på generelt grunnlag.

– No får me også nye analysar av utviklinga av norsk forsking og korleis norsk forsking gjer det i høve til forsking i andre land. Det blir ein kvalitetskontroll av norsk forsking, understrekar han.

Nokre universitetsrektorar har tatt til orde for at universiteta bør få meir ansvar for forskingspengane, medan Forskingsrådet må få redusert løyvingane sine tilsvarande. Både universiteta og høgskulane har kritisert Forskingsrådet for å vera for opptatt av forskingsprogramma og ikkje ta omsyn til den frie, nyfiknedrivne forskinga.

– Har prioritert fri prosjektstøtte

– Dei siste åra har me prioritert auka løyvingar til fri prosjektstøtte. Analysen i evalueringa vil vera med på å avgjera om me skal halda fram på den same måten som i dag. Det me så langt har diskutert, er om me skal satsa meir på å støtta yngre forskarar enn det me har gjort tidlegare, avslører han.

No ser han fram til å lesa evalueringsrapporten med dommen over Forskingsrådet.

– Det eg håpar og trur, er at evalueringa gir eit godt grunnlag og vil vera interessant å lesa, slik at me kan henta rettleiing og inspirasjon frå innhaldet i rapporten. Då kan me utvikla Forskingsrådet til eit endå betre instrument for norsk forsking, trur han.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2012 16:08 - Sist endra 6. sep. 2012 16:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere