UiO-professor skal arbeida mot vilkårleg fengsling

UiO-professor og jurist Mads Andenæs er på nytt utnemnd av FNs menneskerettsråd til medlem i arbeidsgruppa som granskar vilkårleg fengsling. Han vil dermed få ein ny treårsperiode i gruppa.

UTNEMND PÅ NYTT: Jussprofessor Mads Andenæs er på nytt utnemnd til medlem i FNs menneskerettsråds arbeidsgruppe mot vilkårleg fengsling.

Foto: Martin Toft

Mads Andenæs er professor i privatrett ved Universitetet i Oslo og tidlegare direktør ved Norsk senter for menneskerettar, UiO. Arbeidsgruppa han er utnemnd til medlem av, utfører undersøkingar i land der det kan ha skjedd vilkårlege fengslingar i strid med standardane i Menneskerettserklæringa og menneskerettskonvensjonane som det aktuelle landet har akseptert.

Arbeidsgruppa sitt mandat omfattar også å driva undersøkingar av korleis den administrative forvaringa av asylsøkjarar og immigrantar skjer i ulike land. FNs menneskerettsråd gav nyleg gruppa i oppdrag å førebu retningslinjer for prosedyrar som skal syta for at alle som blir arresterte, skal få fremja si sak for retten.

Krigen mot terror

– Krigen mot terror har til fulle eksponert kor langt land som trekkjer fram sine eigne høge menneskerettsstandardar, er villige til å gå for å bryta dei internasjonale menneskerettane når det gjeld bruk av tortur og vilkårleg fengsling, sa Mads Andenæs, då han blei utnemnd til ein ny treårsperiode i gruppa. Han viste også til andre store utfordringar på det kriminalpolitiske området.

Behandling av immigrantar og barn

– Arrestasjonar av folk utan å bringa dei for retten, isolasjon og fengselsforhold er utfordringar for alle land, og det er også spørsmålet om korleis land behandlar immigrantar og problemet med barn i fengsel, understreka han.  

To UiO-forskarar med i FN-komitear

Med oppnemninga av Mads Andenæs for ein ny treårsperiode i arbeidsgruppa til FNs menneskerettsråd som granskar vilkårleg fengsling, har UiO to av sine forskarar med i viktige FN-komitear. I 2009 blei førsteamanuensis Nora Sveaass ved Psykologisk institutt utnemnd for andre gong til ein fireårsperiode som medlem i FN-komiteen mot tortur.  

Emneord: Menneskerettar, Jus, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 29. aug. 2012 14:36 - Sist endra 29. aug. 2012 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere