- Den arabiske våren overraska ikkje oss

– Den arabiske våren førte til at alle ville intervjua oss. Det seier formidlingsprisvinnarane Kai Kverme, Gunvor Mejdell  og Bjørn Olav Utvik på Senter for islam- og Midtausten-studiar.

VIKTIGAST: – Den viktigaste formidlinga me driv med, er den undervisninga me gir til studentane våre, seier formidlingsprisvinnarane Kai Kverme, Bjørn Olav Utvik, og Gunvor Mejdell  ved Senter for islam- og Midtausten-studiar på Det humanistiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

– Eg har budd fleire år i Libanon, eit land som har vore okkupert av Syria i fleire år. Media tar sjølv kontakt og nokre gonger vert ein tilrådd av kollegaer. Det vitskaplege arbeidet på Syria som min tidlegare rettleiar Kjetil Selvik har gjort, har vore svært viktig, og også høvet til å diskutera utviklinga med han og andre forskarkollegaer har vore fantastisk og gjort det ukomplisert å vera i media, synest prosjektkoordinator Kai Kverme.

– Ein sann revolusjon

Mange har påstått at Den arabiske våren ikkje er eit folkeleg opprør for demokrati, men eigentleg er ein kamp om hegemoniet i Midtausten mellom det shia-islamske regimet i Iran og sunni-islamske regimet i Saudi-Arabia.

– Det er eg heilt ueinig i. Den arabiske våren blei starta av vanlege folk frå alle klassar i Tunisia som hadde sett seg leie på audmjukinga, undertrykkinga og den utstrekte korrupsjonen frå dei som hadde makta i landet. Og då egyptarane såg at folk i Tunisia klarte å velta eit udemokratisk regime, vart dei overtydde om at dei ville klara å gjera det same. Det var ein sann revolusjon frå grasrota mot alle dei som hadde hatt makta og undertrykt dei store folkemassane, understrekar Kai Kverme.

Professor i Midtaustenstudiar Bjørn Olav Utvik nikkar og legg til:

– Me som har budd i Egypt og andre arabiske land over lang tid, er ikkje overraska over at folk til slutt gjorde opprør. Faktisk hadde me venta det i mange år, slår han fast.

Arabiskprofessor Gunvor Mejdell trekkjer fram at dei som forskarar kan sjå Den arabiske våren i eit langt lengre perspektiv enn det mange journalistar gjer.

– Dei som arbeider her, har forska på politikk, historie og religion i Midtausten. Når det gjeld Egypt, kan me visa til at det også var fleire opprør der mot det britiske kolonistyret frå 1920 og fram til frigjeringa. Dessutan blei det bygd opp eit stort institusjonelt apparat i Egypt både før og etter frigjeringa frå Storbritannia, peikar ho på.

For Utvik er det viktig å visa at det i Egypt finst mange ulike politiske retningar. – Du finn både sekulære, islamske og sosialistiske egyptarar, ja til og med tilhengjarar av både Hosni Mubarak og Gamal Abdel Nasser, poengterer han.

Kai Kverme synest at Den arabiske våren i det store og det heile har vore positiv.

– Det har vore heilt fantastisk det som har skjedd. Både i Tunisia og Egypt har utviklinga i hovudsak gått bra. Det som er mest overraskande, er den positive utviklinga i Libya trass i ein kortvarig krig og ei avretting utan lov og dom av den tidlegare diktatoren Moammar Gadaffi. Dei har jo klart å halda eit nasjonalt parlamentsval som har fått eit svært godt skussmål av dei internasjonale valobservatørane. Så står det igjen å sjå kva som skjer i Syria. Også der begynte det som fredelege demonstrasjonar mot ein brutal diktator, medan det no er blitt ein blodig borgarkrig, konstaterer han. Mejdell og Utvik har også lagt merke til at andre makter i regionen ynskjer å utnytta uroa i desse landa.

– Mange av dei styrande i land som Iran og Saudi-Arabia fryktar for sin eigen maktbase, og prøver å blanda seg inn i dei konfliktane som går føre seg akkurat no, har dei registrert.

– Ingen vits i forsking som støvar bort

Alle dei tre er svært opptekne av formidling.

– For oss er det viktig å få formidla både det som me forskar på og det me har kunnskap om når det gjeld utviklinga i Midtausten. Om dei funna me gjer, berre ligg i ei skuff og støvar bort utan at nokon får vita om dei, fell jo vitsen med ein stor del av forskinga vår bort, meiner Utvik. Etter hans meining er det feil av ein forskar å stilla for strenge krav overfor media.

– Ein forskar kan ikkje klaga på manglande medieinteresse når han eller ho nektar å stilla opp i media så lenge dei ikkje får halda på i ein halv time. Det er viktig å kunna svara på eitt eller to spørsmål i Dagsrevyen også. Då blir utfordringa vår korleis me kan seia noko som me veit, på ein lett og forståeleg måte og som det samtidig er vitskapleg grunnlag for, seier han.  

Det hender at dei også får formidla ein del av eiga forsking.

– Ja, kvar gong me har gitt ut ei bok om Midtausten, får me også litt mediedekning av det. Elles blir det mykje kommentering, men me meiner at med vår kunnskap kan me gi folk ei endå betre innsikt i det som skjer i regionen, seier Utvik.

– Når opinionen i Noreg har snudd i synet på konflikten mellom Palestina og Israel, tar me også ein del av æra for det, legg dei til. Alle tre er svært opptekne av kor viktig fagmiljøet i Midtaustenforsking har vore for kunnskapen om Midtausten i Noreg.

– Undervisninga er den viktigaste formidlinga

– Den viktigaste formidlinga me driv med, er den undervisninga me gir til studentane våre. Nokre av dei blir verande og blir forskarar, medan andre får seg relevante jobbar utanfor universitetet. Så dei aller fleste i Noreg som er ekspertar på Midtausten, har vore studentar hos oss, seier dei stolte.

– Dessutan var det studentar som starta tidsskriftet «Babylon» som no er blitt eit vitskapleg tidsskrift på nivå 1. Grunnen er at me snakkar saman, diskuterer idear på tvers av faggrenser. Ved senteret har me både sosialantropologar, religionsvitarar, statsvitarar, litteraturvitarar og språkforskarar. Det gjer at me dekkjer eit vidt spekter av fagkunnskap om Midtausten, peikar Kai Kverme på.

Gunvor Mejdell slår gjerne eit slag for språkkunnskapen på senteret.

– Ein avgjerande styrkje ved fagmiljøet er den språklege kompetansen som gjer at forskarane har tilgang til kjelder på originalspråket, anten det er arabisk, hebraisk, persisk eller tyrkisk, understrekar Gunvor Mejdell.

– Den islamske sivilisasjonen har tre kulturelle beresøyler, nemleg arabisk, persisk og tyrkisk. Når det no ikkje blei tilsett nokon ny person i den einaste persiskstillinga ved instituttet, trass i kvalifiserte søkjarar, fryktar fagmiljøet at denne eine søyla vil falla bort frå forsking og undervisning, seier ho.

Formidlingsprisvinnarane får 250 000 kroner i pengegåve til senteret.

– Dei skal me bruka til å skipa til seminar om Den arabiske våren og invitera gjesteforskarar hit, fortel dei. Til no har dei enno ikkje fått tid til å feira prisen.

– Nokre av oss er inviterte til middag på Continental etter prisutdelinga i Georg Sverdrups hus 31. august. Seinare på hausten skal alle på senteret feira med ein skikkeleg gangfest.

 

 

 

Emneord: Priser, Midtøsten, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2012 16:34 - Sist endra 28. aug. 2012 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere