Ein skuledag på Forskingstorget

Elevar frå fleire Oslo-skular fekk oppleva ein skuledag på Forskingstorget. Alle andre kan ta turen til Universitetsplassen i morgon.

GRAFITTIKUNST: Denne jenta fra Røa gjekk rett bort og stilte seg framfor grafittimåleriet med teksten "We love Grorud."

Foto: Ola Sæther

Grafittimaling med teksten «We love Grorud» trekte mange forvitne elevar og lærarar til Samfunnshuset på Forskingstorget på Universitetsplassen i dag. Der er alle institutta ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo samla.

BOKSTAVLEIK: Denne guten var svært konsentrert om å få plassert bokstavane på rett plass på standen til Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO.  (Foto: Ola Sæther)

Frå Universitetet i Oslo deltar også Biologisk institutt, Institutt for molekylær biovitskap, Naturhistorisk museum, Senter for utvikling og miljø, Institutt for lingvistiske og nordiske studium og Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk. Dessutan er både Det odontologiske fakultetet og Det utdanningsvitskaplege fakultetet på plass.Det er også det tverrfaglege forskingsprosjektet Kultrans. I Samfunnshuset kan folk også testa kunnskapane sine om EU og oppleva korleis det er å bu i blokk rundt i verda, mellom anna i Cubas hovudstad, Havanna.

MORO MED FIGURAR: I utstillinga til Teknisk museum hadde skuleelevane det morosamt med mange figurar som dei kunne laga sjølve. (Foto: Ola Sæther)

Til saman er 40 forskingsinstitutt- og institusjonar på Universitetsplassen for å visa fram det dei held på med, og samtidig prøva å få vekt interessa for forsking hos den yngre generasjonen. I dag er Forskingstorget ope til klokka 16.00, medan det i morgon opnar klokka 10.00 og er ope fram til klokka 17.00. 

 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2012 14:14 - Sist endra 21. sep. 2012 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere