Ser ei framtid utan mikroprosessor

Relativitetsteorien til Albert Einstein blir no tatt i bruk for å utvikla datateknologi som ikkje lenger vil ha behov for mikroprosessor. Det er selskapet Tabula og grunnleggjaren Steve Teig som står bak nyvinninga.

SPÅR MIKROPROSESSOREN SIN ENDELIKT: Forskar og oppfinnar Steve Teig spår at mikroprosessoren snart blir erstatta av billegare og betre teknologi.

Foto: Martin Toft

– Om nokre få år vil vår nyvinning ha erstatta microchipen i alle datamaskinar. Den vil vera mindre energikrevjande enn dagens mikroprosessorar og det vil bli lettare å utvikla ny datateknologi på grunnlag av vår oppfinning, fortel forskar og grunnleggjar av selskapet Tabula, Steve Teig.

Dyr og energikrevjande

Det var på den internasjonale konferansen om FPGA-teknologi (Field Programmable Gate Arrays) på Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo før helga, Steve Teig kunngjorde teorien bak nyvinninga. FPGA er teknologien som står bak kodinga og programmeringa av ein mikroprosessor og bestemmer om den skal styra ein CD-spelar eller instrumenta i ein bil. I dag er denne teknologien både dyr og svært energikrevjande.

Einsteins relativitetsteori inn i datateknologien

Steve Teig trur likevel han og selskapet hans Tabula har utvikla ein metode som gjer det mogleg å erstatta mikroprosessoren. – Denne metoden byggjer på Albert Einsteins relativitetsteknologi, og om nokre år vil den ta heilt over for mikrochipen, seier Steve Teig. Han har sjølv verdsrekorden i kor mange oppfinningar ein person har søkt om patent på i løpet av eitt år.

– Eg fann ut i Wikipedia at Thomas Alva Edison hadde rekorden med å få søkt og få godkjent 106 patent i løpet av eitt år. Den skal eg klara å slå, tenkte eg og søkte og fekk patent på 126 oppfinningar i 2002, smiler Steve Teig. Til saman har han over 250 patent. På grunnlag av patenta har han grunnlagt fem ulike selskap, to bioteknologiselskap, to teknologiselskap og eit datautviklingsselskap, Tabula. 

– Blir utkonkurrert

– Målet mitt er å gjera datateknologien endå betre og mindre ressurskrevjande enn i dag. Difor er denne konferansen eit gyllent høve til å fortelja dei fremste europeiske forskarane i datateknologi om nyvinninga vår som altså har ein teknologi som byggjer på Albert Einsteins relativitetsteori, seier Teig. For han er mikrochipen sine dagar snart talde.

– Den vil bli utkonkurrert av den nye metoden som Tabula har utvikla. Resultatet vil bli ein endå betre og mindre ressurskrevjande datateknologi, seier Steve Teig til Uniforum.  

I fjor blei Steve Teig tildelt den prestisjetunge prisen World Technology Award. Og selskapet hans Tabula har sjølvsagt hovudkvarter i Silicon Valley i California.

 

Emneord: Internasjonalisering, Informatikk, Realfag Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2012 22:44 - Sist endra 9. sep. 2012 12:56

Det var vel heller mikroprosessoren enn mikrochipens død han spådde...

-Yngve

 

Yngve Hafting - 5. sep. 2012 16:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere