UiO-rektor Ole Petter Ottersen seier ja til attval

 – Ja! Det er det klare svaret frå rektor Ole Petter Ottersen når Uniforum spør om han stiller til attval som rektor i 2013.

VIL HALDA FRAM:  Ole Petter Ottersen stiller til attval som rektor ved UiO: – Når me ser tilbake på valprogrammet, så har me vel kome i hamn med det meste.

Foto: Ola Sæther

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen blei vald til rektor for Universitetet i Oslo i april 2009. Våren 2013 vil rektorperioden vera over og det skal haldast nytt rektorval for fire nye år.

– Vil du stilla opp til attval, rektor Ole Petter Ottersen?

– Ja!

– Kvifor?

– Det har vore fire spennande år. Eg føler at rektorlaget har fått gjort mykje, men fire år er kort tid, og me har sett i gang mange ting som me no ynskjer å fylgja opp, fortel Ottersen til Uniforum.

– Kva trur du at du vil klara å få til i ein ny rektorperiode som du ikkje har klart å bli ferdig med i denne rektorperioden?

– Me har fått laga ein langsiktig, strategisk plan, etter over hundre innspel frå alle delar av organisasjonen. Denne planen har høge ambisjonar og målsetjingar, og det er desse eg ynskjer at me skal kunna fylgja opp i neste fireårsperiode. Eit meir detaljert program skal me utarbeida seinare i haust.

– Ein utruleg gjevande jobb

Ole Petter Ottersen tok til i vervet som rektor ved UiO 1. august 2009. Han synest at det har vore ein svært interessant jobb og kan ikkje trekkja fram ein enkelt ting som han likar best, men mange ting.

– Det er ein utruleg gjevande jobb, og eg har gleda av å vera del av eit godt arbeidslag. Universitetet i Oslo må jo vera ein av landets mest interessante arbeidsplassar. Her er det fagleg breidd og fagleg engasjement så det held! Eg er også stolt av den kompetansen som finst blant UiOs teknisk/administrativt tilsette. Universitetet har samtidig eit potensial for å bli endå meir synleg internasjonalt. Det er også ei utfordring å få gjennomslag for ei endå sterkare satsing på grunnforsking i Noreg. Me har sett ei betring i budsjettrammene dei siste åra, men det er meir igjen å gjera. Eg føler meg også privilegert ved å ha tett kontakt med studentane, ikkje minst gjennom arbeidet med studiekvalitet. Den nye førelesingsserien "Global citizen" engasjerer studentane og er ei spennande nyskaping som eg gjerne vil vera med på å fylgja opp.

– Kva har du likt minst ved rektorjobben?

– Universitetet i Oslo er på storleik med Tønsberg by, så det er klart det dukkar opp vanskelege saker med jamne mellomrom. Men då gjeld det å minna oss sjølve om at kvar krise også er ei moglegheit - ei moglegheit til å bli endå betre!

– Kva er du mest nøgd med å ha fått til i denne rektorperioden?

– Andre får dømma om kva me har fått til. Når me ser tilbake på valprogrammet, så har me vel kome i hamn med det meste. Den strategiske planen er me svært nøgde med, og me føler den har stor legitimitet i organisasjonen.

– Har kontakt med fagmiljøet

– Korleis har det vore å vera rektor i høve til å vera ein hjerneforskar i stjerneklassen, og kva vil skje med den akademiske karrieren din om du blir attvald som rektor og du vil ha vore borte frå forskarjobben din i åtte år?

– Eg har halde god kontakt med fagmiljøet, som har halde døra open for meg trass i at eg ikkje har vore så mykje til stades. Eg har fått lov til å bidra til fleire prosjekt. Dette er viktig for meg. Som vald leiar skal eg tilbake til forskinga, og då kan eg ikkje vera borte frå den i åtte år!

– Før du blei vald til rektor, hadde du snakka med tidlegare rektorar for å finna ut kor mykje arbeid det ville innebera å vera rektor?

– Ja, eg gjekk til jobben med opne auge!

– Trivst i debattar

– Korleis er du nøgd med mediedekninga av det som skjer på UiO og korleis likar du å delta i debattar i media?

– I valprogrammet lova me å vera synlege i media, og eg trur me i rektorlaget har klart dette. Det er ikkje grunn til å leggja skjul på at eg trivst i debattar.

– Korleis er du nøgd med forskingspolitikken og politikken for høgare utdanning til dagens regjering?

– Eg har vel sagt i mange samanhengar at verdas mest ressurssterke land fortener verdas beste universitet! Dette er ei spissformulering, men fortel vel at det etter mi meining bør satsast meir på forsking og utdanning i Noreg. Dei tala som nettopp kom frå NIFU, viser at me ligg etter dei andre nordiske landa i satsinga på forsking. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at me skal halda fram slik.

– Kva har du måtta forsaka som rektor? Me ser at kona di ofte er på arrangement der du er til stades. Får de tid til å møta kvarandre elles også?

– Ja, visst er livet hektisk, men det let seg fullt ut kombinera med eit godt familieliv! At det skulle bli lange arbeidsdagar kom knapt som eit sjokk.

– Og korleis reknar du med at sjansane dine vil vera for å bli attvald som rektor?

– Veljarane må avgjera!

– Vil du stilla opp med same mannskap som i dag?

Dette vil eg koma tilbake til.

– Reknar du med at det vil koma motkandidatar?

– Det har eg inga meining om.

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2012 14:55 - Sist endra 20. mars 2013 10:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere