Apekvinna Julia Pastrana skal gravleggjast i Mexico

152 år etter at ho døydde i Moskva, kan apekvinna Julia Pastrana venda tilbake til heimlandet Mexico for å bli gravlagd der. Det har Universitetet i Oslo no avgjort. 

SKAL GRAVLEGGJAST I MEXICO: Apekvinna Julia Pastrana (1834-1860)  skal sendast tilbake til Mexico og gravleggjast der. Det har Universitetet i Oslo bestemt. Det skjer 152 år etter at ho døydde i Moskva.

Det er i eit brev frå Universitetet i Oslo til Kunnskapsdepartementet det går fram at UiO-leiinga har bestemt at dama som blei berømt som apekvinna, skal sendast tilbake til Mexico og gravleggjast i delstaten Sinaloa i Nord-Mexico. Brevet, som Uniforum har ein kopi av, er underskrive av assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen og forskingsdirektør Bjørn Haugstad. Dermed fylgjer UiO tilrådinga frå Nasjonalt utval for forsking på menneskelege leivningar, som tidlegare i sommar kom med ein eigen uttale om saka.

Liket av apekvinna Julia Pastrana har truleg hatt tilhaldsstad på Universitetet i Oslo sidan slutten av 1970-talet, først på Rettsmedisinsk institutt og frå 1997 på Institutt for medisinske basalfag. Før ho kom til UiO, blei ho vist fram på sirkus og tivoli både før og etter at ho døydde i 1860.

Julia Pastrana blei fødd i Sinaloa i Mexico i 1834. Ho blei fødd med sjukdomen hypertrichosis, som gjorde at ho hadde sterk hårvekst både i ansiktet og på resten av kroppen, ein overdimensjonert kjeve og andre kroppslege særtrekk. Det gjorde henne interessant for folk som var ute etter å tena pengar på å visa henne fram.

Gifta seg med impresarioen

I 1854 blei ho med ein amerikansk impresario til USA. To år seinare møtte ho Theodore Lent som ikkje berre blei hennar nye impresario, men også gifta seg med henne. Saman drog dei på turné til USA, Europa og Russland. Julia Pastrana skulle trekkja til seg publikum som ynskte å sjå apekvinna syngja og dansa. Fleire gonger blei ho undersøkt og skildra av forskarar. Mellom dei som møtte henne, var Charles Darwin, som ho faktisk imponerte. I 1860 døydde ho, få dagar etter at ho hadde fødd ein son, som hadde den same sjukdomen som henne. Også sonen døydde like etter fødselen.

Kjøpt av norsk tivolieigar

Theodore Lent selde først liket av kona og sonen til Moskva-universitetet, før han kjøpte dei tilbake og heldt fram med turneen sin. Seinare gifta han seg med Marie Bartel, som hadde ein liknande sjukdom som Julia Pastrana. Då Theodore Lent døydde, selde Marie Bartel leivningane av Julia Pastrana og sonen hennar. I 1921 blei dei kjøpt av den norske tivolieigaren Haakon Lund. Heilt fram til 1950-talet blei dei vist fram på Lunds Tivoli. Då tivoliet ynskte å gjenta suksessen på 1970-talet, kom det kraftige reaksjonar i avisene. Til slutt blei lika av dei to plasserte på eit lager i Groruddalen i Oslo.

Hamna på Rettsmedisinsk institutt

Under eit innbrot på lageret blei den eine  armen hennar øydelagd, og Politiet tok med seg resten av liket hennar, medan liket av sonen truleg var heilt øydelagt. Ei stund seinare hamna liket av Julia Pastrana hos Rettsmedisinsk institutt ved UiO. Og det var bladet «Kriminaljournalen» som avslørte dette i 1990.

I 1994 bestemte Kollegiet ved UiO at liket av Julia Pastrana måtte bli gravlagt etter at naudsynte DNA-prøvar var blitt tatt av henne. Det dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet påla derimot UiO  i 1997 å ta vare på leivningane etter Julia Pastrana på ein verdig måte og lata dei vera tilgjengelege for forsking. Då blei ho flytta til betre lagringsforhold ved Institutt for medisinske basalfag. Sidan den gongen er det ikkje blitt utført noka forsking på leivningane etter Julia Pastrana, og det fekk ein journalist frå den meksikanske avisa Reforma stadfesta av UiO i 2012. 

Skal gravleggjast i Mexico

Universitetet i Oslo presenterte saka for Nasjonalt utval for forsking på menneskelege leivningar i februar, og 4. juni i år, rådde utvalet til at Julia Pastrana skulle bli gravlagd i Mexico og at vitskaplege prøvar skulle bli tatt av henne og bli gjort kjende i forskingsmiljøa.  Den 13. juni fylgde UiO-leiinga tilrådinga og gjorde det klart at det ikkje lenger var noko grunnlag for å oppretthalda departementet si avgjerd frå 1997 om å ta vare på leivningane etter Julia Pastrana. Ho vil difor bli gravlagt så fort som det er tatt vitskaplege prøvar av henne.

Uklart når flytting kan skje

No er det instituttleiar Jan G. Bjålie ved Institutt for medisinske basalfag som har fått delegert ansvaret for Julia Pastrana, og som i samråd med meksikanske styresmakter skal finna ut når ho kan flyttast frå Universitetet i Oslo for å kunna bli gravlagd i delstaten Sinaloa i Mexico. 

– Eg har vore i kontakt med ambassadør Martha Bárcena Coqui ved Den meksikanske ambassaden i København, men eg har enno ikkje fått eit klart svar på når flyttinga av Julia Pastrana kan skje, seier Bjålie til Uniforum. 

– Inga hastesak

Området som Julia Pastrana kjem ifrå, ligg i Nord-Mexico, i eitt av dei områda der mafiakrigen er hardast og mest brutal.

– Det kan sjølvsagt vera ein av grunnane til at Den meksikanske ambassaden ikkje ser dette som ei hastesak akkurat no, trur Bjålie.  

Han synest både norske styresmakter og Universitetet i Oslo har behandla denne saka på ein god måte.

– Eg har inntrykk av at meksikanske styresmakter synest at UiO har tatt godt vare på leivningane etter Julia Pastrana.

– Kva vil skje med Julia Pastrana før ho blir ført tilbake til heimlandet?

– Det vil bli tatt DNA-prøvar av henne, som også vil bli stilte til disposisjon for meksikanske forskingsmiljø. 

– Og når kjem ho til å bli send tilbake til Mexico for å bli gravlagd?

– Det er enno ikkje avgjort. Når me har vore i kontakt med ambassaden på nytt, kan me svara på det spørsmålet.

Institutt for medisinske basalfag er no i ferd med å laga ei eiga nettside med all tilgjengeleg informasjon om Julia Pastrana både før og etter at ho døydde.  

Julia Pastranas liv er også skildra i filmen «The Ape Woman» frå 1964, regissert av Marco Ferreri og i ein song av den norske artisten John Erik Kaada frå 2006.

Les også tidlegare Uniforum-artiklar om Julia Pastrana:

Julia Pastrana hviler i fred

Julia Pastranas skjebne fortsatt uviss

(Kjelder: Nasjonalt utval for forsking på menneskelege leivningar, Universitetet i Oslo, Jan G. Bjålie, Uniforum og Wikipedia)

 

Emneord: Latin-Amerika, Medisin, Etikk, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 2. aug. 2012 10:52 - Sist endra 2. aug. 2012 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere